JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Mellom Egede
og Paars

Kolonihistoria til Grønland er full av mannlege figurar frå litteraturen, her ein Don Quijote, der ein Sancho Panza, Candide, Hamlet, Baron von Münchhausen, men ikkje så mange Lady Macbeths, Opheliaer eller Emma Bovary-ar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
sgfhertherht 4yj4tyjetyh  etyj erth eth

sgfhertherht 4yj4tyjetyh etyj erth eth

sgfhertherht 4yj4tyjetyh  etyj erth eth

sgfhertherht 4yj4tyjetyh etyj erth eth

13961
20161104

Bakgrunn

Kalaallit Nunaat

Menneskelandet: Kim Leine skriv om Grønland for Dag og Tid.

Forfattaren bur i Danmark, men er fødd og oppvaksen i Seljord.

test

nytest

nyare test

I dei fyrste åra av koloniseringa av Grønland, 1728–36, er det to figurar som særleg gjer seg gjeldande: presten Hans Egede og guvernøren Claus Enevold Paars. Begge har eg skrive om før. Men dei er ikkje så lette å sleppe.

Grønland er undergang og oppstode. Den fyrste kolonien, Godthaab, blei grunnlagd i 1728. Eit mannskap på om lag hundre sjeler overvintra, ei handfull kvinner, resten menn; handverkarar, offiserar, prestar, lækjarar, proviantforvaltar og meinig mannskap. Alle mennene er kronikerte med namns nemning, berre eit par av kvinnene, men dei fleste må nøye seg med å vera statistar. Og rolla til nesten halvparten av dei er å døy. Då den fyrste våren mildnar lufta, har 45 bukka under for skjørbuk, lungesott og andre infeksjonssjukdomar, sikkert også sjølvmord. Hausten 1729 tek døden tak att. I dagboka til Hans Egede, Grønlands fyrste kronikør, får dødsfalla berre nokre få nøkterne ord med på vegen til æva: «I gaar døde den ene Smed og en af de gemeene Soldater.»

Eg skriv ein roman om denne tida, om grunnlegginga av kolonien Godthaab, og freistar å forvalte dette absurde kaoset i ei forteljing, freistar å vekkje opp dei døde, blåse liv i dei, gje dei namn att, la dei tala og handle, prøver å skapa ei slags meining av meiningsløysa.

Godthaab 1728–36: Det er Hans Egedes siste åtte år i landet. Og det er ei katastrofesone, ei scene der fantastar, middelmåtige og ulukkesfuglar boltrar seg i ein dødsdans.

Men desse to personane, Hans Egede frå Vågan i Lofoten og guvernøren, major Claus Enevold Paars, teiknar to ekstremar. Det er vanskeleg å førestelle seg to menn som er meir ulike.

Egede var ein slags tidleg naturvitskapsmann. Han har vore påverka, kanskje umedvite, av naturfilosofien på 1600-talet, forgjengaren for rasjonalismen på 1700-talet, med namn som Bacon, Galileo og Newton. Som mange prestar på denne tida var Egede ein halvstudert røvar som nok har lese ganske breitt, men neppe særleg djupt, og orientert seg om emne som rørde seg i ei tid der astrologi til liks med astronomi og alkymi blei sett på som ei fullgyldig grein av kjemien. Han gjekk til verket med ei blanding av vitskapleg stringens, iherdig arbeid i marka og nidkjær nedskriving av resultata, anten dei var positive eller ei. Ofte var dei ikkje det. Ofte var premissane for gransking?ane hans bygde på mistydingar og skrudde førestellingar, rett nok heilt på line med den meste forskinga i ei tid der vitskapen var utan eigenleg metodikk og sprikte i alle retningar. Men gjennom alle femten åra han oppheldt seg i landet, støtta han seg til ei stoisk kristen tru på at det han gjorde, var rett og velsigna av Herren.

Mellom dei fyrste «vitskaplege» prosjekta han gav seg på, var ei ettersøking av «Østerbygden», ei norrøn busetjing som ein trudde låg på austsida av landet, ei mistyding som ikkje blei definitivt oppklara og avvist før sist på 1800-talet, i samband med den såkalla «konebåtekspedisjonen» til Aust-Grønland. Egede la ut på ei reise sør om landet, i en sjalupp, ein båt med gaffelrigg. Kartet han hadde som vegvisar, markerte ein kanal tvers gjennom landet, kalla Frobisher Strait (som i røynda, den gongen som no, ligg i Canada). Denne kanalen fann han ikkje av gode grunnar, og han måtte gje opp ekspedisjonen på grunn av store ismengder. På vegen tilbake fann han og teikna ned ei skildring av nokre ruinar i Sør-Grønland. Dette var den eigenlege Austbygda, men det visste han ikkje. Slik blei han den fyrste i ny tid som, ufriviljug og uvitande, skildra dei austlege busetjingane til nordbuarane.

Ein annan ting han dreiv med, samstundes med misjonsgjerninga, var å skrive ned seder og skikkar til grønlendarane, altså ein slags antropologisk studie, og å laga ei nedteikning over flora og fauna i landet. Resultata av dette arbeidet finst i boka hans, Det gamle Grønlands nye Perlustration, eller Naturel-Historie, som er den fyrste seriøse samla skildringa av landet. Naturlegvis er ho full av pussige mistydingar og merkelege ting, men samstundes eit ageleg vitnemål om fliden og handlekrafta til denne pioneren.

Det som mislukkast for Egede, prøvde guvernør Paars å lukkast med. Han var midt i førtiåra, tre år eldre enn Egede, ein avdanka oberst som hadde gått og stulla heime på garden i Vendsyssel då han, av uransakelege grunnar, blei involvert i koloniseringsprosjektet til kongen og viste seg å vera totalt inkompetent, ein forsoffen storskrytande kverulant og slagsbror.

Den 25. april 1729 forlét han den dødsmerkte kolonien og stemnde inn gjennom Ameralikfjorden, ein del av fjordkomplekset rundt Godthaab, og vandra frå enden av fjorden opp til innlandsisen. Med seg hadde han tre menn og proviant til åtte dagar og dessutan rikelege mengder med brennevin. Isfoten stengjer vegen for han, eit skremmande syn, ein loddrett vegg delt i svarte, mintgrøne og isblå spalter og juv der smeltevatn fossa i djupet. Men det lukkast for mennene å klatre opp på ei ishylle. Frå dette platået har dei utsikt innover isen. Paars skriv i skildringa si, stila til kongen: «Mens da vi et Par Timer med stor Lifsfarre derop havde avancered, blev os al videre Fremkomst forbuden. Da vi saa os ingen Fremkomst videre, satte vi os ned paa Iisen, fyrede vi vores Geværer af med dansk Lossung af 9 Skud og udi et Glas Brændevin drack vores allernaadigste Konges Skaal paa det Sted, hvor den aldri før var bleven drucket, hvilken Ære Isfieldet aldri heller tilforn er skeed.»

På dette tidspunktet hadde kongen (Frederik 4.) vore død i meir enn eit halvt år. Men det visste ikkje Paars.

Det grønlandske eventyret til Paars blei ikkje langt. Ein ny administrasjon følgde etter kong Frederiks død, og dei vog koloniseringa av Grønland på den merkantile vekta, og kanskje også den moralske, og dømde henne som ein eklatant fiasko. Mannskapet, dei som enno var i live, blei kalla heim, og sumaren 1731 pakka Paars og mennene hans saman og fór tilbake til moderlandet. Egede, som sikkert har kjent seg letta over at dette groteske intermessoet var over, hadde kome fram til at han ville bli og halde fram med arbeidet. Han beheldt nokre friviljuge frå mannskapet og litt utstyr og proviant.

Med Paars følgjer tre grønlandske born til Danmark. Tanken har sikkert vore progressiv: å gje dei ei utdanning innanfor handel og kyrkje og sende dei tilbake til nytte for Grønland. Denne metoden har blitt brukt fleire gonger, heilt opp i det 20. hundreåret, ofte med tragiske konsekvensar.

Eit av desse borna døyr i Danmark, eit anna døyr på heimreisa, det tredje, ein gut med det kristne namnet Carl, får lov å sjå att fødelandet sitt. Han kjem tilbake til Godthaab sumaren 1734, med koppe?smitte i blodet. Nå følgjer andre delen av den godthaabske katastrofen, ein epidemi som tek knekken på mesteparten av den innfødde folkesetnaden i distriktet og dessutan Gjertrud Rasch, kona til Hans Egede.

Egede eksperimenterte ein del med alkymi. Han studerte gamle bøker om emnet og kjende seg overtydd om at han stod på kanten av eit gjennombrot og snart kunne produsere gull i store mengder. Han koka legeringane sine i ei lita gryta i gruva heime i stova, ved sida av gryta med kveldsmat og graut, for å spara på brenslet.

– Tenk deg det, Gjertrud, seier han, eller føresteller eg meg at han har sagt til kona si, i det nordnorske målføret sitt.

– Gull, Gjertrud, det reine gull. Ufattelege rikdomar. Vi kunne bli frie frå handel og kanselli og usikre leveransar og ikkje minst av hr. Paars og denne babelske forvirringa han har ført til landet. Heile kolonien kunne bli finansiert rett ut av denne gryta.

Han peikar på den vesle gryta som gjev frå seg ein kvelande stank.

Kona ser uvisst på han. Ho held ei lita innfødd jente på fanget, eit barn ho har teke til seg, som ho har gjort med mange born, fordi familien som følgje av armod har bestemt seg å skilja seg av med det. Ho sit og huskar den vesle jenta på kneet og ser på husbonden sin.

– Men om du finn ein metode til å koke gull i ei gryte, Hans, kjem då ikkje gullet til å tapa seg i verdi?

– Det er difor det er ein løyndom, min kjære, seier Egede med ein slu flir.

Denne gullfeberen minner litt om vona i notida om å trylle fram gull og olje og edle metall av Grønlands undergrunn, noko som, til no, har vist seg nesten fåfengt, men som unekteleg ville ha mykje å seia for økonomien i landet og draumen om sjølvstende. Egede hadde funne ein fjellvegg inne i fjorden med noko spesiell feltspat som han samla inn og kverna til mjøl og blanda med svartkrut og andre kjemiske substansar. Det var denne blandinga som stod og putra i den vesle gryta heime hjå Egede-familien. Dei klaga over at dei fekk hovudverk og kjende seg uvel av lukta. Men Egede haldt stoisk fram med eksperimenta sine. «Gull, Gjertrud!» I ei tønne i stova – det einaste rommet i huset – oppbevarde han nokre giftige kjemikal. Ein dag då han letta på lokket, gløymde han å leggje det på att. Giftige dampar fylte stova. Kvinnene sprang opp og opna vindaugo for å laga gjennomtrekk, men for seint. Den vesle jenta, det innfødde fosterbarnet til Gjertrud Rasch, inhalerte ein for stor dose av giftdampane og døydde. Resten av husstanden låg sjuke i dagevis.

Etter denne hendinga høyrer vi ikkje meir til gullproduksjonen til Egede i dagboka. Gjertrud har vel lagt ned veto, gull eller ikkje gull.

Katastrofane kjem og går i desse åra i Godthaab, utan at det ser ut til å påverke Egede så synderleg. Han lèt til å vera ganske urørd av alt som skjer, ein ekte stoikar. Vinteren 1734–35 har han ein disputt, per brev, med leiaren hjå dei nytilkomne herrnhutane, Christian David, om den augsburgske truvedkjenninga, Confessio Augustana. David bur nokre hundre meter frå kolonien, men han og Egede tolde ikkje synet av kvarandre, difor denne utvekslinga som er teken vare på i skrift.

Samstundes med at dei korresponderer om teologiske spissfindigheiter, held den grønlandske folkesetnaden på å gå under i koppeepidemien. Berre mellom ti og tjuge prosent av alle innfødde i det store distriktet ser ut til å ha overlevd denne katastrofen. Det minner om katastrofevinteren 1728–29; alle stader ligg det lik, men denne gong?en innfødde.

No ytrar Egede for fyrste gong tvil om gjerninga til danskane i landet har vore til gagn eller ikkje for folket der. Tonen i dagboka blir meir desillusjonert, og dagboksnotata blir meir kortfatta og konstaterande.

Men den endegyldige katastrofen, for Egede, skjer då kona, Gjertrud Rasch, legg seg i sotteseng og ikkje kjem seg opp att. Ho døyr den 21. desember 1735, og Egede skriv det knurrande, bitre og litt sjølvmedlidande dagboksnotatet som eg har sitert i ein tidlegare artikkel, men som toler å bli teke opp att: «Den 21de behagede det den alvise gode Gud, til al anden mig tilstaaende Viderværdighed og Modgang i Grønland, ogsaa at bedrøve mig med min allerkiæreste Hustrues Henkaldelse ved Døden.»

Ikkje vanskeleg å forstå fortvilinga i dette notatet, men som notidig lesar kan ein ikkje la vera å tenkje på at mesteparten av den grønlandske folkesetnaden har stroke med ved same høve.

No bankar krisa på døra også for stoikaren Egede. Det kjennest nesten frigjerande når han endeleg bryt saman. For fyrste gong i dei femten åra han har levd i landet, får han eit anfall av skjørbuk. Og han får ein depresjon. I dagboka gjer han status over resultata han har oppnådd: få døypte, og dei fleste døde av koppar. Kolonien skrantar, mildt sagt. Merkantilt har han vore ein dundrande fiasko. Sjølv er han sjuk og utsliten. Og herrnhutane, rivalane i misjonen som har samla seg ein stor kyrkjelyd på den andre sida av halvøya som syng og dansar i fri luft så ein høyrer det heilt hit til kolonien, briskar seg over sin suksess og hans fiasko.

Egede går rundt og mumlar harmt mot Gud. Han spottar han, han kjenner eit sterkt hat til han og tenkjer at Gud må vera vond. Så endar også han i sotteseng og får eit anfall, kjenner seg paralysert, freistar å rope på familien, men får ikkje fram ein lyd, trur han held på å døy. Etter nokre timar lettar det litt. Han ligg i fleire timar og resiterer bibelstader, mellom anna Salmane 31: «Ver meg nådig, Herre, for eg er i naud. Mitt auga sløvest av bitter sorg, ja, mi sjel og min lekam òg. Livet mitt kverv i sut, åra går med sukk. Min styrke sviktar på grunn av mi skuld, og beina i kroppen veiknar. Eg vert til spott for mine fiendar, til hån for alle mine grannar. For dei som kjenner meg, er eg ei gru, på gata går folk av vegen for meg.»

Eit halvt år seinare, den 29. juli, held han avskilspreike, og den 9. august går han om bord på skipet som tek han og dei to døtrene Kirstine og Petronella velberga heim til Danmark der han blir sokneprest, biskop over Grønland, gifter seg, skriv bøker, blir namngjeten i heile kongeriket og lever tjuge år til – i sanning ei oppstode. Hans Egede er stoikar til sin død, bortsett frå den kortvarige krisa i Godthaab.

Claus Enevold Paars tek opp att den militære karrieren etter atterkoma til Danmark og oppnår ein høg rang. Han lever til 1762 og døyr nesten åtti år gamal utan etterkomarar.

Desse to radikalt ulike mennene, stoikaren Egede og den forsofne galningen Paars, teiknar to ytterpunkt i eit spektrum av menn som har verka på Grønland dei siste snart tre hundre åra. Spørsmålet er då: Er du ein Egede eller ein Paars? For min del vil eg helst ikkje vera nokon av dei, men eg veit at eg, som dei fleste, må finnast ein plass på denne skalaen mellom to ekstremar.

Kim Leine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Den 21de behagede det den alvise gode Gud, til al anden mig tilstaaende Viderværdighed og Modgang i Grønland, ogsaa at bedrøve mig med min allerkiæreste Hustrues Henkaldelse ved Døden.»

Hans Egede, 1735

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis