JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Gjer Noreg
til kulturnasjon!

Latinmisjonærane Vibeke Roggen og Hilde Sejersted vil ikkje berre lære oss romersk kultur og historie og nokre latinske gloser; no vil dei vi skal tileigne oss det utdøydde språket òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hilde Sejersted og Vibeke Roggen slår eit slag for latinen.

Foto: Mathilde Skoie / Pax Forlag

6495
20171201
6495
20171201

Latin

janh@landro.bergen.no

I den ferske boka Litt latin, som mange vil hevde inneheld mykje latin, har dei to forfattarane prøvd å kombinere historie og kultur med tjue leksjonar i latinsk språk og grammatikk. «Gjer Noreg til ein kulturnasjon», kallar dei prosjektet sitt. Målet er at noko av entusiasmen deira skal smitte over på meinigmann, det vil seie «dei heilt meinige».

– Dei som følgjer bokas latinopplæring fullt ut, kva nytte kan dei ha av denne kunnskapen?

– Ei større forståing av kva latin er som språk. Dei lærer å skjøne grammatiske omgrep, og dei lærer tydinga av latinske ord dei møter i engelsk og norsk.

Å omtale latin som utdøydd gjer du ikkje risikofritt til Roggen og Sejersted. Slik dei ser saka, lever latinen framleis – 1500 år etter at Romarriket fall. Roggen, som er førsteamanuensis i latin ved Universitetet i Oslo, fortel at ho for ei tid sidan deltok på ein internasjonal konferanse der alle føredraga, alle debattane og all samtale gjekk på latin. Og for Sejersted, pensjonert lektor frå Oslo katedralskole, populært kalla Katta, er dette språket og kulturen stadig like levande.

– Vi blir fattigare utan dei klassiske referansane. Eit lite språksamfunn som Noreg er ille ute om vi misser denne kunnskapen. Boka vår er meint som ein aperitiff, ei oppmuntring til å gå vidare inn i dette feltet, seier dei to forfattarane.

Dei er samde om at det ikkje finst noko anna «utdøydd» språk som likevel er så levande som latin. Som ein god nummer to kjem klassisk gresk. Det mange av oss ikkje veit, er at latinen finst i norsk ikkje berre som framandord, men også i «heilnorske» ord som til dømes sekk og kjellar, som kom inn som lånord alt før folkevandringstida.

– Kva er forklaringa på at romarane kunne utvikle eit språk som var så mykje meir avansert enn andre språk?

– Det har sikkert fleire årsaker, men den viktigaste er nok at dei ved hjelp av for- og etterstavingar kunne gjere språket så smidig. Ut frå ei enkel ordstamme kunne dei lage ei heil rad med ord, både verb, substantiv og adjektiv. Det må ha funnest eit miljø for dette språkarbeidet, og ei stor evne til å lage overførte tydingar av orda. Viktig er også at dei hadde eldre kulturar, især den greske, å byggje på – og kulturar i landa dei erobra.

Aldri heilt borte

Ingen kan seie nøyaktig når latin døydde ut som talespråk, ein trur det må ha skjedd om lag 400–500 e.Kr. Men språket levde vidare i kyrkja og i lærdomslivet. Forklaringa på at den klassiske latinen blei borte, meiner dei to forfattarane, er at han blei kløyvd i så mange dialektar, som utvikla seg til dei romanske språka.

Dei minner om at den klassiske latinen aldri har vore heilt borte. Han fekk òg ein renessanse med den italienske diktaren Petrarca på 1300-talet og igjen med humanisten Erasmus av Rotterdam halvtanna hundreår seinare. Og ville du ta doktorgraden ved Universitetet i Christiania, måtte du skrive latin heilt opp til 1840-åra.

– De forklarar det sterke innslaget av latin i engelsk med at latin var meir utvikla. Men kom ikkje mykje av dette vokabularet inn i engelsk via fransk etter erobringa i 1066?

– Då kom ein ny runde. Men England stod jo under romersk herredømme i 400 år, og under Renessansen kom nok ei bølgje. Påverknaden har nok skjedd i fleire omgangar. Vibeke Roggen legg til at eit av favorittorda hennar frå latin er det som på norsk er jus, som vi henta frå engelsk juice, men som kjem frå latinsk ius. Med same latinske opphav, men komme til oss via fransk, er ordet sjy i meininga tynn kjøtkraft. Merk at juristanes jus er noko anna.

Litt latin er blitt ei hybridbok, og dei to ivrige latinarane vedgår at det ikkje var enkelt å skape ein heilskap av stoffet. Ikkje hadde dei førebilete å arbeide etter heller, for noko slikt har dei ikkje funne. Samstundes har det vore viktig å gjere boka underhaldande.

Ikkje promotere

Sjølv om korrekt latinsk uttale av Cicero og Caesar er «Kikero og Kaisar», er Roggen og Sejersted rause nok til å godta den norske uttalen. For vi må ikkje bli hyperkorrekte dersom det framandgjer. Men dei set grensa ved ordet promovere. Forma promotere vil dei (heldigvis!) ikkje akseptere.

Dei legg til: «Jo meir du kan om språk, jo mindre absolutt og retthaversk må du vere.»

Ulikt somme andre er radarparet glade for dei mange latininspirerte firmanamna som har komme til dei siste åra. Dei tolkar det som eit uttrykk for språkinteresse, ikkje som å pynte seg med lånte fjør, og meiner å sjå mange døme på namn som fungerer godt. Vibeke Roggen har sjølv gitt råd om slike namn. Men då eit dykkarfirma ville ha eit latinsk namn og fekk til svar at dykkar heiter urinator, fann dei det klokast å leite ein annan stad.

Éin myte boka punkterer, er den om at tvillingane Romulus og Remus saman grunnla hovudstaden Roma. For det var slik at Romulus drap bror sin i ein krangel om kvar byen skulle liggje. Hadde Remus vunne tvikampen, ville byen truleg heitt Rema. Same kva, ingen av forfattarane trur at det har funnest ein Romulus. Men dei ser at han likevel – som omgrep – har fått ein historisk posisjon som har rive seg laus frå røyndommen.

– Og gjennom Shakespeare har jo fleire av dei mytiske personane fått ein slags røyndom. Han såg dei nok som verkelege.

Boka oppklarer også ei – særnorsk? – mistyding. Det kjende ordtaket ars longa, vita brevis tyder ikkje at kunsten er lang og livet kort, men at legekunsten er lang fordi det tar så lang tid å lære seg han. Forfattarane trur at mistydinga kan komme av at vi har fått uttrykket frå gresk via latin.

Boka fortel oss at Europa hadde nytta det latinske alfabetet i fleire hundreår før det kom i bruk i Noreg. Kvifor var vi så seint ute?

– Alfabetet kom med kristendommen, som jo var ein bokreligion. Og der var vi seint ute. Likeins var Noreg siste land i Europa som tok i bruk trykkekunsten. I si store, latinske noregshistorie frå 1711 skreiv islendingen Tormod Torfæus at «nordmennene er bare opptatt av å utføre tapre bragder. Islendingene, derimot, mener det er like viktig å bevare minnet om bragdene i skrift som å utføre dem!» Dette fortel vel sitt om at vi her i landet ikkje hadde noko sterkt kulturelt nivå, konkluderer dei to folkedannarane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om korrekt latinsk uttale av Cicero og Caesar er «Kikero og Kaisar», er dei rause nok til å godta den norske uttalen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis