JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Trolleybuss

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Endå ein liten gut som får gleda av å køyra trolleybuss.

Alle foto: Inge Døskeland

5091
20220916
5091
20220916

«No må du koma. Bussen går kvar augneblink», ropar mor mi.

Eg, den vetle guten, kikar opp på dei straumførande leidningane. Dei rører seg nesten utan at ein merkar det. Trolleybussen er like om hjørnet. Idet bussen kjem, plasserer eg meg slik at eg kjem framføre den næraste av dei to bakre dørene. Eg smit meg inn, legg fire tiøringar på plata framføre konduktøren og er så heldig å få sitja på favorittplassen ved sida av han.

Seksti år seinare har me framleis trolleybussar i Bergen. Den einaste linja i Noreg. Me bergensarar er noko for oss sjølve. Før heitte ho linje 2 og gjekk frå Nattland til sentrum. No heiter ho linje 6 og går frå Nattland via sentrum til Gravdal. Neste gong du vitjar Bergen, er ein tur obligatorisk.

Trolleybussen erstatta trikken fordi han var mykje meir fleksibel og billigare i drift. Trolleybussen hentar likestraum frå dei straumførande kontaktleidningane over køyrebanen. Spenninga kjem frå likerettarstasjonar som er jamt fordelte med om lag éin kilometers avstand langs traseen. Der får ein tilført 11 kilovolt vekselstraum som vert likeretta til anten 650 volt eller 750 volt likestraum. Køyreleidninga på fortaussida er negativ, og køyreleidninga på gatesida er positiv.

På taket av trolleybussen er det straumavtakarar som vert kalla pantografar. For å få liten slitasje og god kontakt har ein eit såkalla slepehovud i enden av pantografen. Det er eit kolstykke som er plassert i ein haldar. Kolet består av om lag 70 prosent karbon, medan resten er messing og kopar. Kolstykka leier då straum frå positiv køyreleidning og tilbake til negativ køyreleidning.

Trolleybussane er utstyrte med trefasa elektriske asynkronmotorar. Dei får ei vekselspenning på 400 til 600 volt avhengig av kva krefter som trengst. Straumen vert omforma frå likestraum til vekselstraum i boksar på taket.

Elektriske motorar er meir effektive enn forbrenningsmotorar, og straum kan regenererast når ein bremsar. Trolleybussar er meir komfortable enn vanlege bussar, støyar mykje mindre og kan gje mykje meir kraft. Kvifor vert dei ikkje meir brukte? Vel, dei kostar det dobbelte av ein vanleg buss og krev leidningsnett.

Linje 6 i Bergen har eit parti i sentrum der det ikkje er leidningsnett. Der går trolleybussen på det innebygde batteriet. Det batteriet er på 55 kWh med nLito litiumbattericeller. Den teknologien toler hardare bruk enn tilsvarande litiumionceller.

Kva skal ein med trolleybussar når ein no har bussar som går på batteri? Vel, trolleybussen har tilgang til meir energi og treng ikkje ladast. Skal ein få ein vanleg elektrisk buss til å gå like langt i løpet av ein dag, om lag 200 kilometer, treng ein batteri med ein kapasitet mellom 400 og 600 kWh. Dei er så tunge at lastekapasiteten og talet på passasjerar går drastisk ned. Levetida for ein trolleybuss er om lag tjue år, medan ein vanleg elektrisk buss er utsliten i løpet av ti år.

I gamle dagar var litt av underhaldninga for oss ungar kvar gong pantografen hoppa av køyreleidninga, slik at anten sjåføren eller billettøren måtte gå bak bussen og dra i snora for å få stonga i pantografen på plass igjen. Det var også gildt å sjå kor sure dei vaksne vart for denne ufriviljuge stoppen.

Sidan delar av linje 6 ikkje har køyreleidning, må pantografen kunne styrast opp og ned. For å kunna kopla effektivt til køyreleidningane trengst det ei trakt for kvar stong i pantografen for at ho skal treffa, slik at bussjåførane ikkje treng å gå ut av bussen for kvar tilkopling til køyreleidningane.

Det gjer dei ved å trykkja på ein knapp for å heva pantografane. Same knapp vert brukt for å senka dei. Då vert det tilført luft i styresystemet som senkar pantografane, slik at dei kjem ned i krokar som sikrar dei på taket av bussen. Trakter for tilkopling er monterte på stoppa i Carl Konows gate og ved Stadsporten. Det er berre å sjå opp neste gong du er der.

Har trolleybussen noka framtid, eller er det berre eit transportmiddel for oss med ein snev av ostalgi? Trolleybuss var særs populært på hi sida av jarnteppet, og det er mange stader ein framleis kan reisa til for å få seg ein tur. I Vest-Europa har ein trolleybussar i eit tital byar. Oljekrisa på syttitalet og aukande miljømedvit har gitt trolleybussen ein renessanse.

Bussane vert stendig lengre, med to til tre ledd som har plass til opptil 200 passasjerar. Dei har som andre bussar fått lågt golv og vorte universelt utforma. Drifta er enklare. Dei elektriske motorane lever dobbelt så lenge som forbrenningsmotorane. Det er nokre få produsentar av trolleybussar. Dei i Bergen kjem frå det polske selskapet Solaris.

Tilbake til fortida. Bussen glir oppover Kalfaret. Eg pussar vindauget og prøver fortvilt å sjå ut. Eg ser opp på den raude og runde gamleheimen i svingen før Haukeland sjukehus og tenkjer at der skal eg sitja med seltersen min og sjå utover Bergen når eg vert gamal. Skulle du lura, så har eg alt kjøpt billett til den heimen for å enda ferda mi der.

Per Thorvaldsen

Per.Eilif.Thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Har trolleybussen noka framtid, eller er det berre eit transportmiddel for oss med ein snev av ostalgi?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis