JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fjorden er den norske elva

EIDSFJORDEN: Etter harde kampar vart eidarane ein del av Noreg, men ikkje heilt – sjukehus, opera og vikingskipmuseum har dei bygd utan statleg innblanding. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ferja er snart klar til å kryssa over frå Lote nord i fjorden til Anda på sørsida.

Alle foto: Håvard Rem

12174
20211112

Nordfjord

Del 2 ­– Fjorden

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål: 4174 km2*

Folketal 2020: 32.020*

Folketal 2050: 29.980*

Fylke: Vestland

Kommunar: Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn.

5. november: Del 1. Våtedalen

12. november: Del 2. Fjorden

Neste veke: Frå bre til brosme

 * For Kinn omfattar folketal og flatemål den delen av kommunen som ligg i Nordfjord, tidlegare Vågsøy kommune.

Distrikt

havard@dagogtid.no

Midtveges i fjorden, på nordsida, har eg busett meg, på Nordfjordeid, med berre fem mil til Måløy ytst i vest og fem mil til Stryn ytst i aust. Men skal ein over til sørsida, tek ting tid. Å kryssa fjorden er ikkje gjort i ein fei. Ei ferje lyt venda, bakka og leggja til før ho kan sleppa sjukebilar av og på, og slikt vil ikkje alltid Ferjemann tid venta på.

Blåljosferja

Inga bru kryssar fjorden, men det vert arbeidd for å få den planlagde Nordfjordbrua inn i Nasjonal transportplan, ei bru nesten heilt aust i fjorden, slik Måløybrua ligg nesten heilt vest. 

Midtfjords er det to ferjesamband. Vest for Eid går ei ferje frå Stårheim til Isane, og aust for Eid ei frå Lote til Anda. På sistnemnde er to gule sjukebilar frå Helse Førde med på ferda. På Lote ferjekai køyrer dei sjølvsagt rakt forbi køen, men snart er me i same båt. I dag står dei på dekk utan blåljos og bjeffande sirener, men kva om ein pasient ved det vesle sjukehuset på Eid måtte til sentralsjukehuset i Førde for å overleva? 

Med Lote-Anda-ferja er det drygt tre mil frå Eid til Byrkjelo. Utan ferje er det ti mil, via Stryn. Med Nordfjordbrua vert ferjefri veg frå Eid til Byrkjelo redusert til sju mil. Og frå Byrkjelo er det sju nye mil til Førde og sentralsjukehuset, same kva. Der står elles eit sjukehelikopter med marsjfart på 230 km/t og plass til to bårer – når vêret tillèt Airbusen å letta. 

Fjorden til det hisidige

Hi side er eit uttrykk ein får tid til å grunda på når ein kjem ned til Lote-kaia, der ein kan sjå over til Anda, og ikkje har rokke ferja. Det hisidige har alltid vore landet på hi sida av vatnet. Som med sjukebilane på dekk kan fjordferda handla om liv og daude.

I Ürümqi heilt nordvest i Kina, på den staden i verda som ligg lengst frå hav, såg eg i museet ein 3700 år gamal europear. Han var mumifisert i det tørre klimaet etter at han for nær fire tusen år sidan var gravlagd i ei eike, eit uthola tre, ein båt som skulle føra han over dødselva som grekarane kalla Styks og Akheron.

Metaforen går att på Vestlandet i kristen tid. Hjå rogalandspoeten Trygve Bjerkrheim (1904–2001) er det ikkje elva, men fjorden ein skal kryssa som si siste ferd. Han sat ein gong ved dødsleiet til ei ung, kreftsjuk kvinne som i dødskampen høyrde mor si trøysta: «Signe, Jesus dreg båten i land.» Biletet nytta Bjerkrheim i «Han tek ikkje glansen av livet» (1950), ein bedehussong som kom med i Norsk salmebok (2013), med bilete som ikkje er bibelske frå Gennesaretsjøen, men heimslege frå fjordane:

Han fører deg frelst over fjorden,

heilt fram til den himmelske strand.

Når døden sin brottsjø du møter,

vil Jesus dra båten i land.

Dei nyttar metaforen i dag òg, dei som tek seg av den siste ferda til eidar og andre nordfjordingar. Eit kjent gravferdsbyrå i regionen ber namnet Fjordferd. 

Myklebustskipet

Eit døme på både fysisk og mytologisk fjordferd er det digre Myklebustskipet på Nordfjordeid. Fartøyet er dessutan eit døme på sjølvstendet og handlekrafta til nordfjordingane.

Bygginga av sjukehuset på Eid vart i si tid delfinansiert av ein rik kar etter at ein ven av han frå Olden døydde under den lange sjuketransporten til Bergen. Veg finansierte han òg. Her på Eid ser det ut til å vera ein tradisjon at dei sjølve får gjort dei tinga me i Noreg har vorte vande med at Staten tek seg av. 3000 menneske bur her, men opera driv dei for eigne midlar, og ein kveld sit eg i det fullsette Operahuset på Eid og fylgjer ei framifrå førestilling der høgprofesjonelle frå inn- og utland samhandlar med musikkstuderande eidar og lokale geitebønder på og bak scenen.

Ikkje mindre imponerande er det private vikingskipmuseet og kunnskapssentret Sagastad, der Sagastad Drift AS står for drifta og Stiftinga Sagastad er største aksjonæren, og med Universitetet i Bergen som fagleg kvalitetssikrar.

Skipet – frå same 800-tal som Oseberg- og Gokstad-skipa, men større ­– er ein rekonstruksjon av eit brent skip som vart funne i ein gravhaug på Eid, i lag med våpen og beinrestar av ein kar i 30-åra, kan henda etter eit slag ein Nordfjord-konge tapte mot Harald Hårfagre som samla landet til eit rike. Sagastad-tilsette og vikingdraktkledde Aurora Leivdal frå Eid tek imot. Ho fortel:

– Fyrst ynskte eidarane å få att nokre av funna frå Bergen Museum, men då det ikkje lét seg gjera, fekk eidar ein vill idé om å byggja skipet, kring 1990, på den tida eg vart fødd. Far min var med i byrjinga, ein kollega av han skreiv den fyrste rapporten, og sjølv skreiv eg om vikinggudane på både ungdomsskulen og vidaregåande. Eg byrja å jobba i Sagastad i 2017 og var med på utviklinga fram mot opninga i 2019.

– Kvifor vart skipet her brent, spør eg.

– Det veit me ikkje. Kan henda var kongen ein krigar som trong røyken frå skipet for å kunna stiga til Valhall. Gravskikkar og tru har veksla med tid og stad.

Kring femti roarar var om bord, det doble når ein rodde på skift. Å gå kring i det tretti meter lange skipet, med Eidsfjorden bak framstamnen, gjev ei kjensle av tidsferd, åleine verd ei Nordfjord-ferd, men toler skipet sjø?

Leivstad fortel:

– Skipet har vore sjøsett og skal etter planen på fjorden minst éin gong i året. Om seks år er vona at Myklebustskipet skal vera det fyrste som siglar gjennom Stad-tunnelen.

På Sagastad på Nordfjordeid står ein rekonstruksjon av det 30 meter lange Myklebustskipet, opphavleg bygt på 800-talet. I framstamnen står Sagastad-tilsette Aurora Leivdal. I bakgrunnen ligg Eidsfjorden, ein arm av Nordfjord.

Sivilisasjonsfjorden

I forskinga om menneskeleg rørsle er grunnføresetnaden at me fylgjer vatnet. Dei eldste sivilisasjonane voks opp attmed dei store elvene, Eufrat, Tigris og Nilen, ferdslevegar og transportårer.

Norske elver vart aldri ferdslevegar på same vis. Landhevinga etter istida stengde dei med fossestryk berre laksen tek seg forbi. Fyrst med kanaliseringa på 1800-talet vart somme av dei seglbare, men då høyrde ein alt lokomotivet bak neste sving. Meir enn vassvegar har norske elver vore vassdrag. Hjå oss har sivilisasjonselva og ferdslevegen inn i innlandet vore fjorden.

Elvene våre er stutte, men fjorden er ein vassveg me har dei lengste i verda av. Og som dei store elvene er fjordane kraftkjelde og matkammer. Slik det fruktbare slammet ligg att på elvebreiddene, har dei busette kantane av den næringsrike fjorden vore fylte av sjømat.

Slik namnet på elva gjev namn til så mykje i eit område, som Nume og Salt i Numedal og Saltdalen, har fjorden gjeve namn til alt mogeleg her i Fjordane – som Sogn og Fjordane, Sunnfjord, Nordfjord, Førde, Førs, Fjardar, Fyrda, Firda, Firdafylke, Firdir, fjording og ferje.

Så kva tyder fjord?

Vadestaden

Etter første kapittel i serien om Nordfjord førre veke har fleire vakne lesarar kommentert at namnet Våtedalen etter alt å døma kjem av å vada, ikkje av våt, som eg føreslo. Rett nok modererte eg det med «truleg», og rett nok har vada og våt sams opphav i vatn. Eit vade-ord er fjord òg, i det minste i område utan det me i dag forstår som fjordar. Tyrkia og England har ikkje fjordlandskap, men gamle vadestadar for krøtter har fjordnamn som Oxford og Bosporos. Fjordford og poros er stadar, grunne eller djupe, som folk og fe lyt kryssa for å nå hi sida. Våtedalen er ein vadestad, men ikkje Nordfjord, her og der med djupner på ein halv kilometer.

fjord kjem av å fara, men ikkje i den vide tydinga som å reise har, meir som å kryssa. Men kva gav namn til fjorden før han fyrst og fremst vart ein stad å kryssa, å fara?

I mørkare tider hadde han eit anna namn: ang – som lever vidare i stadnamn som Hardanger (kan henda hordanes fjord), Geiranger og Langangen (Langfjorden), ja, for alt me veit i leidangen òg, krigsflåten kvar fjord laut mønstra. Kvifor ang? Nei, no er tidene så gamle at også etymologien mørknar. Av di fjorden stod i ein vinkel på kysten?

Eg er på vatn djupare enn Nordfjord no, så denne veka kan kommentarane verta mange. Kva veit me om desse mørke tidene? Dei sørlegaste fjordane ligg sjølvsagt så langt sør som isskjoldet strekte seg, til dagens Schleswig, der anglarane heldt til før dei i folkevandringstida kryssa over til dei britiske øyene og gjorde dei angelsaksiske.

I urolege tider var fjorden meir enn ein stad ein kryssa til hi sida. Kringsett av vardar var fjorden ein tilfluktsstad og ei krigsfelle. Om fiendane forvilla seg inn i ein ang, fekk dei angst når dei vart fangst som i ei fiskenot. 

Fjordfingrane

Fjordarm og brearm er etablerte uttrykk, og ein arm har gjerne fingrar. Førre veke skreiv me om dei kraftlause fingrane til den minkande Bøyabreen, fingrar som lyt sleppa taket nede i dalsida når brearmen trekkjer seg attende i det varmare klimaet. 

Fjordfingrane lyt sleppa taket, dei òg, der dei klamrar seg til fastlandet som stig med landhevinga. Dei salte fjordfingrane vert ferskvassjøar. 

Nordfjord endar ikkje der havet endar. Det ytste leddet på kvar finger klamrar seg til eit høgare nivå i landskapet, som om heile fjorden er ein cliffhanger. Eidsfjorden held fram som Hornindalsvatnet, 53 moh. Faleidsfjorden og Strynebukta held fram som Strynevatnet, kjend som Oppstrynsvatnet òg, 29 moh. Lobukta held fram som Lovatnet, 52 moh. Oldebukta held fram som Oldevatnet, 33 moh. Gloppefjorden held fram som Breimsvatnet, kring 60 moh. Hyefjorden held fram som Ommedalsvatnet, 27 moh.

Når brearmane frå fjellet vert trekte attende til fjellet, slepp brefingrane taket i fjorden. Og når fjordarmane frå havet vert trekte attende i havet, slepper fjordfingrane taket i fjellsida, der berre tuppane ligg att.

Alt kjem av varmen. Varmen krympar breane, og når breane krympar, stig landet som låg under breane, og lyfter dei ytste fjordfingerledda opp i fjellet. Kvifor ligg desse fjordfingertuppane alle saman i ei høgd mellom 30 og 60 meter over havet? Så mykje har landet lyfta seg.

Teikning: Mirjam Clement

Nordfjord er ei måleining

Ikkje berre fjord- og brefingrane forsvinn. Sogn og Fjordane forsvinn òg, og det likar eg ikkje.

Tenkjer du at nye fylkesnamn som «Vestfold og Telemark» og «Troms og Finnmark» er lange og krunglete? Dei laga lange fylkesnamn for hundre år sidan òg, då fleire norske byar og område fekk att dei førkoloniale og førkristne namna og nemningane sine. Kristiania vart Oslo, Fredrikshald Halden. I 1919 vart den dansktyske områdenemninga amt, tidlegare len, erstatta av opphavlege, norrøne fylke, avleidd av folk.

Før dansketida hadde Sogn vore eitt fylke og Fjordane eit anna. Då var skikken dessutan å dela eit fylke i to. Firdafylki var delt i ein sørleg og ein nordleg del, Sunnfjord og Nordfjord, framleis inndelinga. Men kvifor var det dei mindre fjordane i nord, og ikkje sjølvaste Sognefjorden, som fekk fjordnamnet? Nei, den største fjorden heitte opphavleg berre Sogn, av sug, etter dei sterke straumane.

Frå lenet – seinare amtet – Bergenhus vart dei to gamle fylka, Sygnafylki og Firdafylki, skilde ut som Nordre Bergenhus amt i 1763, før dei då for hundre år sidan fekk det lange samnamnet «Sogn og Fjordane fylke», eit namn som stod i nye hundre år.

Men sist i 2019 vart så Sogn og Fjordane nok ein gong oppslukt av ein storregion med Bergen som administrasjonssentrum, no ikkje Bergenhus, men Vestland.

Dei administrative endringane svekkjer historisk samanheng og sjølvforståing av di tal og einingar ikkje lenger vert samanliknbare. Når det kjem til arbeidsløyse, fødselstal og kriminalitet, var fylkestala for Sogn og Fjordane særs gode. Slik sett er det kjekt at dei forsvinn, for då slepp andre fylke å verta minte om at tala deira er så mykje dårlegare.

Men på hi sida, tenkjer eg ein kveld på Eid, treng vel resten av Noreg noko å strekkja seg mot. Landet kan ikkje sleppa taket i dei gode Fjordane-tala. Nordfjord må få halda fram som ei måleining.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trong krigaren røyken frå skipet for å stiga til Valhall?

Kvifor ligg så mange av fjordfingertuppane i ei høgd på 30 til 60 meter over havet?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis