JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Fascinasjonen for juks

Magnus Carlsen tek eit oppgjer med eit eksistensielt trugsmål for sjakkspelet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingen kan som Magnus Carlsen seia at eit trekk eller ein trekkserie ikkje er menneskeleg. Difor er det så risikabelt å juksa mot verdsmeisteren, som unge Hans Niemann har fått røyna.

Photo: Lennart Ootes/Grand Chess Tour

7648
20220930
7648
20220930

Kommentar

atle.gronn@ilos.uio.no

Kan det vera for mykje sjakk i norske medium? Eg smilte blygt då nok ein kollega i heisen pensa samtalen over på mediebiletet. «Det skjer jo viktigare ting i verda», kontra eg, før ho byrja åtaket. «Jo, men fascinasjonen for juks er like gamal som mennesket sjølv», sa professoren i fransk barokklitteratur. «Det har du rett i», sa eg nøgd.

Eg har engasjert meg i sjakkjuks i lang tid. Ikkje alle historier kjem fram i ljoset, og fleire skuldige går fri. Samstundes har verdseliten dei siste åra vore fri for juks. Dette kan koma av at sjakkspelarar på høgste nivå har høgre moral og er meir intelligente enn andre sportsstjerner, men like viktig er det nok at det ikkje er altfor mykje pengar i sjakk. Verdseliten, som er ein liten klikk, nyt godt av invitasjonar til dei beste turneringane og trivst med det. Dei har ikkje noko ynske om å endra på status quo.

På nivået under verdseliten er situasjonen heilt annleis. På lægste nivå er det verst. Den leiande sjakkplattforma Chess.com kastar ut opp mot 20.000 spelarar i månaden. For dei aller fleste av desse juksarane er sjakk berre eit brettspel, og dei juksar med lett hand, slik dei også juksar i kortspel på hytta. Den typiske nettjuksaren kjem til sjakken på slump, til dømes frå Queen’s Gambit eller ein annan TV-serie, og kan ikkje stort meir enn reglane.

Den type juks har ikkje noko med sjakk å gjera, men med menneskeleg moral. Det nybyrjaren ikkje veit, er at milliardkonsernet Chess.com har utvikla algoritmar som avslører lange seriar av datatrekk, som når juksaren spelar på PC-en, men samstundes får hjelp frå eit analyseprogram på mobiltelefonen.

Jukseskandalane

Dei siste åra har vi hatt eit dusin spektakulære juksehistorier. Eg rapporterte den blinde vektlyftaren Stein Bjørnsen til sjakkforbundet same dag som han vann ei turnering på Fagernes med perfekte datatrekk. Sjølv kunne han knapt spela sjakk, men han fekk mykje sympati frå det norske folk den fyrste tida av di vi menneske likar å tru på gode historier. Vi vil gjerne tru det beste om amatøren som over natta vert eit geni. For Bjørnsen kom sigrane på sjakkbrettet frå kommunikasjon med ein «hjelpar» (maskin og/eller menneske) via ein øyreplugg.

Så har vi stormeisteren Igor Rausis frå Latvia, som var ein sterk spelar då han slo meg på ærleg vis på Gausdal i prehistorisk tid, i 1997 – før dataprogramma og mobiltelefonen tok over livet hans. 58 år gamal, i 2019, var gamle Rausis sensasjonelt på veg opp mot verdseliten. Han vann nesten umerkeleg små amatørturneringar med perfekt spel, og ratinga peika rakt oppover. Rausis var ikkje noko teknisk geni og juksa på enkelt vis med ein mobiltelefon på toalettet. Ein arrangør fekk til slutt teke eit bilete av mannen med buksene nede.

Meir raffinert var juksinga til den franske landslagsspelaren Sébastien Feller under sjakk-OL i 2010. Stormeisteren hadde to hjelparar: Den eine sjekka den aktuelle sjakkstillinga med dataprogram og sende deretter datatrekket som ein kode til den andre hjelparen, som gjekk rundt i spelelokalet. Denne personen, som eg kjenner personleg frå kortspel og fanteri i 80-åra, plasserte seg deretter på det «feltet» Feller skulle flytta neste brikke til. Franskmennene hadde altså på utspekulert vis visualisert spelelokalet som eit sjakkbrett med 8 x 8 felt.

Berre éin gong i vår moderne dataæra har verdseliten vore under lupa. Det var då den bulgarske verdseinaren Veselin Topalov i 2005 gjekk frå å vera best blant likemenn til å verta «uslåeleg». Han spela med eitt på eit nivå verda ikkje tidlegare hadde sett. Russarane, med verdsklassespelaren Aleksandr Morozevitsj i spissen, mistenkte juks. Teorien deira var at manageren til Topalov, den eksentriske bråkmakaren Silvio Danailov, analyserte partia til Topalov med mobiltelefon og kom med ein fysisk gest frå tilskodarplassen som eit lite signal om at «det var noko i stillinga».

Magnus Carlsen seier i dag at om han får eit slikt signal éin gong i laupet av eit parti – i ei kritisk stilling – er det nok til å gjera han uslåeleg. Spelarar på Carlsen og Topalovs nivå treng ikkje meir enn eit lite hint, så kan dei sjølve finna fram til det avgjerande trekket på brettet. Det er uendeleg mykje lettare å vera genial når ein veit at det er noko å leita etter.

Om Topalov juksa den gongen, får vi nok aldri veta. Seinare vart Topalov ein heilt vanleg verdsklassespelar som Carlsen og dei andre kunne stola på. Jukseskuldingane i 2005 tok like fullt ei minneverdig vending då Topalov og rabiate Danailov skulda russaren Vladimir Kramnik for toalettjuks i VM-kampen i 2006, der Kramnik slo Topalov. Denne hatduellen vart kjend som «Toiletgate». Dei to VM-motstandarane helsar framleis ikkje på kvarandre.

Det er rett at ein nervøs Kramnik drakk mykje te under partia i 2006 og var ofte på toalettet, men alle skjøna at den bulgarske duoen kom med desse skuldingane som hemn mot russarane, som hadde fornærma Topalov året før. Kramnik spela ikkje datatrekk. Ferdig med den saka.

Tenåringen frå USA

Ein som spelar datatrekk, er amerikanaren Hans Niemann (19). Saka er mykje enklare enn mange trur.

Fyrst vil eg seia at eg ikkje ser på Magnus Carlsen som ein moralsk autoritet i spørsmål som gjeld medlemsdemokrati og gambling. Eg har kritisert han kraftig tidlegare, og konflikten mellom Carlsen og Sjakk-Noreg i 2019 enda med at verdsmeisteren melde seg ut av forbundet.

Men Carlsen er den største autoriteten i verda på sjakkjuks. Alle kan sjekka om ulike trekk samsvarer med forslag frå eit dataprogram, men ingen kan som Carlsen seia at eit trekk eller ein trekkserie ikkje er menneskeleg. Difor er det så risikabelt å juksa mot verdsmeisteren. Han sa for eit år sidan at sjakkjuks trugar sjakkspelet, men at han sjølv aldri har mistenkt ein motstandar for å juksa i klassisk langsjakk over brettet. Før no.

Heile verdseliten har vore skeptisk til Niemann i lang tid, i alle høve etter pandemien, då han kopierte bragda til gamle Rausis og gjekk frå å vera ein «sterk spelar» til å nærma seg verds­eliten på under to år. Carlsen, Nepomnjasjtsjij og Caruana protesterte difor til arrangøren mot at Niemann vart invitert til superturneringa Sinquefield Cup i St. Louis i byrjinga av september.

Etter at Carlsen tapte mot Niemann i 3. runde og trekte seg frå turneringa i protest, har ekspertar på ulike nivå grave fram mirakel og prov i hopetal. Niemann har i årevis juksa på Chess.com og er utestengd frå nettsjakken. Sidan januar 2020 har Niemann spela ti parti fysisk over brettet som skårar 100 prosent på korrelasjon med datatrekk i ein test utarbeidd av det verdsleiande sjakkfirmaet Chessbase. I same periode har Niemann 23 parti som skårar over 90 prosent på denne testen. Er slike mirakel moglege? Lat oss samanlikna med Carlsen.

Sidan januar 2020 har Carlsen spela to parti som skårar 100 prosent og to parti som skårar over 90 prosent på den same testen. Skilnaden er enorm og syner at Niemann i avgjerande parti spelar på eit nivå langt over verdsmeisteren.

Då Niemann med svart slo Carlsen i Sinquefield Cup, måtte han vedgå at dei fyrste 20 trekka – den geniale opninga – var eit «mirakel». Nei, slike mirakel finst ikkje. Det er ikkje meir å seia om den saka.

Ein kan diskutera detaljane, men eg vil gje Carlsen ros for at han har reagert så kraftig. Domarar, arrangørar og verdssjakkforbundet heng etter når Carlsen tek lova i eigne hender og seier klart at sjakken ikkje kan akseptera juks.

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi vil gjerne tru det beste om amatøren som over natta vert eit geni.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis