JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Elleve år med søknader og byråkrati

Å få lov til å byggje eit hus – kor vanskeleg kan det vere? Det kan ta si tid når brev skal sendast fram og tilbake til kommune, statsforvaltar, Sivilombodet, Vatn og avløp, naboar og arkitektar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9571
20221118
9571
20221118

marenbbo@gmail.com

«Ombudsmannen spurte Fylkesmannen hvordan utnyttelsesgraden for eiendommer som ikke er behandlet etter reguleringsplanen, er relevant ved vurderingen av om hensynene bak en bestemmelse i reguleringsplanen blir vesentlig tilsidesatt.» Sivilombodet 19. april 2016, i brev til statsforvaltaren om søknaden min.

Eigentleg tenkte eg å opne med eit kort sitat, men korte setningar var vanskelege å finne, trass i at permen med søknadspapir er tjukk. Sitatet er henta frå eit brev der Sivilombodet ber statsforvaltaren behandle saka på ny. Saka handlar om ei draumetomt på Rennesøy, ytst ute i Ryfylke, der eg og sambuaren min ville byggje hus.

Tomta var regulert gul og i utgangspunktet klar til byggjast på. Ho låg rett ved sjøen. På fine dagar vert staden, når vinden løyar, til ei lun badevik, og eit morgonbad vil ikkje vere utenkjeleg.

Sambuaren min hadde arva denne tomta, og når me fyrst hadde sett føre oss eit liv her, var det umogleg å tenkje seg å bu nokon annan stad.

Spesiell tomt

Ei spesiell tomt skulle det vise seg å vere. Spesiell fordi ho var fin, men fyrst og fremst fordi det fort synte seg at det ikkje skulle verte lett å få løyve til å byggje på ho. Det skulle ta elleve år før søknadsprosessen var over. Kort oppsummert gjekk det føre seg slik:

* Førehandskonferanse hos kommunen

* Arkitektane teiknar hus

* Søknad om rammeløyve går inn

* Nabovarsel går ut

* Naboklage kjem inn

* Søknad godkjend av kommunen

* Tillegg til klage frå nabo kjem inn

* Kommune vidaresender vedtak til statsforvaltaren

* Statsforvaltaren godkjenner søknaden

* Klage til Sivilombodet går ut

* Varsel om at saka er oppe til ny vurdering

* Sivilombodet ber statsforvaltaren sjå på sak på nytt

* Statsforvaltaren varslar mogleg oppheving av vedtak

* Statsforvaltaren opphevar eige vedtak

Då statsforvaltaren hadde oppheva sitt eige vedtak, kjendest tre år med søknader forgjeves, og me rykte tilbake til start. Det var då me byrja å lure på om det var tomta eller byråkratiet som var mest krevjande.

Tidsfeller

Eitt døme på forseinkingar er ein påstand om feil i behandlinga av søknaden. I eitt tilfelle trudde til dømes klagaren at arkitekten hadde rekna feil areal. Det tok fleire månader å sjekke utrekninga, for så å finne ut at reknestykket var rett likevel.

Eit anna døme er saksbehandlarar som sluttar undervegs, eller tek ferie akkurat når saka skal opp til behandling i kommunen. Då må kanskje saka forklarast heilt på nytt, og her snakkar me ikkje om ei sak som lèt seg forklare i forbifarten på butikken. Vips så vart det eit par månader til med venting.

Ei tredje tidsfelle var lovverket, som nokre gonger syntest å kunne tolkast i alle retningar. Kva skulle til dømes inkluderast i byggarealet? Og korleis skulle ein vekte fordelar mot ulemper ved ein mogleg dispensasjon?

Biloppstillingsplass

Om biloppstillingsplass skulle vere inkludert eller ekskludert i byggarealet, det var eit av dei store spørsmåla. Naboklagarane meinte ja, kommunen meinte nei. Me forstod ingenting. Ingen kunne svare på det me trudde det fanst enkle svar på. Statsforvaltaren kom til slutt fram til at biloppstillingsplassen skulle inkluderast i byggarealet. Men berre denne brevvekslinga tok tid, nesten eitt år.

Kontrollorgana, statsforvaltaren og Sivilombodet, kjendest etter kvart meir ut som treneringsorgan. Lovene var der, men tolking og skjønn spela så stor rolle at alle partar forstod dei ulikt. Noreg vil ha unge folk ut i distrikta. Me var unge og ville ut. Men ein biloppstillingsplass (for eit ord!) kunne faktisk ha vore dropen som gjorde at me kasta heile sakspermen i bålpanna i bakgarden på Bjølsen i Oslo.

Me flytta inn i det nye huset i sommar. Arkitekten, Camilla Sjo Fasting, vart etter kvart også søknadspsykologen vår.

Foto: Maren Bø

Dispensasjon

Men så var det altså alle desse problema. Eitt av dei var at tomta berre var på 294 kvadratmeter. Det er rekna som lite når ein veit at det her var lov å byggje på 20 prosent av bustadtomta. Altså kunne huset vårt ha ei grunnflate på maks 59 kvadratmeter. Også kommunen var skeptisk til om det var plass til eit hus på denne litle tomta, men arkitektane meinte ja. Og for oss som var vande med eit husvære på 49 kvadratmeter i Oslo, var 59 kvadratmeter x 3 etasjar ikkje lite.

Etter eit par kaffikoppar på kommunehuset, den same bygningen eg som ung hadde trava inn og ut av på bibliotek, tannlegekontor, henta skattekort og loddbøker, gjekk det seg til – såg det ut til. Me, kommunen og arkitektane la ein plan.

Men så var det denne biloppstillingsplassen. Det synte seg at han måtte inkluderast i byggarealet. Biloppstillingsplassen var i dåverande stund på 12 kvadratmeter. Og huset var då brått nede i ei grunnflate på 47 kvadratmeter.

Då kjendest huset lite sjølv for oss, så me våga oss til å søkje om dispensasjon til å nytte meir av tomtearealet til sjølve huset. Fekk me dispensasjon (eg kan ikkje fordra det ordet heller) til ein auke i byggarealet på tomta, kunne me likevel få bygd huset vårt, inklusive biloppstillingsplassen.

Det er ikkje uvanleg å søkje om slik dispensasjon. Fleire i nabolaget hadde gjort det same. Me snakka uansett ikkje om noko slott, for huset vårt var mindre enn alle husa rundt.

Nabovarsel

Byggjesøknaden vart gjord klar. Men før det skjedde noko som helst, måtte me varsla naboane. Me banka på dører for å få underskrifter på nabovarselet. Her fekk me kaffi og Sfinx.

Men éin nabo ville ikkje skrive under. Dei hadde ikkje sett føre seg noko hus der. Det måtte ein kanskje òg rekne med, tenkte me, og håpa at det skulle løyse seg likevel. Som søkjar må ein prøve å setje seg inn i situasjonen til naboen. Det er forståeleg at nokon ikkje vil ha eit nytt hus ti meter frå seg. Sjølv om huset skulle liggje ved sida av og dermed ikkje tok utsikta mot sjøen, ville likevel høgda på huset vårt ta noko av kveldssola deira i vest. Her stod det likevel høge tre, men eit hus er noko anna enn tre.

Klagene frå naboen enda med at statsforvaltarkontoret kom på inspeksjon på tomta. Det er det få som får oppleve. Dei gjekk og kikka, mens me nesten klikka. Det handla om fordelar for oss mot ulemper for naboen.

Arkitekten vår teikna på ny og på ny. Tre barn fødde ho undervegs, eg to. Mykje liv skjer på elleve år. Ein uthaldande, tolmodig arkitekt var redninga. Etter kvart gjekk det gjetord om den uløyselege saka vår på arkitektkontoret i Sandnes, og huset vart ei prinsippsak for arkitekten. Saman med oss ville ho få det til.

På butikken

Og alle på øya ville vite korleis det gjekk med tomta og huset. Me forklarte så godt me kunne om statsforvaltaren, om Sivilombodet og alle lovtolkingane og omvegane advokatar kan finne. Problemet var at det var vanskeleg å forklare noko me ikkje sjølv forstod.

Handleturen på den lokale butikken enda med samtalar om tomta: trenering, drenering og interiør. Kva slags golv me skulle ha? Betong? Nei, de kjem til å få vondt i ryggen. Kva med parkett, det er lett å vaske? Og hadde me tenkt på å ha to kjølerom, slik at me fekk god plass til konfirmasjonskakene? Detaljar som for oss var vanskeleg å tenkje på, me ville berre få huset opp.

Etter kvart som tida gjekk, slutta folk å spørje. No gjekk det meir i: Kjem de heim, eller? De skal ikkje prøve å kjøpe eit anna hus? Eg såg dei hadde mista trua. Og eg forstod dei.

Advokat eller ei

Me hadde lenge nytta oss av ein advokat i slekta, men saka vart no så innfløkt at det måtte meir til. Og det kosta. Berre det fyrste brevet den nye advokaten skreiv, kosta oss 15.000 kroner. Han tok ein timepris på 3000 kroner.

To normale inntekter rekk ikkje til advokatutgifter over særleg lang tid. Men me hadde ikkje lenger noko val. Å svare på endelause brev med alle slags tilvisingar til ulike paragrafar er uoverkommeleg for dei fleste ikkje-juristar.

Kontrollorganet

Me trudde eit ja til å byggje hus frå statsforvaltaren, var eit ja. Men etter at me hadde spretta champagnen og teke til å google fliser til badet, kom det eit nytt brev frå Sivilombodet. Ei ny klage hadde ført saka vår vidare til Sivilombodet, utan at me som søkjarar visste om det. Det hadde me etter lova heller ikkje krav på å få vite. Igjen såg me føre oss år med sakføring, venting og uvisse.

Når no Sivilombodet skulle behandle saka på ny, stilte dei statsforvaltaren like godt nokre spørsmål, via brev. Statsforvaltaren måtte svare på desse, også via brev. For desse statsorgana ringjer ikkje til kvarandre. Og brev tek tid. Det er i slike stunder ein byrjar å lure: Finst det kanskje òg eit hemmeleg organ som regjerer over Sivilombodet?

Diskusjonar om små detaljar tok uendeleg lang i møte med advokatar og jusspråk. Kontrollorgana opererer heller ikkje med nokon nettchat der ein kan få svar på det ein lurer på. Me måtte ringje og sende e-post, og det ikkje berre éin gong. Klarte me å få tak i dei, gjaldt det å halde på sinnsroa når me fekk vite at det var lite dei kunne seie.

Fristen for å klage til Sivilombodet er eit heilt år. Dei fleste startar likevel bygginga etter godkjenninga frå statsforvaltaren. Så er ein uheldig og får ei klage rett før fristen går ut, kan bygginga vere godt i gang, og ein risikerer å rive måtte rive huset ned igjen.

Forresten. Historia enda godt for oss. Me fekk kjøpe ei lita grøft ved sida av tomta. Tomta vart brått 34 kvadratmeter større. No hadde me plass til eit hus på 50 kvadratmeter i tillegg til biloppstillingsplassen. Med etasjar vart huset på til saman 127 kvadratmeter og absolutt verdt å flytte heim for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis