JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

Ein topphoggen komikar spirer

Louis C.K. er kjend for å vera ein dryg komikar som vitsar om mørke tema i ein sjølvutleverande stil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7554
20220624
7554
20220624

Eg har pakka douchebagen og tek ferja, bussen og bybanen før eg hoppar på flyet til Stavanger for å sjå standupkomikaren Louis C.K. i Kuppelhallen ved Stavanger konserthus. Eg har billett til rad 1, som viser seg å vera rad 2. Eg hadde ikkje rekna med ei rad 0. Nær nok kjem eg lell. Scena er låg, og dei tusen seta i salen er selde. Louis er på turné for å spikra saman nytt materiale til ein ny spesial, eit heilaftans standupshow.

På veggen i gangen heng det ein plakat som seier at det ikkje er lov å sitera direkte frå salen. Det har eg forståing for, så eg siterer heller meg sjølv, frå ein artikkel eg skreiv om Louis C.K. her i avisa i 2019: Tek du eit brotstykke ut av eit kunstverk, tek du heilskapen med det same.

Det eine er at standup ikkje er eit skriftspråk. Difor kan ikkje standup frå scena skrivast ut på papiret med bra resultat. Mimikk, toneleie og tempo, som kan vera heilt avgjerande, forsvinn. I tillegg er det fleire eksempel på at snuttar frå standupscena er filma og delte på internett utan kontekst, noko som har skapt trøbbel for utøvaren.

Å ta ein standupkomikar for å vera upassande må vera den lettaste jobben som finst.

Stoffet til Louis er framleis mørkt, og han leier publikum med på lange og overraskande resonnement om seksualitet, død og religion. Mellom anna snakkar han om at mora har døydd, medan faren held seg bestemt i live. Det er aldri den av foreldra ein helst vil skal døy, som fer fyrst.

Dette er ikkje morosamt å lesa her, men der i salen, som ein del av noko større, ler alle av at Louis helst skulle sett at faren døydde fyrst.

Ein kan dela humormaterialet hans i to: absurde observasjonar i livet, ikkje ulikt Jerry Seinfeld, og ei utlevering av det menneskelege ved seg sjølv, ikkje ulikt Richard Pryor. Det Louis ikkje gjer, er å ha ein fordømmande peikefingeren retta utover.

Før eg kjem vidare inn på Louis C.K., vil eg skriva litt om ein annan stor humorist, Aasmund Olavsson Vinje.

Eit brotstykke av «Grauten på Grut» frå Ferdaminni fraa Sumaren 1860 har levd kostnadsfritt i hovudet mitt i fleire år. Det dreier seg om ei gamal hengebjørk på garden Hol, kanskje den største nordafjells. Ho likna ein sopelime ståande på skaftet. Eigaren fortalde at ein fark hadde vore der og topphogge henne då ho var ung. Det vart sidan lagt ei steinhelle over såret. I staden for den eine toppen, voks det ut fem–seks nye toppar.

Vinje ser seg sjølv i denne bjørka.

– Det var mang ein som liksom topphogg meg, og det voks fem seks toppar i staden, skriv han.

Louis C.K. vart òg topphoggen hausten 2017, då det kom fram i ein New York Times-artikkel at fem kvinner skulda han for seksuelt krenkjande åtferd frå seint på 1990-talet til byrjinga på 2000-talet. Nærare bestemt hadde han spurt om å få masturbera framføre fire av dei. Tre sa ja, og han gjorde det. Den fjerde sa nei, og han gjorde det ikkje. Det femte tilfellet skjedde over telefon.

Media og produksjonsselskapa tok avstand frå handlingane ved å bryta samarbeidet med Louis.

Louis vedgjekk det han vart skulda for. Han hadde misbrukt makta si som eit førebilete for desse kvinnene, han orsaka og trekte seg tilbake.

Toppen vart hoggen og hella lagd på såret.

Smått om senn var han attende på standupscena utanfor allfarveg. Han filma ein spesial, Sincerely, Louis C.K., som vart tilgjengeleg på nettsida hans i 2020. No i vår fekk han den gjæve Grammy-prisen for nett denne spesialen, ein pris han òg fekk i 2016 og 2012.

Louis C.K. er ikkje ein rein standupartist, han har lenge laga både tv-seriar og filmar. No har også denne greina byrja å veksa seg stor. 30. juni er det USA-premiere på den nye filmen hans, Fourth of July, der Louis er på både regi-, skodespel- og produsentsida, i tillegg til klipp.

Nokre timar før han gjekk på scena i Stavanger sist laurdag, tikka det inn eit nyhendebrev frå Louis C.K. i e-posten min: Alle fem sesongane av serien LOUIE, som han produserte frå 2010 til 2015, er no tilgjengelege på nettsida hans. Med mindre du lasta han ned eller kjøpte han digitalt og har han lagra på ein harddisk ein stad, har serien vore vanskelege å oppdriva sidan topphogginga.

No kan eg trygt seia at Louis er attende. Og kvifor står eg på sidelinja og smiler?

Livet med Louis er betre enn livet utan. Det vert lettare å akseptera det mørke i seg sjølv når ein komikar som Louis C.K. går føre.

Då eg arbeidde i lokalavis, var det eitt ord eg fleire gonger brukte for å skildra personar eg skreiv om, men som etter kvart gav meg avsmak. Ordet var godhjarta. Eg fekk godhjarta i halsen. Kvifor?

Ordet betyr gjevmild, raus, snill og hjelpsam, og ein person kan sjølvsagt vera godhjarta. Men ingen er tvers gjennom god. Inga tru utan tvil, ikkje lys utan mørke.

Noko av det skumlaste eg veit, er skinheilage menneske som lèt til å ikkje ha mørke sider. Dei gjer liksom alt rett.

Å seia om ein person at han er godhjarta, minner meg om at same person òg er vondhjarta. Ved å setja lys på det gode ser eg det vonde.

Det verkar heldigvis andre vegen òg. Ved å lyssetja det vonde, ser eg det gode.

Det er langt meir tillitvekkjande, og det er det Louis gjer. Han er meir oppteken av bjelken i sitt eige auge enn flisa i ditt.

Ein som veit å spela på lyset og mørket i menneske, er filmskaparen David Lynch, som er ein uttalt tilhengjar av Louis C.K. Han spela dessutan ei rolle i LOUIE, sesong 3.

I Lynch-serien Twin Peaks (1990) vert me introduserte for Laura Palmer, den vakre jenta som vert funnen drepen i fyrste episode, ei sak som vert etterforska i resten av serien. Laura Palmer, den godhjarta skuledronninga som køyrde mat ut til einsame. Laura Palmer, den vondhjarta stoffmisbrukaren som var promiskuøs og oppsøkte farlege menn og situasjonar.

Det David Lynch gjer her, som er så bra, er å halda fast ved å syna oss båe sider av jenta. Han nystar opp relasjonar og delar frå livet hennar og lagar eit sterkt og nyansert bilete.

Set du lys på det mørke, mister det mørke makta og er ikkje lenger like farlig.

«Prinsippet er enkelt: Åpenhet og transparens fremmer fred og demokrati. Krig, vold og tortur er derimot aktiviteter som trives best i mørket – og som derfor kan bekjempes ved å kaste lys over dem.»

Dette treffande sitatet om Wikileaks er henta frå slutten av den nye boka Forfølgelsen av Julian Assange, skriven av Gisle Selnes og Frode Helmich Pedersen.

Prinsippet kan overførast til å gjelda det menneskelege. Å vere open og transparent fremjar empati. Posering, fordømming og moralisme gjer ikkje det.

Å få det mørke fram i lyset er alltid best. Fyrst då kan ein hanskast med det.

Tilbake til det faktiske showet, frå rad 1, altså andre rekkje, i Kuppelhallen.

Louis leverer i beste velgåande på scena i fjellsko med tynne, gule lisser av merket La Sportiva, lys blå dongeribukse, ei utvaska, ein gong mørkeblå pikéskjorte med korte ermer og kortklipt hår rundt den blanke issen. 54-åringen kler at det raude håret har byrja å gråna.

Louis får meg til å le høgt i ei utgreiing om straffeutmålingar for drap, når han diagnostiserer pornografisjangrar, og når han utbroderer dei irrasjonelle tankerekkjene sine.

Etter at han har takka for seg og går av scena, kjem han attende med ei skriveblokk og prøver ut nokre ferske, uferdige vitsar på publikum.

Det er gledeleg å sjå at hengebjørka spirer.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis