Utdanning

Kva måler PISA eigentleg?

Fredrik Jensen frå Universitetet i Oslo og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) då dei la fram resultata i PISA-undersøkinga for 2022.
Publisert Sist oppdatert

Utdanningsforbundet sin leiar Geir Røsvoll seier i Klassekampen 1. oktober at lærarorganisasjonen er «kritiske til PISA og hvordan det brukes». Den nyslåtte doktoren i utdanningsvitskap Simon Malkenes ser PISA som ein sentral del av ei feilslått OECD-inspirert styring av den norske skulen. Men kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun vil behalde PISA fordi undersøkinga gir «viktig informasjon om det faglige nivået hos norske elever.» 

Gjer PISA det?

Den norske skulen som har utvikla seg dei siste 20 åra, er sterkt prega av styringssystemet som vaks fram med Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i skulen (NKVS) frå 2004. 

Psykometriske målingar og undersøkingar som nasjonale prøver, kartleggingsprøver, skulebidragsindikatorar, elevundersøkingar og internasjonale undersøkingar som PISA, TIMSS, PIRLS og ICCS utgjer saman med eksamen ryggrada i NKVS. 

Systemet har vakse til eit stort og sprikande batteri av over 30 resultatindikatorar som no årleg kostar minst 2,6 milliardar kroner å drifte.

Med dette er lærarane blitt underlagde eit byråkratisk styringsregime som tek frå dei mykje av den tradisjonelt store profesjonelle autonomien. Mange lærarar opplever testane som kontrollorienterte tidstjuvar i ein hektisk skulekvardag. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement