JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Putin i Paradise

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vinteren 2020 drog Dag og Tid til Moskva for å undersøkje skuldingane om at Trump var ein russisk marionett. I 2022 følgjer vi opp med å reise til Las Vegas for å sjå korleis Ukraina-krigen ser ut frå Trump International, eit 62-etasjes hotell i Paradise i Nevada.

17284
20220624

Europa, Las Vegas

Ida Lødemel Tvedt ser på den amerikanske samtalen kring Ukraina-krigen.

DEL 1 av 3

Då den nye krigen gav den europeiske draumen eit brått og uventa comeback, fekk eg trong til å fare til Las Vegas. Eg ville ut av Europa. Eg ville over havet og gjennom ørkenen og opp i høgda over Vegas-stripa, for å få sjå frå fugleperspektiv ned på eit kunstig Europa i miniatyr. Caesars Palace og Colosseum, Eiffeltårnet og venetianske gondolar, Spansketrappa og Fountain of the Gods. I Vegas var Europa alltid berre ein nusseleg, antikvarisk idé. Hit gav det meining å reise no når «Europa» såg ut til å få ein slags renessanse, no når valden hadde gitt ideen fylde att. Slik hadde det seg at eg ein dag i slutten av mai sjekka inn på Trump International Las Vegas, den vertikale gullbarren på 2000 Fashion Show Drive, i bydelen Paradise.

Berre månader tidlegare, i januar, sat eg i ein vinterstorm på Kreta og skreiv «Europa, du ditt tilårskomne kontinent». Eg var så nøgd med den formuleringa. Europe, you has-been of a continent, skreiv eg, og tenkte jau, her naila eg zeitgeisten fint. Eg sat på stranda med boblejakke under pelskåpa, åleine i ein sesongstengd landsby på den sørlege enden av øya, med berre hav mellom meg og Afrika, og las i Iliaden om elvane av blod som snart skulle komme. Straks skulle det gå til helvete i Ukraina; eg grøssa av kor mange som nekta å tru det, sjølv om det rigga seg til rett framfor auga våre. Pesten var i ferd med å ebbe ut; ei ny krise var i emning. Men førebels ante ingen av oss at krigen brått skulle gjere EU og Nato så heseblesande hippe, eller at alle slags folk skulle børste støv av omgrep som «vestlege verdiar» og igjen byrje bruke dei heilt utan kritisk distanse.

Fyrst pandemiåra og no dette nye skiftet... Aldri før hadde eg kjent så sterkt på det eg hadde byrja tenkje på som «verdsstemninga». Eg mista pusten av den annankvar dag, ei heilt fysisk kjensle av at idear bevegde verda. I over to år hadde eg sete i nonnecella mi, på heimekontoret, fast bestemt på å oversjå dei hektiske samtidsdebattane og berre lese førkristen litteratur, overtydd om at det no fyrst og fremst var dei døde som hadde noko å lære meg om mi eiga tid. Eg irriterte meg over dei levande og det vi skreiv. Irritasjonen var nok berre bitre projeksjonar frå ei skrivesperra ankercelle som var i ferd med å bli like radikaliserande som eit incel-guterom, men slik var det, altså.

Likevel. Eg òg freista formulere noko om desse kollektivt eksistensielle krisene, for dei reiv i meg slik eg trur dei reiv i dei fleste, eg hadde berre ikkje noko fornuftig å seie. Eg opna munnen og det var som å helle ut ei bøtte med spikar. Likevel. Nokre spørsmål hadde byrja forme seg: Korleis vege ei historisk hending idet ho utspelar seg? Korleis vite om dette var krisa som alle dei andre krisene hadde gjort oss blaserte i møte med, om dette var vendepunktet kavalkaden av unntakstilstandar hadde herda oss mot? Kunne det tenkjast at forteljinga om Europa skulle bli: Ulv, ulv, ropte dei i kor i årevis, heilt til bjørnen kom og åt dei alle? Korleis vite om dette var annleis eller meir av det same? Eg var heimsøkt av slike spørsmål, men det var openbert at det no ikkje var attende til «den vestlege sivilisasjonens vogge» eg måtte for å finne svara, men til den vestlege sivilisasjonens geriatriske dragshow. Eg måtte til Vegas for å kalibrere mitt eige tidsåndtermometer.

Women with penises! Det var det fyrste eg høyrde då eg skrudde på Fox News på rom 4000. Kulturkrigane kverna altså sin keisame gang her òg, i sin pingpong av reaksjon og motreaksjon, i dette eindimensjonale dataspelet som idédebatten har blitt, der harnisk matar harnisk, og der ingen marsjerer meir i takt enn dei som trur dei er motstraums. (Korleis skildre slikt utan krusedullar av blanda metaforar?) Snork. Frå golv-til-tak-vindauga falda byen seg ut framfor meg, stusseleg og storslått på same tid, glitrande og glorete. All American Girls For Less, stod det på eit banner på den næraste bygningen. Bortanfor spankulerte ein flokk beige Kardashians på skjermar høge som fjell.

Eg gjekk gjennom hotellet, orienterte meg, prata med folk. I suvenirbutikken kunne ein kjøpe alt frå undertøy og vin til bamsar og sparebøsser med Trump-logo på. Drikkefontenene, søppelbøttene, tampongdispenserane, alt var gullfarga.

I resepsjonen overhøyrde eg ein gjest som spurde om han nokon gong kom hit.

– Trump? sa resepsjonisten.

– Det er ei stund sidan sist, men snart kjem vi nok alle til å sjå mykje meir til han igjen.

Ved bassenget møtte eg ein pool boy med spegel i solbrillene og eit lite kors tatovert på halsen. «Eg er ikkje rik, eg er ikkje våpenprodusent, eg kan ingenting om politikk», sa han då eg hadde prata med han ei stund. «Men eg trur at mange mektige menneske her til lands ser på Ukraina-krigen med dollarteikn i auga. Eg forstår ikkje kva krigen handlar om, men eg vonar dei sluttar å bombe. Slikt er ikkje anna enn rike menns freistnad på å bli endå rikare.»

I bassenget stod to glamorøse kvinnfolk i sekstiåra, begge med solhatt og perfekte magemusklar. «Vi kan ikkje la den noverande situasjonen i verda splitte familien», sa den eine milf-en til den andre. I ein jacuzzi sat ein amerikanar med jegerhatt og bukkeskjegg og prata med ein svenske. (J´Accuse! mumla eg for meg sjølv medan eg og notatboka mi rykte nærmare på solsengene for betre å høyre kva dei sa.)

– Eg har reist over heile USA den siste tida, sa amerikanaren.

– Og eg har ikkje møtt eitt menneske som støttar Biden. Kvar og ein seier det same: Ver så snill å gi oss Trump tilbake. Ver så snill. Under Trump vart alt betre, svært raskt, også for dei svakaste. Svarte, hispanics, fattige, kvinner. Sjølv dei lågaste av dei låge fekk betre løn og arbeidsvilkår.

Dei to utveksla reistetips ei stund, før svensken vende samtalen mot Putins herjingar i Ukraina:

– Det er åtte år sidan fyren tok Krym, og sidan den gong har vi berre blitt meir avhengige av russisk olje. Vi reidde senga vår, og no må vi liggje i ho. I USA får ein i alle fall litt kvile frå panikken. Heime snakkar ein ikkje om anna enn Russland no.

The ruskies har gått av hengslene, og Biden har lagt til rette for det, svarte amerikanaren og drog seg i skjegget:

– Det beste vi kan håpe på no, er at nokon på innsida tek ansvar og myrdar Putin. Men USA hadde vel berre fått skulda for det òg.

Invader dine eigne suverene territorium med Vladimir Put-in! stod det i ei sak om den snakkande Putin-forma analpluggen skapt av ein som kalla seg The Political Artist. Den var den perfekte rekvisitten til Vegas-prosjektet. I forkant av reisa vurderte eg å by på originalen, men eg fekk meg ikkje til å be Dag og Tid om tusenvis av kroner i sexleiketøybudsjett. Eg innsåg difor at eg måtte ta til takke med ein vanleg plugg, ein Put-in look-alike, og trøysta meg med at biografen hans sa at det som kjenneteikna Putin, særleg tidleg i karrieren, var det anonyme andletet. Styrken til Putin var at han sklei friksjonsfritt inn i alle maktas mørkaste holrom. Ein generisk og andletslaus plugg burde altså vere midt i blinken, om blinken var rasshòlet bak den forgylte fallosen på Fashion Show Drive.

I Vegas skulle eg ikkje langt for å finne det eg leitte etter, for rett over vegen frå Trump International låg The Love Boutique. Der møtte eg Morgan, eit lubbent lite menneske som byrja alle setningar med spott og enda dei i raudnande småjentesjenanse. Morgan arbeidde nattskiftet i lag med ein annan ikkje-binær skikkelse, denne høg og hengslete, til liks med Morgan i knallrosa hår. Eg fortalde om Putin-pluggen eg ville nytte til ein reportasje om korleis Europa generelt og Ukraina-krigen spesielt såg ut frå Las Vegas, akkurat no, på dette som lét til å vere eit historisk vendepunkt. Eg forklarte ideen:

For to år sidan drog eg til Moskva for skrive om skuldingane om at Trump var ein russisk marionett. Der kjøpte eg ei matrjosjka-dokke som førestilte Trump-familien, med Donald ytst. Dette var ei veke før den fyrste riksrettssaka mot Trump, utløyst av ein telefonsamtale mellom Trump og Volodymyr Zelenskyj, der Trump tilsynelatande bad Zelenskyj om å hjelpe han med å bevise at Biden-familien hadde svin på den ukrainske skogen, i byte mot militær stønad.

I lag med dokka flytta eg inn fyrst på Hotel Ukraina – ein gigantisk arkitektonisk manifestasjon av den på ingen måte nye påstanden om at Ukraina er ein plass i Russland – og så på Ritz-Carlton Moskva, åstaden for den berykta «tissekassetten». Det var her Trump, ifølgje ein no diskreditert rapport, skulle ha betalt prostituerte for å tisse på ei seng, som del av eit underleg storpolitisk psykodrama. Eg kom meg inn i presidentsuiten, las alt eg kunne finne om saka, og konkluderte med at det heile sannsynlegvis ikkje hadde skjedd. Men det gjorde ikkje forteljinga irrelevant. For oftare og oftare dei siste åra kunne ein høyre folk skildre politikken som eit dokketeater.

– No, you are the puppet, ropte Trump til Hillary Clinton i den siste store valkampdebatten deira.

Og sånn gjekk dagane i dei internasjonale relasjonane: Kvar skulding kom tilbake som ein bumerang. Å lese avisene kjendest som å gå gjennom eit spegelhus på tivoli. Seinare skulle sjølv den einaste ukrainske venen min i Oslo lire av seg dystre påstandar om at Zelenskyj var Washingtons handdokke. Skuldingar om kven som hadde handa opp rumpa på kven, florerte i både seriøse og mindre seriøse kanalar; eg møtte dei i stadig meir private sfærar.

– Eg treng altså ein analplugg, sa eg til Morgan.

– Han må vere rosa, han må vere laga av silikon, og han må helst likne litt på Vladimir Putin. Den amerikanske Putin-pluggen skal spegle den russiske Trump-dokka.

– Putin er den siste eg ville ha stappa opp i rumpa, men ok, sa Morgan.

Eg plukka opp ein liten ein og såg spørjande på hen.

Please, sa Morgan.

– Katten min kunne plugga den der.

Hen viste meg pluggane hen sjølv likte best. Dei var store, oppblåsbare, svimlande.

– Nei, sa eg, dei vert altfor aggressive. Dette er til ei ganske verdikonservativ avis. Det eg treng, er ein konservativ analplugg.

Eg prata lenge med Morgan den dagen, mest om andre ting enn politikk, og då vegane våre skildest på ein parkeringsplass, hadde hen også selt meg eit par gjennomsiktige strippesko med kvar sin sprekk til tips. «TIPS» stod det, over lukene. Perfekte Vegas-suvenirar.

– Kan du faktisk i dei, spurde eg då Morgan opna skoeska.

Hen løfta eit rosaglitrande augnebryn.

Walk? Hell, I´ve outrun the police in them.

Eg prøvde dei på. Dei såg ikkje sexy ut, særleg ikkje med det solbrende sokkeskiljet eg hadde pådradd meg då eg sovna på ein benk i Los Angeles nokre dagar tidlegare, men det var noko rørande med dei. Dei var det brokete Amerika i eit mjukplastskal: tru, håp og minimum wage. Eg tenkte eg kunne ha dei som skulpturar på heimekontoret, kanskje bruke dei som sparebøsser for kontantane eg alltid sit att med etter å ha vore på tokt. Éin sko til dollar, éin til euro.

Skoa var ikkje ustøe, men dei var stive i plasten. Kantane skar seg inn i huda.

– Det fiksar du med ein hårtørkar, sa Morgan.

– Føn dei, så smeltar materialet så det tilpassar seg foten.

– Dansar du, spurde hen.

– Nei. Gjer du?

– Nei. Eller, berre på disko.

– Ja, eg òg, berre på disko. Eller, eigentleg berre på amatørkurs, som ein annan tolvåring.

– Ja. Eg òg. Eigentleg har eg ikkje vore på disko på mange år.

– Ikkje eg heller.

– Eg lever eigentleg eit svært roleg liv.

– Eg òg. Eigentleg.

Dei neste fire kveldane gjekk eg gatelangs med Putin-pluggen. Eg fortalte dei som snakka til meg om konseptet, og spurde om dei hadde tankar om omveltingane i Europa. Sjølv hadde eg forlate Noreg med ganske dystre arbeidshypotesar: 1. Det kjem til å verte borgarkrig i USA i mi levetid. 2. USA kjem til å lansere ein hybridkrig mot Kina. 3. Vi har ikkje sett slutten på Trump-dynastiet. 4. Krigen kjem til å spreie seg i Europa, anten fordi Putin vert styrkt i trua av ein siger i Ukraina, eller fordi han vert audmjuka av eit tap. I båe tilfelle er han grenselaus, for dette handla aldri om å dytte tilbake Nato, men om ein tyranns metafysisk forankra spektakulære sjølvrealisering. 5. Ein del av dei som lever på jorda no, kjem til å døy av atomvåpen.

I Vegas, derimot, såg det ikkje slik ut. Folk der gav trøyst og von. Republikanaren Jim frå Florida, til dømes, som eg vart sitjande og prate med i baren på ein liksom-fransk bistro til langt på natt, overtydde meg (nesten) om at partiet hans aldri ville la Trump stille til val att. Sjølv om han alltid hadde vore registrert som republikanar, hadde Jim røysta på Obama ein av gongene og på Biden no sist, og han var nyansert i dei fleste spørsmål. Han var for strengare våpenlover, skeptisk til seksualundervisning i barneskulen. Han meinte at den viktigaste oppgåva til USA er å revolusjonere topartisystemet og dyrke fram eit snillare, meir fornuftig og sunt samvelde.

På gata prata eg med stripparar, uteliggjarar og speeda businessmenn; alle uttrykte uro for korleis det no skulle gå med Europa, denne vesle museumslandsbyen langt der ute – men òg optimisme på vegner av kulturane våre, trass alt. Eg blei slått av kor lite sjuskete Vegas kjendest, kor lite overskridande. Rett nok er byen konstruert som ei leikegrind for vaksne, men kallenamnet Sin City tykte eg ikkje det levde opp til. Vegas er ein puritansk kulturs visjon av synd, ei simulering av det grenselause. For meg kjendest Vegas truskuldig.

Eg rusla ned Siren’s Cove Boulevard. Eg mista retningssansen i The Cosmopolitan. Eg vov meg gjennom kasino etter kasino, prøvde meg på ein speleautomat med Crazy Rich Asians-tema – noko eg tenkte var tingen for Put-in, men eg klarte ikkje å bli interessert. Eg vandra vidare gjennom natta, åt ein is på ein benk, venta på at trøbbel og eventyr skulle finne meg. Men folk oppførte seg uklanderleg. Dei var fulle, dei var kåte, dei gambla vekk pengane sine, men det gjekk fredeleg for seg. Promiskuiteten var godarta. Den verkelege vondskapen er sjeldan der han blir annonsert.

Det er ei fornærming mot oss alle at vi er tvinga til å gi av det edlaste vi eig, merksemda vår, til barnslege mannfolk som Putin og Trump. Det er ei krenking av åndslivet at vi ikkje kan vere fullt til stades i vår eiga tid utan å måtte sjå på dessa klovnane som når dei trampar av trass, kan drepe mange tusen, utan sjølv å få blod på hendene. Non vi si pensa, quanto sangue costa, som Dante skriv om krig i Paradis-kapittelet av Den guddomlege komedien. «Ingen tenkjer på kor mykje blod det kjem til å koste.»

Korleis tenkje analytisk om forferdelege storpolitiske hendingar? Korleis vege ei slik krise? Vi sit ved datamaskina vår og ser dei flagre forbi, den eine skråsikre kommentatoren etter den andre, som klipper og limer og parafraserer frå faste knippe av internasjonale kjendisintellektuelle. Nokon seier at dette er eit vasskilje, andre at det berre er ein retur til europeisk business as usual; nokon seier at Putin er dødssjuk og galen, andre at dette er eit rasjonelt svar på Nato-ekspansjon. Analysane deira kjennest så arbitrære, så banale, så avhengige av om den einskilde tilfeldigvis soknar til ein Chomsky eller ein Snyder, ein Applebaum eller ein Zizek, ein Fukuyama eller ein Habermas. For å forstå C, må ein fyrst forstå A, seier rasjonalitetens portvaktarar, idet dei freistar kuppe definisjonsmakta og reinske samtalen om krigen for kjøt og sjel og kjensler. Eg er så lei av den setningskonstruksjonen: «For å forstå Russland må ein fyrst forstå...», etterfølgt av eit resonnement dei gjekk seg fast i ein gong for tretti år sidan. For kva om eg, for å forstå C, heller vil byrje med Z? Kva om eg, for å forstå Ukraina-krigen, vil byrje med Las Vegas? Korleis kan nokon på førehand vite at det er ein mindre fruktbar veg å gå enn akkurat den løypa av fortolking som dei sjølv har gått?

Dessutan er eg ikkje samd med det mange no seier om at det er politisk usofistikert å psykologisere, patologisere eller mobbe verdas mektigaste. Det sjølvbruna andletet til Trump, den trommestramme andletsløftinga til Biden, Putins berre overkropp og altfor lange bord – det er jo morosamt! Og det er relevant. Sjå på han, tenkjer eg minst éin gong i veka. Sjå på mannen og ta han på ordet, for andletet til einskildmenneske som har makt til å forme livet vårt med dei smålege innfalla sine, er det næraste vi kjem moderne storpolitiske orakel. Om vi i staden vender oss vekk, seier at systemet er problemet, og at vi i pragmatikkens namn må hugse at krig jo er verdas standardinnstilling, så jamnar vi jorda med jorda. Fisken rotnar frå hovudet, som det heiter i eit russisk ordtak.

Frå hotellet stal eg ei morgonkåpe. Ho er stor, mjuk og kritkvit, med Trump-logo på hjartesida av brystet. No ligg ho krølla i ein skuff, i lag med morgonkåpa eg stal frå Ritz-Carlton Moskva. Eg har dandert dei slik at dei held kring kvarandre – USA og Russland, ei forteljing om Trump og ei forteljing om Putin, slyngde om kvarandre i eit skjebnesvangert speglingsforhold, bygd på ressentiment. Om ragnarok kjem i morgon, skal dei to få liggje der å halde seg fast i kvarande medan jorda går under.

Ida Lødemel Tvedt

Ida Lødemel Tvedt er fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis