JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Klårsynt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Resultat frå i.Profiler plus. Fargane syner avvik frå normal bylgjefront i mikrometer. Det venstre auget mitt har mykje mindre variasjon (aberrasjon) enn det høgre auget.

4603
20230317
4603
20230317

«No ser du arrogant ut». Kona gav alltid klår beskjed når eg trong nye briller. Då sat eg som regel med nasen i sky og las avisa gjennom nedre kant av dei progressive glasa.

Denne gongen måtte eg finna det ut sjølv, og det tok så lang tid at butikken til Optikus Martin O. Nielsen har flytta fleire etasjar opp og fått heilt ny innreiing som får meg til å føla meg som skodespelar i ein framtidsfabel.

Etter nokre innleiande frasar er eg klar for å testa synet. Eg legg hovudet på blokka i eit mørklagt rom og stirar med eitt auge om gongen inn i ein for meg ny maskin kalla Zeiss i.Profiler plus. Det er ein Shack-Hartmann bylgjefrontsensor. I denne ser eg figurar og sirklar med meir eller mindre skarpe prikkar. Optikaren justerer til eg ser ting skarpt. Når han er ferdig, viser han meg resultatet på ein iPad. Dei vakre auga mine, med hornhinne, pupill og linse, er omgjorde til to runde sirklar fylte med fargar som fortel kor stor skilnad det er til eit perfekt syn.

Maskinen sender inn 1500 laserstrålar over heile pupillen som vert reflekterte frå netthinna tilbake gjennom auga, før dei treffer ei rad små linser med ei kamerabrikke bak seg. Ved å justera dei små linsene til bilete som treffer kamerabrikka, vert perfekt, kan ein måla attgjevingsfeil (aberrasjon) i auget. Fordelen med denne maskinen samanlikna med vanleg test av synet basert på testlinser, er at ein får målt feil over heile pupillen, då maskinen måler synet i mørket.

Dersom du brukar briller, har du kanskje sett på brillesetelen? Er du nærsynt, står det nokre minustal på han. Er du langsynt, er tala positive. Kva tyder dei? Avvik frå perfekt syn. Dersom du er nærsynt, bryt auga dine ljoset for mykje, og det vert samla i eit punkt før netthinna, og du ser uskarpt.

Ved å setja ei brille framfor auga reduserer ein brytninga slik at ljoset vert samla på netthinna. Eit normalt auge har ei brytning på 60 diopter (1/meter) som gjev ei fokallengd på 17 millimeter. Fokallengda er avstanden frå linsa til brennpunktet.

Har du minus 1 på brillesetelen, har auga dine ei brytning på 61 diopter. Du må samla ljoset med ei konveks linse i brillene. Er du langsynt, vert ljoset brote for lite, og du må korrigera med ei konkav linse i brilla som spreier ljoset slik at det treffer netthinna rett.

Zeiss i.Profiler plus måler bylgjeforvrenginga i auga slik at ein kan få briller som gjev godt nattsyn på kjøpet.

Dersom du studerer brillesetelen noggrant, vil du sjå at det står sp (sfærisk), cyl (sylindrisk) og ax (aksial). Sfærisk står for korreksjon av nærsynet eller langsynet. Sylindrisk viser kompensasjon for skeive hornhinner, og aksial er vinkelen der skilnaden i brytning er størst. Aksial 90 grader er loddrett. Kjøper du progressive briller, vil det også vera eit felt med add (adder) som seier kor mykje ekstra styrke som trengst nedst i brillene.

Med Zeiss i.Profiler plus, som måler bylgjeforvrenginga i auga, er det mogleg å ta brillesetelen til neste nivå. Han finn feil over heile pupillen, medan den gamle undersøkinga av synet berre finn feil i senteret av pupillen, då pupillen er liten i sterkt ljos.

Bylgjeforvrenginga kan modellerast med såkalla Zernike-polynom. Dei har matematiske eigenskapar, ortogonale funksjonar på arealet av ein sirkel, som gjer dei veleigna til å noggrant skildra forvrenginga og dimed også gje eit godt utgangspunkt når ein skal laga briller for å kompensera for feila.

Lågare ordens attgjevingsfeil (aberrasjon) som dei du finn på brillesetelen, kan skildrast med dei enklaste Zernike-polynoma, medan høgare ordens aberrasjon treng stendig høgare ordenspolynom.

Strålande, då er det berre å tinga briller som gjev meg perfekt syn same kor stor pupillen er. Endeleg kan eg få sjå nattehimmelen slik han eigentleg ser ut. Vel, det er diverre ikkje så lett. Då auga er i stendig rørsle, kan eg ikkje få den optimale brilla, men ein kan ta omsyn til høgare ordens aberrasjon når ein lagar brillene, slik at dei vert best mogleg.

Har optikaren vorten arbeidslaus? Kan ein i framtida berre stikka hovudet inn i ein Shack-Hartmann-maskin på eit kjøpesenter og få briller i posten etter ei stund? Nei, noko av det viktigaste med å undersøkja synet er å få til binokulær balanse, det vil seia godt samsyn. Det kan ikkje maskinen gjera, då han berre måler eitt auge om gongen.

Eg må venta eit par veker på dei nye brillene mine. Data om mitt blikk på tilværet vert sende til ein fabrikk som lagar presisjonsglas med datastyrt laser basert på Zernike-polynoma mine. Det er det næraste eg kjem skreddarsaum. Eg tek på meg brillene og ser takksamt på optikaren. Eg ser verda med nye briller. Det er berre å ta natta attende.

Per Eilif Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis