JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Gleda frå havet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gløym ikkje at blåskjel finst! Enkel og smakfull mat som dei fleste likar.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

4351
20230414

Blåskjel

Mytilus edulis er ein skjelart i familien Mytilidaea, populært kalla blåskjelfamilien.

Fargen på skalet er blåfiolett til brunsvart og forma avlang.

Over heile verda vert skjela brukte i mat, og det vert dyrka store mengder i Europa, USA og Asia. Produksjonen som vart rapportert i 2019, var på 170.000 tonn.

Bladfyken er no heime frå det store utlandet. I nokre veker har eg budd i eit kystnært strok i det sørvestlege Frankrike, ved foten av Pyreneane. Det er eit ganske særmerkt landskap, med dei små kystbyane der vinproduksjonen står sterkt.

Vinrankene står planta på geledd på knausar og knudrete toppar, det er drua grenache som er sjefen, og kvar einaste vert plukka for hand. Det er ikkje mogleg å modernisere eller arbeide med maskinar, dei ville trilla nedetter straks.

Her finst også kloster som produserer mengder med vin. Eg har sjølvsagt smakt på han og kan slå fast at dominikanarmunkane som budde der i gamal tid, ikkje kan ha hatt mykje å klage på. I alle fall ikkje på promillen.

Ting vert gjorde på meir moderne vis no, men eg kan enno sjå for meg at livet i kloster slett ikkje kan ha vore så gale, sett bort ifrå at dei kvar dag må stå opp før fanden får skoa på, og syngje lovsongar. Eg får håpe ikkje mange av munkane var notoriske B-menneske, slik bladfyken er. Om eg ved ein inkurie skulle vakne klokka fire om morgonen, er lovsong ikkje det fyrste eg tenkjer på, det kan eg garantere.

Roussillon kan òg by på flotte sandstrender, nokre av dei fleire kilometer lange, og slik luksus finst jo ikkje på den meir fisefine rivieraen, til dømes i byane Antibes, St. Tropez, Cagnes-sur-Mer og Nice. Der må rikingane og oligarkane trakke i småstein for å komme seg ut i badevatnet, og det er kanskje eit lite pek ovanfrå, for alt eg veit.

Uansett kan ein få strålande fisk og skaldyr langs heile kysten, og det var i Frankrike eg lærte at skaldyr ikkje har si stjernetid midt på sommaren. Nei, dei er på sitt aller beste når det er kaldare i vatnet.

Er eg ved kysten, er då heller ikkje biff det fyrste eg tenkjer på kvar dag, slik enkelte framståande nordmenn no tydeleg har meldt frå om. Nei, eg vil ete havets frukter. Dei gode restaurantane er gjerne fullsette om ein ikkje har tinga bord, og også her kan ein merke at dei slit med å få nok personale.

Ved eitt høve var vi om lag 50 gjester på éin servitør, og sjølv om ho var effektiv, gjekk det jo over stokk og stein innimellom. Eg fekk mat eg ikkje hadde bestilt, og brandaden var kald og måtte sendast ut for å varmast opp att. Krabbe er det vanskeleg å gjere noko feil med, om du då ikkje er i land som innbiller seg at dei må stappe ho altfor full med sterke eksotiske krydder, som dei gjer i Thailand.

Vel heime merkar eg at matvanane mine enno går i maritim retning, så eg skaffa noko eg elskar høgt, men ofte gløymer å kjøpe: blåskjel. Verdas enklaste måltid, og smak i massevis. Den mellomeuropeiske vanen med å servere pommes frites og majones til blåskjel, stiller eg meg noko undrande til. Nei, lat det vere enkelt, kjøp heller den dyraste loffen og smør på med godt smør.

Kjøper du to kilo blåskjel, kostar det deg ein dryg hundrelapp, så denne maten gir valuta for pengane. Ha litt olje i ei stor gryte. Hakk opp ein halv lauk, ein tomat og ein halv fennikel, og legg alt i gryta. Har du fleire gjester, brukar du meir grønsaker.

Eg likar det litt sterkt, men som sagt ikkje for mykje, så eg klemde oppi ei ørlita stripe harissa, ein nordafrikansk chilipasta. Lat alt surre til lauken er mjuk, klem i ein halv lime eller sitron og slå i eit halvt glas cava eller kvitvin. Ikkje ha i meir væske, for skjela er fulle av vatn, og det av det salte slaget, så tenk aldri på å bruke salt heller.

Skru opp varmen på fullt, ha i skjela, bland dei litt med grønsakene med ei sleiv og set på lok. Rist litt på gryta med loket på innimellom, og etter om lag fire minutt har dei opna seg, klare til å nytast.

Får du mykje til overs av det flytande når skjela er etne, er det ikkje noko i vegen for å utnytte det dagen etter. Ha i ein vaksen dose fløyte og bruk litt sukker om det trengst, for å dempe saltet, legg i fint skiva gulrot, fennikel og pastinakk, dei vert mjuke på nokre minutt, og vips – så har du eit par herlege tallerkar skaldyrsuppe dagen etter. Pris våren!

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

post@nordbo.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis