JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ein defekt nordmann

Are Kalvø ville skrive ei hyllest til det å vere saman med folk. Resultatet vart ei småirritert Hyttebok frå helvete om norsk friluftsentusiasme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
sitatbilete

sitatbilete

Foto: Mone Celin Skrede

sitatbilete

sitatbilete

Foto: Mone Celin Skrede

6403
20180928

Bakgrunn:

Are Kalvø er fødd i 1969 på Stranda i Møre og Romsdal.

Han er gift med Elisabeth Reiersen, som går under namnet «dokumentasjonsansvarleg» i boka.

Han starta som satirikar i radio og debuterte som forfattar i 1995.

Hyttebok frå helvete er den 12. boka hans.

Litteratur

mone@dagogtid.no

For eit år sidan, på denne tida, gjekk Are Kalvø sin første fjelltur på 30 år. Han balanserte på brukte snusposar, med kneskade, over Besseggen på fire og ein halv time i tåke. No sit han på ein kafé ikkje så langt frå kontoret sitt, i Noregs største by, med kaffi i pappkopp og raude bysko, og er klar for bokturné.

– Eg er ein defekt nordmann. Kanskje til og med ein defekt mann. Det er noko maskulint over friluftskulturen. Ein skal ta fjelltoppar. Men eg er nøgd med at eg ikkje er særskilt maskulin, og hadde ein tanke om å lage ei hyllest til det å vere i lag med folk. For eg er glad i folk. Eg ville òg finne ei motvekt til hyllesta av langsam tid, og å vere heilt åleine i naturen, og sleppe å gå i kø – for eit ekte friluftsmenneske skal ikkje gå på det populære fjellet, men på fjellet ved sida av, for seg sjølv, og vere «#fri». Eg trur at å søkje seg til naturen er ein måte å distansere seg på, og eg har nytta det siste halvanna året på å prøve å forstå dette. Dette skulle vere min kamp, seier Kalvø og smiler.

Friluftsløgner

Komikaren og forfattaren rakk to turar i førebuinga til boka: Jotunheimen i dårleg vêr og Hardangervidda i godt vêr. Men han gjekk aldri i kø, slik han hadde vorte åtvara om av turistforeininga.

– Kommentaren om at enkelte turistmål er fulle og at ein må gå i kø, er eit utslag av at folk som elskar naturen, vil ha han for seg sjølv. Då vi kom opp på Preikestolen, stod folk i kø for å verte tekne bilete av slik at det såg ut som om dei var åleine.

Tidleg i Hyttebok frå helvete kjem Kalvø fram til at friluftskulturen ikkje er særskilt norsk eller gammal, og at han ikkje kjem nedanfrå. Friluftslivet er for dei som har råd til det dyraste utstyret. Og friluftsfolket, dei lyg: «Å seie at Besseggen ikkje er spesielt bratt, er som å seie at ein sirkel ikkje er spesielt rund. Og det kunne faktisk fjellfolk finne på å påstå».

– Kvifor lyg dei?

– Eg har mange teoriar. Vi har på mange måtar fjerna oss frå naturen. Det er få som lever av han og er nøydde til å takle han i dagleglivet. Naturen er den siste staden der vi framleis kan prove, og skryte av, at vi kan overkome dette, og at ingenting er vanskeleg. Eg og dei eg gjekk på Hardangervidda med, var budde på lyginga, men det var fascinerande kor openberr ho vart. Det likna vondskap: Vi hadde med oss ei som fekk øydelagt ei ski, og det var framleis eit stykke til næraste turisthytte, men fjellfolka vi møtte, sa at ho låg «rett rundt svingen» og at det var slak nedoverbakke resten av vegen. Nokre kilometer i motbakke og ein bratt nedoverbakke seinare rauk den øydelagde skia.

Kalvø ler og dreg litt på det.

– Men når alle andre sit og lyg om kor lang tid dei nytta over Besseggen, får eg lyst til å gjere det same.

Gjennomført fornuftig

Forfattaren vaks opp på gard, med bondemor og byfar i Stranda kommune. Humoren fann han i ein liten venegjeng, TV-seriar og film. Då hjelpte det at familien til ein kompis hadde videobutikk. Han var òg aktiv, som fotballspelar. Kalvø fortel at han var hundre prosent fornuftig heilt fram til han var 18–19 år, då han reiste jorda rundt i eit år.

– Det er det minst fornuftige og noko av det smartaste eg har gjort. Deretter byrja fornufta å gleppe, seier han og smiler.

Har du tre humorfavorittar?

– Eddie Izzard er ei uimotståeleg blanding av intelligent og fjasete. Og Miranda Hart er så sjarmerande at alle vil vere ven med henne, sjølv med til dels dum slap stick-humor. Då eg såg serien hennar, lo eg ukontrollert i ein halv time. Den siste favoritten, The Book of Mormon, må vere det mest morosame eg har sett dei siste fem–seks åra. Stykket er både svært intelligent og svært barnsleg.
– Du vann Hedda-prisen for omsetjinga av dette stykket. Juryen kalla det «beint fram makalaust».

– Ja, og eg sit att med ei kjensle av å ha lurt nokon. Eg har fått ein prestisjetung pris for å ha omsett eit grisete stykke laga av South Park-gjengen.

– Styrete

Sjølv om han hadde Geir-angerfjorden utanfor vindauget, var det skrivemaskina i hjørnet som fekk merksemd.

– Når eg ryddar i gamle ting eg har liggjande, som eg må få brent før eg døyr, finn eg aviser, teikneseriar og musikkmeldingar eg laga for meg sjølv.

– Men du var på fjellet. Hugsar du din første fjelltur?

– Når du veks opp slik som eg, så går du mykje tur, helst rusleturar med termos. Men eg hadde ein lærar som drog oss med opp på fjell. Han lika eg godt. Så eg fekk ikkje friluftslivet heilt opp her.

Kalvø set handa horisontalt i lufta ein stad mellom kragebeinet og kjeven.

– Men mest hugsar eg at det var litt keisamt og styrete, og det tykkjer eg no òg. Sjølv om ein skal bort frå kvardagsmaset, vert det mykje logistikk. Reglane og tidsstyringa er streng. Det vert mørkt, det treng du ikkje tenkje på når du ikkje går i naturen. Og når du møter på nokon, skal du seie hei, men ikkje meir enn det.

Kalvø oppdaga etter kvart at han hadde «mista» venene sine til naturen, og at åtte av ti nordmenn går i skog eller fjell jamleg. «Det kjem til eit punkt der ein blir nøydd til å spørje seg: Kan det vere meg det er noko gale med?» skriv han.

– Var det deg det var noko gale med?

– Nei. Det skulle tatt seg ut.

– Har du tre friluftslivfavorittar?

– Den ultimate naturopplevinga er å sitje i timevis og sjå utover havet, på ein stad med kelnerar som serverer det du vil ha. Nummer to må vere å vere rampete på turistforeiningshytter. Eg fann som regel nokon å snakke med etter klokka ni om kvelden, litt for høgt, slik at dei andre gjestane himla med auga. Då skal ein helst ha lagt seg, slik at ein er klar til straumen blir kutta klokka elleve. Nummer tre må vere uttrykket i andleta på fjellfolket når du fortel at dette eigentleg er litt keisamt. Det er litt som uttrykket religiøse får når dei høyrer noko dei instinktivt ikkje likar, før dei tenkjer seg om og forstår argumentet likevel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når andre sit og lyg om kor lang tid dei nytta over Besseggen, får eg jo lyst til å gjere det same.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis