JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Cuplivet

Fotballcupsommar 2022 – ikkje tida for å henga med leppa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7510
20220617
7510
20220617

redaksjonen@dagogtid.no

Posisjon! Po-si-sjooon!

Eg ser meg sjølv utanfrå, her eg står i ei raud regnkåpe langs sidelinja på bane 11 med ein halvmeter mellom føtene, knekk i knea, framoverlent og hyttande med nevane, som om eg kan fjernstyra dei sju tiåringane som spring rundt på bana framføre meg.

Kva skjedde?

Eg, som ikkje kan skilja regelen om offside frå innkast og heller ser måling turka enn fotball på fjernsyn, skulle eigentleg vore i Bergen no. Eg hadde billett til Lazarus, David Bowie-musikalen. Fremste rekkje på Den Nationale Scene er bytt ut med å stå fremst på sidelina. I staden for å syngja «Is there Life on Mars?» nynnar eg på mi eiga omsetjing, «Er det liv på Voss?».

Og det er liv på Voss, for det er Voss Cup. 7000 born mellom seks og tolv år skal spela 1344 kampar på 36 banar, og eg kjenner eg er vorten smitta av entusiasmen dei andre foreldra ber på. Ikkje berre her, men alt i fleire veker heime i Austevoll har eg høyrt vaksne folk seia om cupen: «Dette vert så kjekt!» og «Dette har me venta på i tre år!»

Eg undrar: Tek dei på seg ei overpositiv maske for dette opplegget, eller er det ektefølt? Eg skjønner at borna gler seg, men kva er det eigentleg dei vaksne gler seg til?

Både i Etne, i Selje og på Voss melder dei om at innbyggjartalet vert dobla cuphelga. Klasserom vert sovesalar, gymsal vert matstasjon, hotella vert fulle og parkeringsplassar vert vanskelege å oppdriva.

Berre i sommar skal det arrangerast over hundre mindre og større turneringar og cupar i Noreg. Du har kjende namn, som Norway Cup i Oslo, og mindre utbreidde, som Atea-cup i Finnmark.

I tillegg til sjølve cupnamnet har ofte cupar ein undertittel. Sør Cup kjem med den litt keisame Fotballfestivalen på Sørlandet, medan Sandarcupen i Larvik og Sandefjord seier dei er Norges største helgeturnering. Til samanlikning er Voss Cup Noregs største barneturnering, og eg veit ikkje om eg stolar på nokon av dei. Arrangørar har litt å læra av Etnecup, med undertittel Heilt konge, men den personlege favoritten min er Skandia Cup i Trondheim – «Alltid i uke 26».

Det er to alderssegment på fotballcupane. Det er borna og foreldra deira. Dei tilreisande er venta å leggja att rundt 25 millionar kroner på Voss denne helga, det er i snitt 3571 kroner per unge fotballspelar. Vegen til mammas Vipps går gjennom barnet.

Butikkane rettar seg mot desse målgruppene. På cupområdet er bilar til sals for oss vaksne, medan borna fort byrja å masa om ball med band i og VM-ballen 2022. Begge er å få kjøpt i Sport 1-teltet.

For meg er det ei anna vare som freistar. Du veit, når ein lærer eit nytt ord og ser og høyrer det over alt? Slik har eg det med Douchebag. Før Voss Cup hadde eg aldri høyrt om det, men no veit eg at det er merket på ein superpopulær ryggsekk i norsk design, og at han er til sals til halv pris – 750 kroner, eit cupkupp – i Sport 1-teltet.

Her eg går og drassar på bytesko, bytekle og VM-ball, kjennest det heilt rett å gjera som alle andre: kjøpa ein blå 15 liters ryggsekk i merket Douchebag. Eller Db, som det heiter etter at dei slo an på verdsmarknaden. Bokstavane Db står ikkje lenger for douchebag, melder gründerane på nettsida si. Dei seier at Db står for nett det du vil det skal stå for, til dømes delicious bagels, do better eller dream bigger.

Så lenge du kjøper sekken, kan du kalla han kva du vil. Eg kallar min douchebag.

Son min spelar fire kampar i helga, kvar på 30 minutt. Ein om fredagen, to om laurdagen og siste om sundagen. Det er nokre lange timar mellom kampen klokka 9 og den klokka 15 om laurdagen. Er det for mange born her, og for lite å gjera på mellom kampane? Det er avgrensa kor kjekt det er å sjå på gondolane som går frå jernbanestasjonen i sentrum, og sviv over hustaka til naboane og vidare oppover fjellsida kvart minutt.

Rekkja med aktivitetskupongar spelarane har fått til rafting, klatring og Vossabadet, kan heller ikkje brukast nett denne helga. Me må koma att seinare i år for å nyttiggjera oss av dei.

– Eg vil spela kamp. Det er jo difor me er her. Eg keiar meg, seier guten.

– Nei, det gjer du ikkje. Dette er kjekt, slår eg fast.

Han treng uansett fleire fotballsokkar, og eg vert rådd til å gå på NDV-en i sentrum. Det fyrste eg tenkjer er «Noregs vassdrags- og energidirektorat?», men skjøner snart at det er ei kortslutting. Kvifor skulle dei selja fotballsokkar, liksom.

I Vangsgata finn eg ein sportsbutikk. Det ser ut som dei har drege heile butikken ut på gata, sikkert i høve cupen, det er stativ med tilbodsplagg og kassar med fotballsko, leggbeskyttarar og fargerike fotballsokkar til 50 kroner. Svarte sokkar må eg inn for å kjøpa, dei er ikkje på sal. Eg betalar og får ein pose på sokkane. På posen står det Sjur Endeve Sport.

Eg kjem i hug ei scene frå Gullars, då Gullars skulle rømma, og legg att eit hint til Marianne på bordet: eit eggeskal og ein boks med rømme. Marianne finn det med ein gong ho kjem inn. «Eggeskal og rømmen. Eggeskal, rømme... Eg skal rømme! Å Gullars, du er vel ikke rømt?»

I same stil les eg på posen, inni meg. Sjur Endeve Sport. Sjur NDV Sport... Så eg fann NDV-en.

Ein del av meg får medkjensle med eit brudepar eg ser koma ut frå Vangskyrkja. Dei kan umogeleg ha sjekka kalenderen opp mot Voss Cup før dei inviterte gjestar. Bygda er teken over av fotballag som går i flokkar mellom kampane, der spelaren som går fremst, held ein bluetoothhøgtalar med festprega musikk.

Hotella er for lengst fulle, og det same gjeld campingplassen. Ei helikoptermor har eg ikkje ynske om å vera, og eg såg helst at eg kunne senda guten på ti år med nokon andre for å sova i eit klasserom ein stad. Men sidan laget valde å stå for privat innkvartering i år, svevar eg att og fram langs Vangsvatnet likeins med ein drøss andre foreldre.

Éin på laget bur i bubil, ein annan på Fleischer’s Hotel, nokon i ei hytte på Lunde halvvegs opp til Myrkdalen, og dei aller fleste i hytter og husvære i sjølve Myrkdalen.

Det er hit eg dreg etter at kampane er ferdig for dagen. Eg vert invitert til å overnatta her saman med to andre fotballmødrer og sønene deira.

Laurdagskvelden ser gutane på film i naborommet medan me mødrene lagar tacomiddag i fellesskap på kjøkenet. Eg opnar ein pakke crispisalat og fylgjer bruksrettleiinga så best eg kan. Dette er ikkje tida for å bryta med det som står på pakken. «Fjern eventuelle visne blad.» Check. «Kutt litt av stilken eller fjern den helt» – okey, okey, eg er med – «og legg salaten i iskaldt vann i ca. 15 minutt. La den renne godt av eller bruk en salatslynge for å fjerne vannet.» Eg fuskar litt, vaskar eitt og eitt blad og tørkar dei med tørkerull.

Trøytt av dage, Db og NDV sovnar eg momentant i køysenga over fotballmor nummer to.

Sundag er det tidleg opp og ned til Voss for å rekkja kampen klokka 9. Etter ein halvtime med «No må de vakna, gutar!», «Sprei dykk! Dette er ikkje ein syklubb!» og «Posisjon!», vert me samde om å telja måla (elleve totalt) og ikkje sigrar, og eg er klar til å koma meg vekk derifrå.

På veg til bilen stikk eg hovudet innom Sport 1-teltet for å få oppdatert salstal på douchebags.

– Rundt 70 sekkar til no, seier ungdommen bak disken.

I ei lysregulering i Vaksdal kjem eg på to bod til foreldre som skal på fotballcup i sommar:

Det fyrste bodet er ganske lett, dette er kjekt, og det er rett.

Tenk alltid på kva folk vil sei’, aldri vedgå at du er lei.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den personlege favoritten min er Skandia Cup i Trondheim – «Alltid i uke 26».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis