JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Gransongaren slår knockout på kunstig intelligens

Den beskjedne låten hans, som mange synest å ikkje høyre, er eit vårteikn i seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er ofte vanskeleg å få auge på den vesle gransongaren, men han syng av og til godt synleg, oppe i tre han brukar som songpostar. Ei hoe som hekkar, byggjer eit kuleforma reir med sideinngang der greiner og lauvverk er tette, ofte nær bakkenivået.

Foto: Sveinung Lindaas

5675
20240426
5675
20240426

April har kome. Du er ute og går, og plutseleg tek nokon til å telje myntar over hovudet på deg: tsjip-tsjap-tsjip-tsjap-tsjap – gransongaren. På engelsk, tysk og ei rekkje språk hermar namnet etter songen: chiffchaff, Zilpzalp.

Den beskjedne låten hans, som mange synest å ikkje høyre, er eit vårteikn i seg sjølv: Han innvarslar den store sommarrusen, den som byggjer seg opp medan dei lyse dagane vert endelause og stadig fleire fuglar er på veg... I tillegg greier den vesle skapningen på 8 gram å forvirre både menneskeleg og kunstig intelligens med songen sin.

Gransongaren hekkar dei fleste stadar i Noreg. Kanskje syng nokre der du bur, og då er dei komne for å bli – song vert mellom anna brukt for å hevde revir gjennom hekkesesongen. Får du øyre for han, kan det gå to vegar. Anten vert du dyssa i svevn, eller så får du tvert om ikkje sove om nettene, for du byrjar å undrast: Korleis går det an å byggje eit språk på så få lydar?

Svevnløysa nådde nye høgder etter at eg for nokre år sidan hadde fått tak i Habiter en oiseau («Å bu som ein fugl»), den då nyaste utgjevinga av den belgiske vitskapsantropologen Vinciane Despret. Boka er eit meisterstykke, men det var i etterordet at nett gransongaren slo til med full kraft.

Der fortalde filosofen Baptiste Morizot korleis han sat ute ein sommardag og las i ein roman. Plutseleg kima songen til gransongaren over han, og openberringa kom: «Dei tre notane i songen [hans] er bokstaveleg talt stappfulle av hundrevis av ornitologiske resonnement, av usemjer, av dristige hypotesar. Tre absurd enkle notar, og like fullt har ikkje bragder utførte av menneskeleg intelligens makta […] å seie det siste ordet om dei.»

«Gransongarar har som regel meir enn to lydar i songen sin.»

Tre notar? Eg hadde nok, som ornitologar flest, tenkt at det var to i songen til den alminnelege chiffchaff-en. Men no byrja eg å høyre ein tredje: Var det ikkje også eit «tsjup» til stades? Det fyrste spørsmålet eg stilte ChatGPT, vart då (på engelsk): «Kor mange notar finst det i songen til gransongaren?» Den kunstige intelligensen svara: «Songen til gransongaren består typisk av to gjentekne notar, som produserer ein distinkt ‘chiffchaff’-lyd.»

Eg spurde så på andre språk, og fekk sprikande svar. Stundom «to notar», stundom «mellom to og fem», eller fleire. Ei grundig undersøking i ymse kjelder skulle syne at filosofen hadde rett. Tru om det hjelpte at det franske namnet til gransongaren, pouillot véloce (som etymologisk sett tyder «rask liten fugl»), ikkje hang som eit slør mellom songen og tolkinga?

Gransongarar har som regel meir enn to lydar i songen sin, og det er ikkje avklart korleis språket deira fungerer. Noko kan like fullt seiast, men meir om det seinare.

Kvart år ber dei fyrste gransongar-songane bod om mange ting. I år høyrde eg den fyrste då eg var innom heimtraktene i Loiredalen i slutten av mars, den andre i byrjinga av april på Fornebulandet, og den tredje då eg rusla mellom kolonihagane på Solvang i Oslo – eg hadde teke med klassen min på ein liten gåtur i naturfagtimen.

Elevane kjem opphavleg frå Somalia, Tsjad og Syria, og songen kima som bestilt: Kanskje denne fuglen, som heldt seg ute av syne, men song med full kraft, nett hadde kome frå eit av desse landa og slått seg ned i Oslomarka, rett bak skulen?

I Noreg er gransongaren ein utprega trekkfugl. Han overvintrar i Sør-Europa, Nord-Afrika, område rett sør for Sahara, og lokalt i Midtausten.

Han liknar mykje den nære slektningen, «Noregs vanlegaste sporvefugl»: lauvsongaren. Lauvsongaren trekkjer lenger sør i Afrika enn gransongaren, og han dukkar opp litt seinare. Sjølv under greie lysforhold kan det vera umogleg å skilje dei to artane frå kvarandre når individa teier stilt. Når dei syng, derimot, er det ikkje tvil.

Lauvsongar så vel som gransongar har grønbrunt hovud og grønbrun overkropp, lys underside og lyse augebryn. Fargen på beina kan hjelpe: Er dei skikkeleg mørke, er det sannsynlegvis ein gransongar.

Begge artane høyrer til den artsrike slekta Phylloscopus, eit namn som tyder «den som undersøkjer blad». P. collybita, gransongaren, er den som også «vekslar myntar» (latin collybi(s)ta, frå gamalgresk), ein referanse til songen. På fransk vert han av og til kalla for «myntteljaren». Han et i hovudsak insekt som han plukkar direkte frå blad, men kan ty til bær når det vert knapt med virvellause dyr, om hausten, til dømes.

Trass i det norske namnet likar han seg i allslags skog, gjerne i blandingsskog med mykje lauvtre. Sånn sett er det med gran- og lauvsongar som den portugisiske modernisten José de Almada Negreiros skreiv i Oppfinnelsen av den lyse dagen: Namn «betyr ingenting, de er bare til for å unngå forveksling» (omsett til norsk av Ellef Prestsæter). Dette vilkårlege i språket slit også ChatGPT med, synte det seg då eg av nyfikne spurde: «Kvifor heiter gransongaren gransongar?»

Høyr gransongaren synge her.

Kvart år når dei fyrste gransongarane syng, og før fuglerusen har vorte for sterk, freistar eg å halde tritt med resonnementa og studiane songen deira har utløyst. Siste nytt er at strukturen i songen er kompleks: Med ulike kombinasjonar av dei få notane og med variasjonar i intensiteten kan ein gransongar fortelje mykje til ein annan – kven ein er, kva for ein tilstand ein er i (klar til åtak, på utkikk etter ein make, var for rovdyr), og mykje meir som det står att å studere.

Ein har den røysta ein har fått, og «myntteljaren» utfordrar med songen sin også vår forståing av omgrepet fattigdom.

NAÏd Mubalegh

naid.mubalegh@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis