JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Eit spørsmål om tid

I skrivande stund er det særleg to grupperingar som er synlege på gatene: Det er ungdommar som streikar for klimaet, og ein litt eldre populasjon som vil ha bort bompengane. Begge gruppene er misnøgde med den rådande politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Streikande skuleelevar utanfor Stortinget i Oslo fredag 22. mars i år.

Foto: Tom Hansen / NTB scanpix

4827
20190531
4827
20190531

Lytt til artikkelen

Begge gruppene må finna seg i kritiske tilbakemeldingar. Ein kommentator morar seg over at det verken er herjingane i Syria, dei store flyktningleirane eller plasten i havet som får mellomgenerasjonen ut av sofaen. Nei, det er den uuthaldelege tanken på at det blir for dyrt å køyra bil.

Også ungdommane får pepar for engasjementet sitt. Den hånlege Hegnar har her funne eit høveleg mål for sitt vidd. Han snakkar om leikepolitikk og vil senda ungdommen tilbake til klasseromma. Når dei blir vaksne, kan onkel Trygve heilt sikkert læra dei noko om korleis dei kan bruka pengar og ressursar i stor stil utan dårleg samvit.

Meir seriøse innvendingar mot det ungdommelege engasjementet går ut på at dei kan sjå ut til å krevja resolutte inngrep som vanskeleg lèt seg sameina med tradisjonelle demokratiske prosedyrar. Det verkar også som ungdommen tvilar på desse prosedyrane: Tida går, og lite blir gjort. Men temperaturen stig, og artene døyr ut i uhyggeleg tempo.

Ei profetisk åtvaring

Det er ikkje spesielt imponerande å greia å finna argument mot ungdommar som skulkar skulen for å berga kloden. Men eg har vondt for å sjå at ein har gjort ei stor bragd om ein tek motet og engasjementet frå dei, anten det no skjer med hån, som hos Hegnar, eller med politisk passivitet, som hos regjeringa.

Men viktigare: Eg trur ein misforstår heile rørsla dersom ein forventar eit fullt ferdig politisk program frå Greta Thunberg og dei unge tilhengarane hennar. Det seier eg ikkje for å barnsleggjera Thunberg og tilhengarane, som i mange tilfelle syner seg å ha langt meir kunnskap om miljøsaka enn mange av kritikarane. Poenget mitt er at den sjangeren dei brukar, det formatet dei har valt seg, ikkje er det detaljerte politiske programmet, men ei profetisk åtvaring. Medan det politiske programmet må vurderast nettopp ut frå kvaliteten i detaljane, fungerer den politiske åtvaringa motsett. Ho blir øydelagt av for mange detaljar.

Det Thunberg og dei unge allierte seier, er først og fremst dette: Krisa i natur og klima er så alvorleg, har så store dimensjonar, at dagens politikk framstår som heilt utilstrekkeleg. Det store fortrinnet den unge generasjonen skulle hatt, ei lang framtid, blir skipla av dei store farane for framtidig liv som ligg i desse krisene. Når Thunberg seier ho vil at politikarane skal få panikk, er det ikkje for at dei skal kasta seg inn i uansvarlege handlingar. Det er eit uttrykk for at dei ikkje tek desse problema på alvor. Det er i grunnen heile saka.

Konsekvensetikk

Dette er i samsvar med ein av dei viktigaste etikarane i førre hundreår, nemleg Hans Jonas (1903–1993). Med Jonas fekk den såkalla konsekvensetikken ei heilt ny form og ein ny autoritet. Å vurdera handlingar ut frå konsekvensane dei får, var ingen ny tanke, det har ein gjort i alle fall frå opplysningstida av. I nokre utgåver kunne denne tankegangen bli farleg, fordi ein kunne tillata ein del negative konsekvensar dersom det skapte eit fleirtal av gode verknader. Slik kan ein til dømes rettferdiggjera forfylging av grupper ein trur er farlege.

Jonas tenke på ein annan måte. Han kravde at ein skulle reflektera over kva som var dei potensielt farlegaste konsekvensane av ei handling. Han knytte dette til våpenindustri og teknologi. Kva er det verst tenkelege resultatet? Dersom det er svært farleg, må ein unnlata å setja handlinga i verk. Dette har store konsekvensar for korleis ein tenkjer om våpenindustrien, til dømes. Dagens atompolitikk er basert på at det verste ikkje kan skje, sjølv om atommaktene blir fleire og dei politiske leiarane mindre pålitande.

Den dårlege etikken er kortsynt og bryr seg berre om det geografisk og tidsmessig nære, dei beinveges konsekvensane, ifylgje Jonas. Men slik kan vi ikkje tenkja lenger.

Om vi legg dette perspektivet på skulestreikane og dei ungdommelege aksjonane, ser vi at ungdommen har rett. Politikken er nærsynt, kortsynt og kortsiktig. Norsk miljøpolitikk har heile tida vore meir oppteken av å spara eller tena pengar enn av faktiske miljøgevinstar. Norsk samferdslepolitikk handlar om å leggja til rette for meir sameinande politikk og er i ferd med å avskaffa den langt reinare togtrafikken. Den underliggjande premissen er at det er nok ikkje så farleg.

Men der tek politikarane feil. Det er ikkje klimaet som gir dei panikk, det er otten for at bompengemisnøya skal øydeleggja valet for dei.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norsk miljøpolitikk har heile tida vore meir oppteken av å spara eller tena pengar enn av faktiske miljøgevinstar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis