Usunt skodespel
Trenar Frank Leahy og laget hans Notre Dame i 1949. Dei vart skulda for å drive med strategisk filming.
Foto: Harry L. Hall / AP / NTB
Det er rart at det heiter å filme, når det er det motsette som skjer. Ein fotballspelar som kastar seg rundt og gjer eit tranestup eller ein salto, utan at nokon som helst er nær han, står vel heller for skodespel. Uansett, flautt er det, og verre vart det med kameraa som zoomar inn alle detaljane.
Ikkje nok med at spelarane kastar seg rundt som om det skulle vere eksamen i kreativ dans. Endå verre er all vinkinga og dei forbløffa andleta etterpå. Dei lyg faktisk så dei trur det sjølv. Kvifor gjer dei det? Saka er enkel: Sjansen for å lyge på seg ei straffe eller eit anna gode, er nok.
Og korleis skal den stakkars dommaren få med seg om tranesvevet er ekte eller ei? Ein studie i Journal of Nonverbal Behavior frå 2009 undersøkte kva som kjenneteiknar filming på banen. Eitt teikn var at reaksjonen kom litt forseinka, og ikkje uventa at spelarane grip rundt ein kroppsdel som ikkje var innblanda i taklinga. Begge delar er dessverre krevjande for ein dommar å få med seg i farten.
Filming har teke seg opp i fotballen dei siste 20 åra, betenkeleg meir blant mennene enn blant kvinnene.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Eit kamera, derimot, kan få med seg det meste. Men langt ifrå alle kampar blir spela med overvaking. Tenk til dømes på alle småbarna som ligg der ute og rullar, med Neymar som førebilde.
Det er likevel håp. Filming har vore rydda opp i før. I USA, for 70 år sidan, måtte NCAA Football Rules Committee ta grep. Då var det gått så langt at trenarane instruerte spelarar i å strategisk forfalske skadar. Ifølgje On3.com signaliserte Notre Dame-trenaren frå sidelinja når ein spelar skulle gå ned med «skade» undervegs i kampen. NCAA laga ikkje nye reglar, men kom med ei utsegn som fordømde uærleg og usportsleg spel. Dette hjelpte faktisk, og filminga i collegefotball vart redusert.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.