JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ein gründer med hovud

Johan Brox (den yngre) skulle nytta det gode hovudet sitt til å verta samfunnsøkonom, forfattar og journalist. I staden vart han sykkelreparatør og medeigar i ei verksemd verd millionar.
Alt før han vart 30.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Foto: CF-Wesenberg

Foto: CF-Wesenberg

Foto: CF-Wesenberg

Foto: CF-Wesenberg

10682
20170310

Johan Brox

Burde det ikkje stå nokre ord om karen her?

jon@dagogtid.no

Dette intervjuet er med Johan Brox. Alt no er de lesarar forvirra, for de har fått med dykk at Dag og Tid i mange år har hatt ein tilsett som heiter Johan Brox. Men nei, dette er ikkje eit intervju med Dag og Tid-Johan. Dette intervjuet er med ein som òg heiter Johan Brox. Desse to Johan-ane er elles i slekt med kvarandre. Vår Johan er son av Ottar Brox, som er grandonkelen til den Johan-en vi intervjuar her. Det er òg slik at underskrivne har ein relasjon til intervjuobjektet. Då eg slutta i Klassekampen, hadde eg litt dårleg samvit. Eg las ein kronikk i Aftenpostens konkurranse for unge skribentar. Han var skriven av Johan som eg her intervjuar, og handla om samfunnsøkonomi. Eg ringde redaktøren i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, og sa at den fyren burde han tilsetja, og det gjorde han. Sånn, då var alle kort på bordet.

Portrettintervjusjangeren liknar på det Arne Skouen sa om sportsjournalistikk: Det er ein god start for dei som vil leva av å skriva, men det er òg ein sjanger ein bør koma seg snøgt bort frå. For det er ein gudsjammerleg sjølvoppteken sjanger. Held ein på med å skriva portrett år etter år, vert ein til slutt gullpenn og ordonanist; forma vil til slutt vinna over innhaldet. Men vi gjer eit unnatak for Johan.

I nokre månader no har eg vorte jamt sur kvar gong eg har måtte henta fram barberhøvelen. Gillette har nemleg gjort Mach Turbo-serien mykje dårlegare, både blada og glideflata har vorte klart ringare. Det høyrest i utgangspunktet dumt ut, men forklaringa er nokså enkel: For nokre år sidan lanserte Gillette ein ny og dyr serie som heiter Fusion. Problemet var berre at den gamle serien, Mach, gjorde det betre på testar enn Fusion, og dimed har for få vore viljuge til å gå over til Fusion, som kostar godt over 200 kroner for fire blad. Svaret? Å gjera Mach mykje dårlegare. Det er heller ikkje heilt lett å boikotta Gillette, for det einaste alternativet i vanlege butikkar er eingongshøvelen til Bic, og den er dårleg, den.

Eg trong å finna ein å snakka med om barberproblema mine. Ein eller annan stad bak i hjernen dukka brått namnet Johan Brox opp. Han hadde nemleg vore på TV 2s forbrukarprogram og presentert ein tradisjonell høvel som berre kosta 10 prosent av det Gillette skulle ha for Fusion. Likevel vann den tradisjonelle høvelen suverent. Eg ringde han og fekk ei lang førelesing om kva eg skulle kjøpa og kvifor Gillette har teke 70 prosent av barberbladsalet med eit produkt som er langt dårlegare enn dei tradisjonelle høvlane fedrane våre nytta.

Men den unge Johan Brox eg kjende til, var både eit stort akademisk og journalistisk talent. Korleis hadde han av alle ting hamna i barberbransjen? Det ville eg finna ut. Folkelege som vi er, avtalar vi å møtast på The Scotsman på Karl Johan. Då eg kjem gåande ned paradegata, ser eg ein lang tynn fyr med sykkelhjelm. I venstre handa ber han ein sykkel som er slått saman til ein liten stresskoffert, som han tek med seg inn og set ved sida av bordet vi slår oss ned ved.

– Det tek berre åtte sekund å slå han saman og ut. Det er suverent mykje betre enn nokon annan slik sykkel, men så er det også originalen som vert produsert i London. Vi er no i ferd med å få han inn på norske flyplassar, slik at folk kan han med seg rett til gaten, fly til Barcelona og sykla til hotellet.

– Kva kostar vedunderet?

– 10.000 for basismodellen og opp mot 14.000 med ekstrautstyr. Eg nyttar han kvar dag til å henta sonen min i barnehagen. Dei dagane bakken opp frå Carl Berner vert for tung, klappar eg han berre saman og tek bussen opp.

Sykkel? Skulle ikkje dette intervjuet handla om barbering? Vel, det skal òg handla om syklar og klede. For unge Brox vart ikkje verande i Klassekampen. I 2012 gjekk han heller inn i eit lite oppstartsfirma for å driva med sykkel. Han bygde opp sykkelbutikken og verkstaden Krankenhaus på Grünerløkka, som igjen er ein del av firmaet Dapper Barbershop, som mellom anna driv nettbutikken Barbershop.no og tre barbersalongar i Oslo sentrum. Gjennom desse ulike kanalane sel firmaet syklar, barbersaker, klede og sko.

Det har vore litt av ei reise, som dei seier i nytale. I 2012 var firmaet berre tre unge karar. No har dei 33 tilsette og omset for over 30 millionar. 30-åringen Johan som elskar å skru sykkel, har måtta leggja fastnykelen på hylla, for no er han sjef og millionær på heiltid. Men det var ikkje gründer Johan skulle verta. Johan skulle verta samfunnsøkonom og akademikar, han.

– Ja, eg var nok eit skulelys. Eg hadde stort sett berre seksarar då eg gjekk ut frå Stavanger katedralskole.

– Men er det ikkje slik at å ha eit talent forpliktar, på eit vis? Med så gode karakterar er det vel ikkje meininga at ein skal verta sykkelreparatør?

– Ja… Men så kjem uroa over at ein kan spela bort talentet. Eg har to sterkt akademisk orienterte foreldre. Dei vart frykteleg skuffa då eg droppa ut av samfunnsøkonomien.

­– Sa dei det eksplisitt?

– Ja, far min sa det då eg byrja i Klassekampen: «Det er så bortkasta. Det er jo sånne som deg dei byggjer universitet for.» Eg skjønar han godt. Han såg føre seg eit lite verdig liv for meg, sidan eg ikkje ville koma til å få realisert dei akademiske evnene eg hadde. Men eg kom til at det var betre å få fast inntekt enn enda større studielån. Det er mange nok med mastergrad og uklår motivasjon i dette landet frå før.

Knut Olav Åmås må få skulda for den manglande akademiske realiseringa. Han laga ein kronikkonkurranse for «ungdom», og 21-åringen Johan fann ut at han vil vera med på «åmåseriet».

– Eg tenkte heilt kynisk: Her kjem nokon til å skriva om integrering, og desse kjem truleg til å ha hijab. Eg visste at eg ikkje kunne konkurrera om å skriva om integrering av innvandrarar. Vidare var eg sikker på at nokon kom til å skriva om miljøvern. Her kom vinnarane. Eg kom til at eg ville skriva om integrering på ein helt pervertert måte, eg ville skriva om integrering utan innvandrarar. Eg nytta erfaringa mi som kommunearbeidar. I alle feriar klipte eg plenar og reparerte traktorar.

I Stavanger er det eit bustadfelt som vert kalla «Sosialsletta»; det ligg på Kvernevik. Her klipte Johan plenar og rydda bort boss.

– Den ståande vitsen då eg voks opp, var: «Kva er toppen av forvirring? Jau, farsdag på Sosialsletta. Sletta er eit stort område der Stavanger kommune har bygd ei heil rad med like rekkjehus for sosialklientar. Dei som bur her, leiger og har ikkje særmerkt høg motivasjon for å halda det fint, noko ein kan kalla ålmenningens tragedie. Eg såg at dei sat ute og røykte opp Prince-pakka som dei heiv på plenen. Så drakk dei opp Tuborg-flaska og heiv henne på plenen. Alle andre vitsa og spreidde rykte om desse menneska. Dei var altså nordmenn som var dårleg integrerte i det norske samfunnet. Og vi i Park og idrett rykte gong etter gong inn og gjorde ryddejobben.

Problemet var offentlege tilbod og EØS. Før var det slik at kommunen selde tomter billig til utbyggjarar mot at dei laga nokre kommunale bustadar i vanlege byggjefelt. Men så fekk ikkje kommunen lenger lov til å subsidiera utbyggjarar. Dimed måtte kommunen tenkja pris, og då vart den økonomisk mest effektive løysinga eit stort fellesfelt for sosialklientar.

– Eg trur at den djupaste otta vi menneske har, er otta for å skilja seg ut. I dei tradisjonelle byggjefelta innordna sosialklientane seg. Dei ville ikkje vera den einaste i grannelaget med eit falleferdig hus og bos i oppkøyringa. Dei vart integrerte.

Dette skreiv den unge marxisten og tidlegare leiaren av den radikale studentlista på Blindern kronikk om. Han fekk andreplassen. Nummer éin og nummer tre vart høvevis Mohammad Usman Rana og Mazyar Keshvari. Ingen av dei hadde hijab, men elles trefte Johan godt med sine kyniske tankar.

– Og så ringde du Bjørgulv, som ringde meg. Men kvifor varte eg ikkje i Klassekampen? Andre veka hadde eg fem av seks fyrstesider i Klassekampen. Den tredje veka var eg sjukmeld. Det seier i grunnen det som trengst seiast om kvifor eg ikkje varte. Det vart heilt bipolart. Ja, nokre dagar kverna eg ut saker som både eg, desken og Bjørgulv meinte var gode. Problemet var berre at både eg og dei forventa same nivå neste dag òg. Klassekampen var ei langt mindre avis då, vi var berre fire på innanriks, og vi skulle fylla to sider kvar. Fall ei sak ein time før deadline, ja, så måtte ein laga ei ny sak på ein time. Elles sat vi att med to blanke sider.

Det er ei klassisk devise at om du kan noko om eit felt og så les om det i avisa, kjenner du deg ikkje att. Journalistar flest er overflatiske og vantar evne eller vilje til å verkeleg setja seg inn i eit saksfelt. I staden for å ringja nokon som gjev ei nyansert framstilling, ringjer vi Trond Blindheim eller Per Fugelli, og så har vi det gåande.

– Eg ville ikkje vera ein slik journalist. Eg tenkte naivt at eg ville skriva slik at dei som kunne noko om det eg skreiv frå innsida, ville nikka attkjennande og seia «yes, slik er det!». Eg vart heilt manisk. Etter å ha gått for dagen pla eg ringja desken og spørja om dei hadde fått med seg at det skulle vera 17,5 prosent på den og den grafen og 3 prosent der og der. Eg vart heilt gåen.

I 2012 gav Johan opp. Han seier han hadde valet mellom å sjukemelda seg eller å melda seg arbeidslaus. Han slutta, og vart arbeidslaus. Så fekk han seg ein akkordjobb på ein sykkelverkstad. Etter ei tid fekk han tilbod om å gå inn med kapital i Dapper. Og no er han i leiinga.

–  Eg er ikkje så godt eigna til å vera sjef. Eg har heile tida lyst til å gå ned på verkstaden og skru. Eg vil gjera alt sjølv. Det er dårleg gjort mot alle dei tilsette, som trur at eg ikkje lit på dei. Dette må eg arbeida med kvar dag. Men eg er stornøgd med arbeidet. Styrken min er vel helst at eg ser at her eller der kan det vera høve for oss å gå inn. Så får dei andre rekna på økonomien og vera gjerrige.

– Det er ingen løyndom at du har slite med den psykiske helsa. Går det betre?

– Ja, det vil eg seia. Dødsangsten som plaga meg så mykje før, er borte. Men hjernen min er annleis. Eg er full av tvil og tvisyn. Etter dette intervjuet kjem eg til å grava meg ned i alt eg burde sagt og gjort annleis.

Og kva seier Braanen om tapet av stortalentet som laga så mange framsider?

– Det er så godt å sjå at Johan har hamna på rett hylle.

Det kan verta folk av marxistar òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dødsangsten som plaga meg så mykje før, er borte. Men hjernen min er annleis. Eg er full av tvil og tvisyn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis