JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Gjengangarane

Sei meg kva du driv med, og eg skal fortelje deg kva kundane dine seier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er noko rituelt ved å ta ei tatovering, sidan ho blir permanent, seier tatovør Tomas Brudvik.

Foto: Ingvild Bræin

10707
20220708
10707
20220708

redaksjonen@dagogtid.no

Eg har jobba som postbod i Bergen sentrum av og på gjennom seks år. Etter kvart merka eg meg at folk møter postbodet i oppgangen sin på to måtar: anten nedlatande, som om postbodet er luft, eller så er dei vennlege, imøtekommande og takknemlege for at ein driv og ber rundt på alle blada dei abonnerer på.

Eg merka meg òg at det var enkelte ting svært mange sa, og at alle trudde dei hadde kome på det sjølv. Det hadde dei jo, men menneska er tydelegvis mindre unike enn ein skulle tru. Dei to gjengangarane var: «Har du kjærleiksbrev til meg i dag? (blunk, blunk)» og «Er det rekningar, berre kast dei (hoho).» Kvar gong tenkte eg at eg fekk le og blunke like mykje tilbake, gi dei denne opplevinga av å vere geniale.

Så tenkte eg at eg sjølv heilt sikkert seier det same til drosjesjåførar («Er det travelt i dag?»), til helsepersonell («Finn du den blodåra?») eller elektrikarar («Får du mykje kontakt med folk?»), for å nemne nokre område – og eg òg trur eg er så original.

Det er på tide å kome til botnar i kva enkelte yrkesgrupper heile tida får høyre i jobben sin.

Tatovøren

Eg har sjølv vore fire gongar hos tatovør Tomas Brudvik ved Let’s Buzz i Bergen og fått festa motiv til kroppen. Eg hugsar ikkje heilt kva eg har spurt han om, men det kan ha vore «Er det lenge igjen?», som han fortel er noko han høyrer ofte. «Kan eg ta med ein ven?», er ein annan gjengangar, eller: «Hei, eg vil ha dette motivet så snart som mogleg. Pengar er ikkje noko problem.»

Mange spør: «Gjer det vondt?» Svaret er ja, seier Brudvik, det gjer alltid vondt.

– Men det er noko rituelt ved å ta ei tatovering, sidan ho blir permanent. Det må ein førebu seg mentalt på, men det er også noko av det som gjer opplevinga magisk.

Når Brudvik har laga omrisset, kan kunden seie, kanskje fordi det alt har gjort nok vondt: «Eg synest det ser bra ut med berre strek, utan fargar.» For å kome kundane sine i møte psykologisk seier han aldri at det er fem minutt igjen, om det er det. Då seier han ti. Så førebur dei seg på meir langvarig smerte enn dei får, og blir letta og overraska når innspurten gjekk så greitt.

Evna menneska har til å identifisere seg med kyr, kjem kanskje fram i spørsmålet om tatoveringa blir svidd inn med varme. Det er inga sviing i sving, kan Brudvik stadfeste.

Kundane viser dessutan omsorg for tatovøren sin når dei spør: «Slit du med ryggen?»

Når kundane ikkje kjem til ein time, er forklaringa i etterkant gjerne denne: «Eg hamna akutt på sjukehus, utan telefon.» Akkurat som om nokon i dag er utan telefon.

– Kva er årsaka til dette? Kalde føter?

– Ja, eller at det er lang ventetid. Dei har kanskje ikkje pengar til tatoveringa akkurat når timen omsider dukkar opp.

Pubverten

Ein lystig kveld møter eg Richard Warendorph, pubvert på Herr Nilsen i Oslo. Eg synest det er ein kjempegod idé å spørje om han vil vere med i denne saka, etter nokre øl. Han seier at i tillegg til at folk sjølvsagt spør om ølsortar og om dei har matservering, skjer det rett som det er at folk etter å ha fått servert ein øl spør: «Må eg betale for han òg?»

Spørsmålet «Kva tid stenger de?» blir gjerne stilt av folk som definitivt ikkje kjem til å halde ut til stengetid, gjerne mange timar før dei stenger, fortel han. Andre klassikarar er «Eg tek gjerne ein null-fire, for null-sex får eg nok av heime», «Denne ølen er øydelagd» (glaset er tomt), eller slektningen «Det er hol i glaset mitt». Og: «Tar du Ruter-kort?»

Seier du «Eg kjenner sjefen og skal ha personalpris», blir du automatisk behandla ørlite grann dårlegare, kan han røpe. Ei vanleg avslutting på kvelden kan vere at ein gjest seier: «Men eg må jo få lov til å drikke opp!» når klokka er 03.30 og gjesten har fått fleire påminningar om at all alkohol må vere vekk då.

– Kva er det raraste spørsmålet du har fått?

– Det er «Kvar er trappa til andre etasje?». Vi hadde ingen andre etasje, men vedkommande gav seg ikkje, og gjentok spørsmålet til han blei beden om å forlate lokalet.

– Er rusa folk greie eller slitsame?

– Rusa menneske er som oftast greie å ha med å gjere, med nokre få unnatak, og det er gjerne dei som er slitsame når dei er edrue også.

– Er det mange som kjem til deg med liknande spørsmål som eg gjorde, som å be deg vere med i denne saka?

– Det hender at gjestar får idear etter eit par glas øl, og av og til inkluderer dei meg i planane sine. Då må eg alltid be om at dette blir tatt opp igjen i edru tilstand.

– Og då eg tok kontakt med deg på ny, var eg jo edru.

– Ja.

Frisøren

Når eg spør ulike frisørar om kva dei høyrer i salongen sin, seier dei at kundane deira stort sett snakkar om nyhendebildet. I det siste har det dreidd seg om koronapandemien eller om krigen i Ukraina. Når frisøren vaskar håret til kunden, som er ein intim situasjon, kan det hende kunden fortel noko personleg. Somme har det òg slik at dei treng å kome til frisøren for å få snakka om det dei har på hjartet, at dei ikkje har så mange andre å dele det med.

Frisør Else Marie Nistad deler nokre setningar frå tida si i Balsam Frisør i Bergen. Ho måtte nyleg gi seg som frisør på grunn av allergi og bur no i Hønefoss.

– Herrekundar med lite eller ikkje noko hår på toppen, kan seie: «Eg vil gjerne ha midtskil.» Eller: «Denne luggen kryp berre lenger og lenger bak. Kva kan du gjere med det?» Eldre kundar kan seie: «Her ser du, håret flyttar seg og tyt ut i både øyre og nase.»

Nistad seier at det òg finst kundar som ikkje forstår kor vanskeleg det er å få heimefarga, svart hår til å bli blondt på éin dag, uansett kor mykje ein forklarar prosessen. Og så er det alle dei som kjem og seier dei berre treng «ein kjapp klipp, det tar jo berre fem minutt».

– Litt rart var det då det kom ein kunde som brukte frisørterminologien, eller trudde ho kunne han, og ville bli klipt ut frå desse skildringane. Merkeleg, tenkte eg, dette kunne jo ikkje bli ein riktig klipp. Det blei det ikkje heller.

– Er det litt som legar som får pasientar som har googla seg til eit symptombilde når dei sit der på legekontoret?

– Det kan vere.

Tannlegen

På Colosseum Tannlege Bergen held spesialist i periodonti, Knut N. Leknes, til saman med teamet sitt. Leknes, tannpleiar Bodil Ormset Leknes og tannlegesekretær Gry Wågsæther har gått saman om å svare på spørsmåla.

Ting dei ofte høyrer, er: «Eg har hatt det så travelt i det siste at eg ikkje har fått pussa tennene mine skikkeleg», «Trur du eg blir mindre vis om eg fjernar visdomstennene, hehe ...?», «Du skjønar, skuletannlegen bora sund alle tennene mine, det var nok ikkje hol i dei alle» og «Å, eg skulle ha fått eit tredje tannsett!»

– Kva er det raraste spørsmålet de har fått?

– «Kvifor slevar eg slik når eg får servert god mat?»

– Er det mykje ordspel og vitsing i omløp?

– Ja, som i «Eg har nok tenner til å bite frå meg» og «Du kan vel lesa alderen på tannsettet, som på hesten?», eller den lokale «Eg er bergensar, så du må vel få plass til røntgenfilmen her». Slitasje på tennene blir ofte kalla «tidens tann».

Filosofen

Dei fleste knyter filosofi til å tenke. Etter det blir det litt uklart for mange kva faget dreiar seg om. Dei seier gjerne: «Eg er filosof sjølv, eg, eg tenker på mykje rart!» «Då», seier filosof Vigdis Hølen i Drammen, «kunne eg sagt til ein matematikar: ’Eg er òg matematikar, eg har jo kalkulator. Puslar mykje med han!’»

Ein gjengangar i sosiale settingar, når folk spør kva ho har studert, er: «Kva har du kome fram til så langt?»

– Med det trur eg dei meiner at filosofi handlar om spørsmål og svar, og kva for svar har eg funne, då?

Andre tenker tvert om at filosofi er ei grein for spørsmål utan svar. Men det er jo ikkje slik at om du blir spurd «Kva skal du ha til middag i dag?», og svarar «Eg veit ikkje», så driv du med filosofi, seier Hølen.

Mange signaliserer at filosofi for dei er noko røyndomsfjernt, utan praktisk betydning. Dei kan spørje: «Kva driv du med heile dagen?»

– Eg trur dei ser for seg at eg sit på ein stubbe ute i skogen, eller som «Tenkeren» av Rodin på golvet. Der sit eg og tenker på saker som om eit tre som fell i skogen når ingen er der, lagar lyd.

Nokre forvekslar filosofi med psykologi, og kan be Hølen om råd om mellommenneskelege relasjonar på eit litt for bakkenært plan. Så er det dei som trur at filosofi er å postere med livsvisdomsslagord som folk deler på sosiale medium, carpe diem-type. «Du har berre dagen i dag» og så vidare, gjerne akkompagnert av eit bilde av ei kvinne i solnedgang sett bakfrå.

Hølen har undervist i ei årrekke. Gjengangarane i forelesningssamanheng har delt seg i to, grovt sett. Det er det ærbødige «Dette er kanskje eit dumt spørsmål, men…», medan andre kan vere overmodige og avvise heile Aristoteles etter to innføringstimar.

– Det kan ein gjere, men det er ein fordel å vite litt meir om Aristoteles først, og det krev argumentasjon.

– Kva er dei raraste spørsmåla du har fått?

– Det er når studentane spør om kva dei gamle grekarane meinte om eit moderne fenomen. For eksempel: «Kva meinte Heraklit om sykling?» Då skal eg for all del ikkje latterleggjere dei, men eg må jo likevel gjere merksam på at eg ikkje trur Heraklit dreiv så mykje med sykling. For å forstå tenkingas historie hjelper det å forstå historie. Platon var ikkje kristen, kristendommen blei etablert etterpå. Det er heller ingen vits i å spørje Platon om andre verdskrigen. Platon hadde ikkje lese Sartre, men Sartre hadde nok lese Platon. Det gjeld å stable rett.

Like i vår ulikskap

Når eg spør alle desse folka om dei blir leie av spørsmåla og kommentarane som gjentar seg, svarer dei litt ulikt. Pubvert Richard Warendorph seier at stort sett prellar flåsete kommentarar eller «dumme» spørsmål av. Men om han er sliten, eller han har høyrt den same vitsen mange gongar same dag, kan han velje å spele dum og ta spørsmålet bokstaveleg. For eksempel om gjesten spør om han må betale for seg.

Tannlegeteamet Leknes hevdar at dei ikkje blir leie av at pasientar fortel. Sjølv om emnet har vore omtala tidlegare, blir alle historier ulike, sidan dei blir fortalde av ulike personar, og ofte med glimt i auga. Filosof Vigdis Hølen er opptatt av å seie til studentane at det ikkje finst dumme spørsmål, men det hender dei treng hjelp til å finne det spesifikt filosofiske i det dei spør om. Dei andre, som trur dei veit kva filosofi er, altså sitte på ein stubbe og tenke, kan ein gjerne opplyse litt.

Det er med andre ord relativt mykje tolmod ute og går. Men det er forbløffande å tenke på kor like vi alle er, når vi skal prøve å vere originale. Eg tenker: Kva er det folk som oftast spør journalistar om? Vi blir vel ikkje spurde så ofte. Mest baksnakka, kanskje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis