JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Men på same måte kan eit liv utan kanskje hjelpe, seier diktar Nils-Øivind Haagensen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forlagsredaktør.  Foto: Heidi Furre

3055
20170428
3055
20170428

Nils-Øivind Haagensen er poet og forlagsredaktør i Flamme forlag. No er dei fyrste diktsamlingane hans samla i ein antologi på Cappelen Damm. Haagensen er fødd i 1971 og debuterte i 1998 med Hender og hukommelse. «Slentrende» og «hverdagslig» er ord som er bruka på Haagensen; han er ein poet som vender seg mot synet på dikting som «et ubestigelig fjell», som det heiter i føreordet, som er skrive av Johan Harstad. Difor har antologien har fått tittelen Kanskje det hjelper. Dikt 1998–2010. Det skal tydelegvis ikkje bli for påståeleg, difor kanskje denne tittelen. Så heiter det òg på baksida av boka at «Haagensen er antagelig den mest populære poeten i si tid» (mi kursivering).

– I intervjuet John Erik Rileys gjer med deg i boka, talar du om det «førstehjelpsskrinaktige» ved poesi, men det er likevel eit «kanskje» her. Kan poesi hjelpe folk?

– Det korte svaret er vel nettopp kanskje. Men det må i så fall fylgjast opp med spørsmål om kva slags hjelp vi i så fall snakkar om, til kva og korleis. Og om hjelpa er individuell eller kollektiv. Og om ho er den same for mottakaren som ho er for leverandøren. Som eg vil tru er og blir uoversiktleg. Eg trur ikkje eit dikt eller ei samling eller ei stor samling med samlingar nokosinne kan fungere som fyrstehjelp for skrivande og lesande. Men eg trur eit liv med litteratur kanskje kan hjelpe, på same måte som eit liv utan kanskje kan hjelpe. Heilt til ingenting lenger hjelper.

– Du er både forleggjar og diktar. Lèt forlagsyrket seg kombinere med det kreative ved skriving?

– For min del, reint empirisk, må jo svaret bli ja. I den forstand at det finst bøker skrivne av meg i verda. Sjekkar du lista av andre norske redaktørar, finn du fleire forfattarar som òg har bøker i verda. Så svaret må av naudsyn bli ja. Det ein med to jobbar alltid lurar på, er så klart om han eller ho ville jobba annleis om han eller ho berre hadde den eine jobben.

– Du var tidleg ute med ei orientering mot det verkelege i litteraturen. Du brukar til dømes ditt eige namn i mange av dikta dine. Ter denne røyndomsorienteringa seg annleis i poesi enn i prosa?

– Nei, gjer ho det? Er ikkje røyndom røyndom same kvar han dukkar opp? Det eg saknar i det du kallar røyndomsorienteringa i poesi og prosa, er kva ein tenkjer eller trur romanar og diktsamlingar som ikkje blir gjevne røyndomsmerkelappen, handlar om. Ikkje røyndomen? Ikkje verda og menneska i henne?

– Korleis kjem diktet til deg: inspirasjon eller hardt arbeid?

– Eg har lyst til å seia begge delar. Berre at eg ikkje heilt veit kva inspirasjon er, ikkje nok til å seia med visse at ja, det var ein inspirert augneblink. Eg trur at inspirasjon krev hardt arbeid, og at hardt arbeid kan vera meir enn talet på skrivne teikn. Veldig mykje skriving skjer medan forfattarar held på med andre ting. Ein tenkjer seg gjennom det uskrivne diktet, slik Wolfgang Pauli ofte tenkte seg gjennom eit eksperiment heller enn å utføre det.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis