JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Tomato delicioso frå Ryfylke

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

3391
20170526
3391
20170526

Når pizza Grandiosapizze Grandiose i fleirtal – vert laga i millionvis på Stranda på Sunnmøre, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at ein tomato Delicioso kjem frå Ryfylke.

Det skulle ha vore deliziosi med z, om rygane hadde halde seg til sunnmørsitaliensk, men dei bryt i staden på det spanske. Dette burde sikra dei ein større marknad, for det er fleire spansktalande enn italienskspråklege i denne verda. Så av dei driftige sunnmøringane har dei vel lært noko, desse tomatdyrkarane lenger sør der i dalstroka innafor. Men kanskje vil fleire enn Andreas Skartveit sjå det som ein språkleg nedtur anten tomatane frå Finnøy og Rennesøy – i Rogaland, det òg, men ikkje i Ryfylke – vert deliciosi eller deliziosi.

Snart er det vel berre skumma kulturmjølk ein sann norskdomsmann kan skaffa seg på Kiwi, Rema eller Ræma utan at varenamnet set seg fast i halsen alt før ein har teke til å svelgja unna.

Ei tidleg åtvaring, eit slags høgkulturelt vardøger, om desse unasjonale og usæle tilstandane er skildra i Arne Bergsgårds biografi om Ole Gabriel Ueland, ei bok som kom for 85 år sidan. Ueland, fersk stortingsmann i 1830-åra, er på veg til Stortinget. I kvadraturen møter han Henrik Wergeland, som er så glad over å sjå bondehovdingen at han inviterer på frukost. Ueland skal helst koma seg på tinget, men lèt seg overtyda av prestesonen om at det er tid for ein matbit og for å snakka om det nyvalde bondestortinget. Dei går på eit av hotella i Kvadraturen i Christiania (med ch på den tida), og Wergeland meiner dei må ha noko ekte norsk. Ueland slår frampå om surmjølk. Det har dei ikkje. Så set diktaren vona si til flatbrød. Dei har ikkje det heller. Til slutt vert det akevitt. Altså norsk nok, for all del, men til frukost?

Det ordnar seg med nok akevitt til at dei to vert hjartevener. Så skal diktaren betala. Diverre har han «gløymt» å ta med seg pengar og må spørja om han kan få det på krita. Men han – og enda meir betalingsevna hans – er velkjend på alle slike skjenkestader i storbyen, så svaret er nei. Det vert til at gjesten må leggja ut. Om eg hugsar rett, står det ingen ting om at Ueland fekk utlegget godtgjort.

Og sidan har det vorte verre og verre med det norske, enda Ivar Aasen gjorde sitt – freista, i alle fall. Tidlegare i denne månaden, midt i ei av maisnøføykene, kunne eg lesa, i Dagens Næringsliv, om korleis det kan gå med oljeprisen: «Vi må antagelig nå se tilstrekkelig lagertrekk til å flippe strukturen på forwardkurven inn i backwardation før neste fase for oljeprisen kan starte og ta den opp i 70 dollar fatet.»

Forward tyder fram og backward attende, og alt Ibsen, som ikkje var heilt stø i engelsk, visste og viste oss at «att og fram, det er like langt». Eg sette meg til med ordbøkene og Google, og fann ei forklaring på «backwardation». Det har noko med framtidig prissetjing på aksjar og råvarer å gjera.

Det vesle eg skjøna av det, gløymde eg temmeleg raskt, og eg har kjent meg mykje betre til pass sidan. Det er sikkert både vitskapsfiendtleg og kunnskapsvegrande, men det kan vera det same. Eg skal ta meg ein smal sektor Grandiosa frå Stranda med ein tomato delicioso frå Ryfylke, og så får heller Ueland og Wergeland ha akevitten sin i fred.

Han heiter dessutan noko heilt utanlandsk.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sidan har det vorte verre og verre med det norske, enda Ivar Aasen gjorde sitt – freista, i alle fall.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis