Aktuell
Varmt frå Kaldestad
På Gyrid Nordal Kaldestads plate handlar det om det aller enklaste og det vanskelegaste.
Gyrid Nordal Kaldestad og trioen Kaldestad debuterer med melankolsk og drøymande musikk.
Ho er komponist og frilansmusikar. Trioen kallar seg «Kaldestad», og no kjem Gyrid Nordal Kaldestad med si første plate. På platesomslaget står det berre «Kaldestad», og sjølvsagt er ho ein av dei mange kreative Kaldestadane får Leirvik på Stord.
Debutplata har ho kalla Stille, stille.
Dei siste to åra har stordabuen hatt stipend som komponist, og songane på plata har ho skrive og komponert sjølv. I stor grad er det røysta hennar som pregar plata. Sjølv spelar ho harmonium og perkusjon, og med seg har ho Anne Hytta på hardingfele og sambuaren Are Lothe Kolbeinsen på gitar.
Stordabuen, forfattaren og diktaren Per Olav Kaldestad er far til Gyrid, men sjølv bur ho i Gamlebyen i Oslo.
– I tillegg har du ein bror som spelar i fleire band?
– Ja, Roald Kaldestad både forfattar og musikar, og me har ein annan bror, Åsmund, som både syng og komponerer.
– Har de spelt i lag alle fire?
– Ikkje så ofte, men me har hatt prosjekt i lag. For nokre år sidan hadde me ein David Bowie-tributtkonsert på Stord Øyo-festivalen på høgskulen, og det var kjekt.
– Du er sterkt påverka av oppveksten?
– Eg har lese mykje både dikt og annan litteratur, og det gjer eg no framleis – om eg får fred for dei to små borna.
– Det er mykje vakker stordadialekt på plata?
– Ja, men eg har budd så mykje borte at dialekten har vel kanskje vorte litt hybrid, men eg trur no det meste er på plass framleis. Nokre av oss møtest av og til for å ta vare på stordabuen i oss.
– Du har arbeidd mykje med musikk?
– Ja, og eg gjer mykje forskjellig. Eg er inspirert av så mange – både jazz, viser og folkemusikk. Mellom inspirasjonskjeldene er Nils Økland, Christian Wallumrød, Kari Bremnes, Joni Mitchell og fleire andre. Kanskje er eg inspirert av folk som tøyer grensene litt, men eg har arbeidd mykje med lyd og visuell scenekunst dei siste åra. Eg er i skjeringsfeltet mellom det å vera utøvar og komponist. Så lenge ein har elektroniske verkty, er det mykje ein gjera mykje sjølv, og i det siste har eg komponert lydinstrument for andre.
– Den nye plata er spelt inn i Tøyen-kyrkja i Oslo?
– Ja, der er akustikken god, og me ønskte å spela henne inn live. Det er ikkje lett å finna kyrkjerom der det er stilt utanfor, men det er det i Tøyen-kyrkja. Me ønskte å laga ei plate der ei stemning er gjennomgåande, og Stille, stille har nok vorte eit melankolsk og litt drøymande album.
– Det handlar om kjærleikssorg?
– Ja, om å missa nokon som du er glad i, men også om å verta vaksen og ønskja seg tilbake til det som var.
– De byrjar ein liten turné i Litteraturhuset i Trondheim 5. november?
– Eg studerte der i mange år, og gitaristen er derifrå. Men aller mest er det av di dei opnar eit nytt litteraturhus i byen, og det må no vera rette plassen for musikken vår. Sidan går turen til Deichmanske bibliotek i Oslo og Falturiltu-festivalen på Stord, og det ser me fram til.
– Har «faderen» sett godkjentstempel på prosjektet?
– Ja, han likte plata!
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.