Litteratur
Bærumsterroristen
Ut frå eit sterkt ønske om å bidra til å hindre at fleire unge blir radikaliserte, har Anders Hammer skrive bok om Philip Manshaus.
Journalisten og forfattaren Anders Hammer har gjeve ut fire bøker og laga fleire dokumentarfilmar.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Med Terroristen fra Bærum går Anders Hammer inn i radikaliseringsprosessen Philip Manshaus gjekk gjennom, og syner korleis søking på nettstader og appar førte ein usikker ungdom inn i eit nynazistisk miljø.
– Han kunne skifte overtyding stadig vekk – og vere like overtydd kvar gong?
– Manshaus gjekk gjennom ei ekstrem søking etter identitet. Han var usikker på kven han var, og freista febrilsk å finne ein stad han kjende seg heime. Den staden fann han først då han blei nynazist. Han kasta seg med hud og hår inn i kvar ny identitet, det kan vere uttrykk for dårleg sjølvbilete og ekstrem trong til å vere del av ein fellesskap. Når han finn ei form for fridom i det ytterleggåande høgre, tek han det ut i det heilt ekstreme.
– Det mangla ikkje på motrøyster?
– Motrøystene fanst, men dei var spreidde og ikkje samkøyrde. Dei einskildpersonane og miljøa som talte Manshaus imot, visste knapt om kvarandre. Når ein som kjenner Manshaus godt, skriv eit svært detaljert varsel til PST, blir ikkje familien informert. Mange varsellampar lyste i ulike samanhengar, kameratgjengen kalla han «nynazisten», og radikaliseringa hans blei stadig tydelegare dei siste par åra. Men ikkje noko skjedde.
– Synest du at PST sjekka bekymringsmeldinga grundig nok?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.