Protestlåt for landbruket
– Gamle som unge tykkjer det er ein fengjande låt, seier Rita Aakre.
Frå venstre: systrene Rita, Tonje og Ronja Aakre.
Foto: Ole Jørgen Ose
Musikk
julie@dagogtid.no
Saman med to av systrene sine har Rita Aakre gitt ut singelen «Ka e det so skjer!!?». Med rapping og tale på kav ørsting, held trekløveret bygdetradisjonen i hevd. I kjend Side Brok-stil har dei laga musikk av aktuelle tema i heimbygda Ørsta. Jentene som voks opp på Fremre Mo, opplever no at kommunen og politikarane vil lage bustadfelt av garden deira.
Etter å ha protestert med fakkeltog og meir til visste ikkje familien kva meir dei kunne gjere. Så var det ved eit slumpetreff at ideen kom. Då dei såg korleis Ylvis-brørne hadde greidd å lage låtar av mesta kva som helst, ynskte dei musikkglade systrene å gjere noko liknande. Med eit brennande engasjement for jordvern var det aldri tvil om tema.
– Me byrja leike med ord og rim, og så kom rytmen litt etter kvart. Seinare la me på lydeffektar frå landbruket, seier Aakre.
Frå sosiale medium var vegen kort til dei rette folka i bondelaget. Då vart det kronerulling, og i lag med både bedrifter og privatpersonar valde dei å sponse ei profesjonell innspeling som kunne leggjast ut på Spotify.
Aakre seier at systrene håpar dei kan vere ei stemme for alle bønder i Noreg, og at dei tykkjer det ville vore trist utan noko norskprodusert mat – ein bodskap som også ligg i rappen. Med mykje frustrasjon i stemma syng dei: «Ska vi ha mat i framtida vår, må vi ha bønder, traktor og gård.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Musikk
julie@dagogtid.no
Saman med to av systrene sine har Rita Aakre gitt ut singelen «Ka e det so skjer!!?». Med rapping og tale på kav ørsting, held trekløveret bygdetradisjonen i hevd. I kjend Side Brok-stil har dei laga musikk av aktuelle tema i heimbygda Ørsta. Jentene som voks opp på Fremre Mo, opplever no at kommunen og politikarane vil lage bustadfelt av garden deira.
Etter å ha protestert med fakkeltog og meir til visste ikkje familien kva meir dei kunne gjere. Så var det ved eit slumpetreff at ideen kom. Då dei såg korleis Ylvis-brørne hadde greidd å lage låtar av mesta kva som helst, ynskte dei musikkglade systrene å gjere noko liknande. Med eit brennande engasjement for jordvern var det aldri tvil om tema.
– Me byrja leike med ord og rim, og så kom rytmen litt etter kvart. Seinare la me på lydeffektar frå landbruket, seier Aakre.
Frå sosiale medium var vegen kort til dei rette folka i bondelaget. Då vart det kronerulling, og i lag med både bedrifter og privatpersonar valde dei å sponse ei profesjonell innspeling som kunne leggjast ut på Spotify.
Aakre seier at systrene håpar dei kan vere ei stemme for alle bønder i Noreg, og at dei tykkjer det ville vore trist utan noko norskprodusert mat – ein bodskap som også ligg i rappen. Med mykje frustrasjon i stemma syng dei: «Ska vi ha mat i framtida vår, må vi ha bønder, traktor og gård.»
Fleire artiklar
Same tema
Å skyte nokre få vågekval og gje offentleg støtte til å sende ut båtar og halde opne mottak for selkjøt har liten verdi for næringsliv og busetjing og absolutt ingen verdi som ressursforvaltning, skriv Arve Nilsen.
Foto: Ingeborg Hauglid / NTB
Ein fangstnasjon i forfall
Pizza Bismarck, her med egg, geitost, spinat og tomat.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagshelten