JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Vik vik ikkje

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4909
20240426
4909
20240426

Det finst folk som står fast på standpunktet sitt, og som ikkje vil vike ein tomme, utan omsyn til kva resten av verda måtte meine, eller kva konsekvensar det kan få å vere ein stabukk. Å halde på sitt kan òg tvinge fram respekt frå ettertida. Eit døme kunne vere filosofen Sokrates som valde begeret med saft av giftkjeks i staden for å avstå frå dei prinsipielle verdiane sine. På motsett side av vegen, nokre vil seie i grøfta, finn me haldningane Knut Hamsun hadde under og etter den andre verdskrigen. Korkje Sokrates eller Store-Knut ville vel sagt seg einige i seiinga: Den vik som veit mest.

Heller ikkje Bjørg Turid Johansen var vidgjeten for å vere på vikande front. Før ho debuterte som forfattar, tok ho etternamnet til mannen sin, og vart såleis heitande Bjørg Vik. Med sitt sterke engasjement i kvinnerørsla på 1960- og 1970-talet var nok ikkje etternamnet heilt dekkjande for livshaldningane til ho Bjørg.

Også denne gongen leita Laurits Killingbergtrø fram løysinga. Han skriv: «Takk, Medikus, for ei ny oppgåve som ser spennande ut, utan at tekstklippet gav meg noka aha-kjensle. Men så er det oppgjeve ein god del tips, og dei førte meg i gang med å kryss-søkje på nettet, og da på mi kjære nettside Oria. Sjangeren i oppgåva er grei (novelle), utgjevingsåret like eins (1979), og fødselsåret må helst bli 1935 eller mellom 1940 og 1943. Desse tipsa kopla eg saman, til dømes ’noveller – 1979 – 1935’, og der hadde eg kjempeflaks. På akkurat denne kombinasjonen fekk eg nemleg som aller første tilslag ei bok der det var ei mengdnemning i tittelen: En håndfull lengsel av Bjørg Vik. Eg fekk sporenstreks stadfesta at det var rett bok, så den sit eg no med. Det var ein så kjend og prisa forfattar, altså! Kritikarprisen fekk Bjørg Vik såleis for den boka som er gåta i dag. Novellene der var lettlesne og fengslande, så sjølv eg, lesevegraren, vart nokså fengd. Men eg hasta vel litt ekstra fram til sida der sitatet skulle stå, og det vart i novella med tittelen ’Bære sin skjebne’. Medikus lovar at også svaret på tilleggsspørsmålet står i same novella, så der gjekk det ikkje berre å rålese. Vi blir kjende med ekteparet Frida og Arnold Hansen, og at dei har ’tre småpiker, Aina, Bitte og Ina’. Kronologisk nemnde, vonar eg, for seinare får vi opplyst om Frida at ’først mistet hun den mellomste datteren i en drukningsulykke’. Da får det bli stakkars Bitte som blir svaret.»

Åsmund Snøfugl skriv: «Så fekk eg lesa novella ’Bære sin skjebne’. Ei fin forteljing om livet i ein småby, om nokre av personane og relasjonane mellom dei som bur der. Eg vil lesa meir av Bjørg Vik.»

Magnhild Reisæter skriv: «Medikus Libri kan gjerne tilrå den velskrivne biografien sonen Lars Vik skreiv om mora: Bjørg Viks vei

Eiliv Olsen skriv: «Novella sitatet er henta frå, heiter ’Bære sin skjebne’. Det er ei fin novelle, som skildrar livet til denne familien utan å vera utflytande eller sentimental. Verknaden er desto sterkare.»

Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Det uskrivne gir grunnlag for fundering, og her sit vi tenksame etter lesinga.»

På oppgåve 1622 fekk me meir enn ei handfull godkjende svar. Dei kloke denne veka var: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Ragnhild Eggen, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Fritjof Lampe, Jorunn Røyset, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Else Gjesdahl Sørensen, Lise Haaland, John Dag Hutchison, Eirik Holten, Inge Strand, Jan Alfred Sørensen, Brita Lundeland, Ole G. Evensen, Laurits Killingbergtrø, Tiril Bonnevie, Paul Henrik Hage, Vigdis Hegna Myrvang, Olav Holten, Gunnar Bæra, Bjørn Myrvang, Erik Steineger, Inger Merete, Kirsti og Grete, Erik Aamlid, Sissel Gunnarshaug, Irene og Tore på Tranby, Skeisebibliotekaren i LASK, Siv Røyneland, Ole Husby, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Gunder Runde, Nina Korbu, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav B. Larsen, Marta Kløve Juuhl, Ole Tom Røed, Sigrun Gjengedal Ruud, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Magnhild Reisæter, Kjell Helge Moe, Reidar Birkeland, Eiliv Olsen, Åsmund Snøfugl, Robert Øfsti og Torleik Stegane. I dag heiter bokvinnaren Marta Kløve Juuhl. Gratulerer!

Klok på bok 1624

Han satt inne på værelset sitt og brukte en klæshenger som gevær. Han stakk den ut av sprinklene og skjøt alle som tutlet rundt nede i parken. Pang! ropte han. – Nå er du død, ditt fordømte rasshøl. Han gjorde ikke forskjell på folk, men skjøt alle sammen.

Sitatet er frå s. 48 i boklækjarutgåva (1969). På originalspråket kom fyrsteutgåva i 1958. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Forteljaren i romanen har ein stefar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på han. Send namn på stefar til forteljaren, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 4. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis