JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Ålmenta er viktigare enn nokon gong

Med Allmenningen har vi fått den aller første framstillinga av norsk offentlegheit i historisk perspektiv. Forfattarane meiner at ei tilsvarande historie ikkje finst i noko anna land.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
#MeToo-markeringene, her ved Stortinget 29. oktober, viserkor full den norske offentlegheita er av internasjonale impulsar og kor raskt dei når oss.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

8361
20171208
8361
20171208

Historie

janh@landro.bergen.no

I standardverket Den borgerlige offentlighet (1962, på norsk i 1971) skildrar Jürgen Habermas utviklinga som ei historie om forfall, eit syn han rett nok har modifisert seinare. Bidragsytarane til den nye boka Allmenningen. Historien om norsk offentlighet skil seg frå den tyske sosiologen ved at dei ser offentlegheita som ei historie om framgang og forbetring av demokratiet.

Bak denne utgivinga står miljøet ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Redaktør og hovudbidragsytar er professor Jostein Gripsrud. Med seg har han åtte instituttkollegaer og tre eksterne. Sjølv om dei ser etter måten lyst på utviklinga, finn forfattarane i sluttkapittelet likevel grunn til å spørje kor godt dagens offentlegheit fungerer som «arena for opplyst diskusjon». Dette blir grunngitt med at det på viktige område ikkje finst noko politisk ønske om å endre politikk som ikkje er berekraftig.

Den store utfordringa, meiner Gripsrud, er å kunne syte for at dei viktige politiske avgjerdene blir tekne på eit så godt opplyst grunnlag som råd. Det gjeld å halde ved lag ei sentral, overskodeleg scene, der kunnskap kan spreiast til eit breitt publikum, aktørar kan informere seg om korleis andre aktørar tenkjer, og argument brynast mot kvarandre. Å halde oppe desse møteplassane er i dag det viktigaste – og det vanskelegaste.

– Vi har lenge hatt ei offentleglov, men har vi fått meir innsyn i kva dei styrande gjer?

– Eg trur at vi har fått vete meir enn vi ville visst utan lova. Ho gir lovnad om openheit, men dei styrande har lett for å utvikle strategiar for å unngå det dei ser som «øydeleggjande» konsekvensar av denne openheita.

– Korleis ser du då på at stadig fleire toppolitikarar gøymer seg bak stadig fleire informasjonsrådgivarar?

– Det er eit interessant fenomen og ikkje uproblematisk. Den siste maktutgreiinga, som kom i 2003, konkluderte med at folkestyret var i ferd med å forvitre, primært fordi parti og folkerørsler hadde mista noko av si betyding som kanalar for debatt og innverknad. Kanskje tyder det at den ålmenne offentlegheita er blitt viktigare enn nokon gong, og at parti og byråkrati av den grunn legg så stor vekt på kva som skjer i offentlegheita og har slik trong for å kontrollere det.

Kven set dagsordenen?

– Presse og kringkasting har langt på veg teke over å setje dagsordenen i rikspolitikken. Ser du det som problematisk?

– Tvert om. Idealet, slik vi òg finn det hos Habermas, er at offentlegheita skal vere resonansbotn for alt som skjer ute blant folk, alle nye idear, men også klagemål. Så er det pressas oppgåve å lyfte fram det viktigaste og konfrontere dei politiske institusjonane med dette. Idealet må vere at det er vi nedanfrå som set dagsordenen, ikkje at staten og regjeringa fortel oss kva som er viktig.

#MeToo-kampanjen ser Jostein Gripsrud som ei tydeleggjering av kor full den norske offentlegheita er av internasjonale impulsar og kor raskt og effektivt slike blir spreidde via internettet. Det er tale om ein verdsopinion, noko som kan bli stadig viktigare, og som vi må vente å sjå meir av. Det er viktig å vere obs på at norsk offentlegheit er innplassert i ei rad internasjonale offentlegheiter, slik det norske kunst- og kulturfeltet alt langt på veg er.

– Men det mest radikale med internettet er vel at alt du ytrar og alt du gjer, går direkte til Storebror, utan at det ser ut til å plage særleg mange?

– Ja. Difor har den digitale venstresida i USA no utvikla ein alternativ søkjemotor til Google: DuckDuckGo. Denne hentar alle artiklane frå Wikipedia, men oppbevarer ikkje informasjon om kva du har søkt på.

Allmenningen tek for seg norsk offentlegheit attende frå førmoderne tid då tinga og den lokale kyrkjebakken var stadene der folk møttest og utveksla informasjon, via skriftlege medium som bøker, tidsskrift og etter kvart aviser til den store organisasjonsbygginga mot slutten av 1800-talet og heilt fram til det nyaste på nettet. Det som lenge var ei eliteoffentlegheit, fekk ei viktig demokratisering og utviding på 1800-talet gjennom Hans Nielsen Hauge, Henrik Wergeland og Marcus Thrane i samband med auka lesekunne blant folk.

– Dei store, landsomfattande organisasjonane hadde tydeleg samfunnsbyggjande ambisjonar. Men dei førte òg til oppdeling av offentlegheita, fordi dei bygde deloffentlegheiter på grunnlag av ein eigen ideologi eller eigne interesser. Både arbeidarrørsla, målrørsla, norskdomsrørsla og lekmannsrørsla ville byggje opp meir eller mindre isolerte verder eller parallellsamfunn. Men dette lét seg sjølvsagt ikkje realisere fullt ut, så innvovne som desse rørslene var i resten av samfunnet.

Det betre argumentet

– I politikken rådde lenge idealet om at «det betre argumentet» skulle vinne og at ingen gjekk inn i debatten med bunde mandat. Kva tapte vi og kva vann vi då ordninga med politiske parti kom på 1880-talet?

– Den klassiske offentlegheita føresette at folk skulle sjå bort frå sine spesifikke interesser, og så skulle det beste argumentet vinne, same kven som framførte det. Når Habermas meinte at offentlegheita hadde forfalle, kom det ikkje minst av at no er det ingen som talar fritt. Alle stiller med bunde mandat, gitt på bakgrunn av lukka diskusjonar i parti- og næringsorganisasjonar. Så blir dei offentlege samtalane berre skinkampar.

Det er mykje rett i det idealet Habermas held fram, men det er vanskeleg å tenkje seg noko anna enn systemet vi har i dag. Då er det desto viktigare å ha frie røyster og at det finst opningar i den offentlege samtalen for aktørar som ikkje har bunde mandat.

I dei første tiåra med trykkefridom var tonen mellom debattantane ofte prega av «direkte ondsinnede personangrep, bevisst fornærmende grovheter, rykter, sladder og bakvaskelser». Dette er slikt vi kjenner igjen frå kommentarfelta på nettet i dag. Men Gripsrud peikar på ein viktig skilnad: at for eit par hundre år sidan var det samfunnets leiande menn som ytra seg slik. Han legg til at somme av ytringane frå 1800-talet knapt har sin like her i landet etter siste verdskrigen.

– Om vi ser bort frå krigsåra 1940–1945; kva tid var nasjonalismen på sitt høgste?

– Sitt absolutte høgdepunkt når nasjonalismen i tida kring unionsoppløysinga i 1905. Men alt på 1890-talet hadde både kunst og forsking vore prega av sterk nasjonal orientering. I all hovudsak har den norske nasjonalismen vore av fredsameleg, patriotisk art. Men i mellomkrigstida gav han seg nokre ubehagelege utslag.

Tabloidiseringa

Boka gjer det klart at 1950-åra var meir mangfaldig og mindre prega av den totalitære Ap-staten enn til dømes historikaren Jens Arup Seip har skapt inntrykk av. For Jostein Gripsrud står likevel 1960-åra fram som det mest interessante tiåret. Idémyldringa og dei mange nye perspektiva som då oppstod, ser han som ei førebuing av 70-talet, der mykje av dette blei realisert, med abortlova som eit hovuddøme. I 60-åra kom TV- og utdanningseksplosjonen, som båe sterkt påverka offentlegheita. Mange unge orienterte seg internasjonalt, marknaden for kultur blei meir mangfaldig og vi fekk fleire ytringsformer.

– Fjernsynet med sin eine kanal gjorde at rikspolitikarane regelbunde kom på besøk i stova til folk, ofte i nærbilete. Samtidig fekk vi ei meir sjølvstendig og pågåande journalistrolle. Politikken og politikarane blei mindre fjerne og mystiske, men det blei også lettare å blande ikkje-politiske emne inn i dekninga av politikk – folks utsjånad, dialekt, og så bortetter.

På spørsmål om kva opphevinga av partipressa på 1970-talet har ført til, dreg Gripsrud ei samanlikning med grannelanda. Medan Danmark har fått ei tabloidpresse av engelsk type, med reindyrking av det sensasjonelle og overflatiske, noko som også pregar den offentlege samtalen, er avisene i Sverige og Noreg meir schizofrene tabloidar, som kombinerer det sensasjonelle med det seriøse.

– Kommersialiseringa og tabloidiseringa av norsk presse har hatt sine utslag, men det har ikkje ført til nokon katastrofe, konkluderer Jostein Gripsrud.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Idealet må vere at vi nedanfrå set dagsordenen, ikkje at staten og regjeringa fortel oss kva som er viktig.

Jostein Gripsrud, professor

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis