JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Appell frå
ein miljøetikar

Sigurd Hverven vil gjerne gjere noko med naturmedvitet vårt, men ser kor sterkt kortsiktig nyttetenking styrer politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigurd Hverven meiner at vi bør kome oss ut i naturen. Her er born på fisketur i Synnfjell i Oppland.

Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix

6883
20180126
6883
20180126

Naturfilosofi

janh@landro.bergen.no

Bruk naturen, få eit nærare forhold til det som omgir oss, og la nye naturinnsikter styre livet ditt i kvardagen. Dersom alle ville følgje denne enkle oppmodinga, kunne vi gi viktige bidrag til eit stadig meir truga naturmiljø.

Sjølv har Sigurd Hverven, doktorgradsstipendiat i filosofi ved NTNU i Trondheim, bidrege med den ferske introduksjonsboka Naturfilosofi. Eit stykke på veg er boka òg ei oppskrift på korleis vi skal bli engasjerte miljøetikarar, og korleis vi kan finne meining i naturen.

– Eg forsøker å seie noko om det. Eg ville ikkje at det skulle bli for abstrakt og teoretisk, men ta omsyn til at menneske også er kjenslevesen som treng å bli engasjerte. Eg vil utvikle noko meir enn berre ei teoretisk forståing av at naturen er viktig for oss.

I Naturfilosofi står omgrepa antroposentrisme og biosentrisme sentralt. Det første ser mennesket som einaste vesen som er eit mål i seg sjølv, ei haldning som gir oss høve til å skalte og valte med naturen som vi vil. Biosentrisme, derimot, set heile livet i sentrum og sidestiller mennesket med andre livsformer i naturen. Miljøetikaren Hverven anerkjenner at også andre former for liv enn mennesket har eigenverdi og skal behandlast med respekt.

– Kor utbreidd trur du at den meir eller mindre reine antroposentrismen er i dag?

– Som politisk-økonomisk praksis er han dominerande. Men eg trur folk flest erfarer naturen som meir enn noko som berre er nyttig for oss, og kjenner kanskje ei ærefrykt og vil gi han eigenverdi. Dei same menneska kan likevel ha ein tendens til å ty til økonomiske nytteargument når dei ytrar seg offentleg. For når ein prøver å få miljøpolitikk gjennomført, må ein tale maktspråket.

Ei ubehageleg sanning

– Medan medvitet om dei menneskeskapte miljøendringane har auka sterkt, har likevel ikkje antroposentrismen mista den dominerande posisjonen?

– Vi ser nok ei endring til det betre, men ikkje mykje. Kanskje er det tale om ei ubehageleg sanning som vi helst skyv unna. Eller at det moderne mennesket lever med distanse til reine naturmiljø.

Sigurd Hverven godtek ikkje at berre menneske har eigenverdi. Slik verdi finst i mange ulike variantar og grader, og når vi skal gjere ei moralsk vurdering, tel ikkje berre dei som har verdi for oss, men også dei som berre har verdi i seg sjølve. For naturen er meir enn berre ein ressurs for menneska. Han hevdar likevel ikkje, som dei radikalt egalitære biosentristane, at kvart einaste tre eller kvar einaste organisme stiller likt med mennesket. Etter hans syns finst eit hierarki der somme livsformer har større eigenverdi enn andre i kraft av å ha meir rike, komplekse måtar å vere i verda på.

Helst vil han lyfte dette til eit høgre nivå, der det er spørsmål om arten som heilskap har verdi, eller om stabiliteten og integriteten til eit økosystem har verdi.

– Vi må erkjenne at det på jorda finst fleire skapande vesen enn mennesket, også andre bidreg til å forme ein ny røyndom. Noko nytt blir til, nye artar oppstår. Dette er aktivitetar som vi bør ha respekt for, og som ikkje berre er til for vår skuld.

– Kor viktig er det då å vite om alt som lever har eit indre liv?

– Ganske mange meiner at det er avgjerande. Sjølv snakkar eg heller om verdi og aktivitet enn indre liv, altså at det ikkje er tale om noko som føler eller erfarer verda. Kvar grensa for indre liv går, veit eg ikkje, men eg er heilt viss på at ho ikkje går mellom mennesket og resten av naturen.

Lite rom for miljøetikk

I 1987 lanserte Brundtland-kommisjonen omgrepet «berekraftig utvikling». Det ser Hverven som «gjennomført antroposentrisk». Spør du han kor langt vi har bevegd oss i miljøetisk retning på dei tretti åra som har gått, er svaret: svært kort.

– Utviklinga går i den retninga miljøetikken tilrår, men med små steg.

– Du kallar miljøparagrafen i Grunnlova for «opplyst antroposentrisme». Kva ligg i det?

– At ein forstår naturen som livsgrunnlaget vårt, og at det no er truga av menneskeleg aktivitet. Men at vern av naturen blir grunngitt berre ut frå omsynet til menneska.

– Kva plass tenkjer du at miljøetikken har i norsk politikk i dag?

– Ein viss plass har han nok, som når vi opprettar naturreservat av omsyn til fuglelivet eller lèt raudlista artar stoppe vegprosjekt. Men framleis avgjer økonomiske motiv korleis vi stiller oss til naturen. Lakseoppdrett og framhald av oljeutvinninga er døme på dette.

– Kva må etter ditt syn til for å skape den grøne omstillinga politikarane snakkar om?

– Det må mange andre enn filosofar svare på. Sjølv prøver eg å ta til orde for eit anna natursyn, som utfordrar antroposentrismen. Dei som kan sjå at naturen har eigenverdi, vil òg behandle han annleis. I boka oppmodar eg folk om å dra ut i naturen og knyte seg nærare til han. I eit land som Noreg, der vi materielt har meir enn nok, burde det ikkje vere nødvendig å søkje vidare materiell og økonomisk vekst.

– Trur du det er råd å halde verdsøkonomien i ein stabil tilstand over tid, slik du argumenterer for i boka, i staden for å krevje meir vekst år for år?

– Det er eit spørsmål for økonomane. Men snu på flisa: Kan vi halde fram med økonomisk vekst i all framtid på ein klode som har avgrensa ressursar? Er det ikkje det som er urealistisk?

Økosorg

– Du siterer filosofen Bill Taylor, som hevdar at om menneska blei utrydda, ville det vere betre for jorda. Kva tykkjer du om eit slikt resonnement?

– Det er eg svært kritisk til. Mennesket er eit produkt av unike naturprosessar og representerer noko heilt uerstatteleg. Å fjerne det er å øydeleggje noko svært verdifullt. Men eg forstår jo kva Taylor meiner. For andre artar er mennesket eit skadedyr. Det kan vere at slike haldningar gir eit inntrykk av miljøetikk og miljøfilosofi som misantropisk og menneskefiendtleg, men det er slett ikkje hovudtendensen.

– Om vi ser heile den levande fellesskapen på jordkloden som ei slags pågåande, levande form, slik du vil ha oss til, kva for praktiske konsekvensar får eit sånt syn i dagleglivet vårt?

– Dette kan vi sjå på ulike nivå. Går du ein skitur og tenkjer på naturen, kan det skape ærefrykt eller takksemd for at ei slik eksistensiell erfaring finst. På eit anna nivå kan ein så ta omsyn til det perspektivet når ein gjer ulike vurderingar i kvardagen. Skal eg fly eller ta toget? Ete mindre kjøt?

– Har innsiktene dine endra livsprosjektet ditt?

– Ja. I stor grad prøver eg å unngå å ta fly mellom Oslo og Trondheim. At eg har lese så mykje om miljøetikk, gjer at eg har fått eit heilt anna forhold til heile problematikken. På godt og vondt. No er eg meir obs på uønskte endringar i naturen, og kjenner stundom på ei økosorg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei som kan sjå at naturen har eigenverdi, vil òg behandle han annleis.

Sigurd Hverven, naturfilosof

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis