JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokFeature

Om ein berre har ein god nok idé, er det somme bøker som skriv seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kosmopolitiske nordmannen Chris Felt.

Foto frå forlaget

3072
20170526
3072
20170526

DIKT

Chris Felt:

Make Poetry Great Again. Med Donald Trumps egne ord.

Kagge forlag

Den kosmopolitiske nordmannen Chris Felt har laga ei diktsamling av Donald Trumps Twitter-meldingar. Dersom verda og verdshistoria toler det ei stund til, skal vi få sjå og kjenna at poesien atter har vorte stor.

Risikoen ved dette originale prosjektet er sjølvsagt at den eigenlege opphavsmannen sender rekning til forlag og forfattar. Donald Trump har hatt for vane å setja like mange nullar til slutt på ein faktura som han set utropsteikn etter dei meir dundrande av Twitter-meldingane sine. Men ein mann som er oppofrande nok til å seia nei til presidentløna – 400 000 lusne dollar i året – kan vel sjå gjennom fingrane med slikt òg.

I prinsippet bør ei norsk diktsamling kanskje ikkje vera på engelsk. Men i likskap med alle store skrivekunstnarar ordlegg Trump seg slik at mykje går tapt i omsetjinga.

Og noko er faktisk poetisk:

Fingrane mine

er lange og vakre,

som,

det har vorte godt dokumentert,

er ymse andre

delar av kroppen min.

Den amerikanske presidenten måler 1,90 på sokkelesten, men fingrane hans er små og korte. Så her er det lag på lag av undertekst, og ein skokk av utgangspunkt for å seia noko om det kreative tilhøvet diktaren har til sanningsomgrepet.

Han har omsut for dei som ikkje har det så greitt:

Til vanleg,

om eg gir nokon sparken,

fortel eg dei kor

storarta dei er.

Fordi

eg ikkje vil

såra kjenslene til folk.

På sin typisk stillferdige, blyge og indirekte måte er han innom nokre underkommuniserte kapittel i livshistoria si: dei gongane han har vore på randa av konkurs:

Det er lettare

å be om pengar

når du ikkje treng

pengane.

Her viser Donald Trump at han til og med meistrar den samantrengde aforismekunsten. Førelegget kunne han ha funne i ein av revyane til Hasse og Tage i Sverige i 1970-åra, i den lysande sketsjen «I banken»: «Otänkbart. Vi lånar av princip inte ut pengar til folk som behöver pengar.»

At heller ikkje dette er plagiat, kan vi vera nokolunde trygge på. Ein av dei solide, heilrepublikanske konservative kommentatorane i amerikansk presse, George Will, skreiv om Trump da han meinte at president Andrew Jackson kunne ha gjort meir for å hindra at den amerikanske borgarkrigen braut ut (Jackson hadde vore død i 16 år da borgarkrigen byrja.): «Problemet er ikkje at han ikkje veit det eller det, heller ikkje at han ikkje veit at han ikkje veit det eller det. Snarare er det farlege ved Trump at han ikkje veit kva det er å vita noko.» (Washington Post 4. mai 2017.)

Eit dikt som vart skapt for seint til å koma med i denne boka, føddest da Trump sende ein TV-journalist på dør fordi han tre gonger spurde om presidenten stod ved påstanden om at Obama hadde avlytta han: «Eg står ikkje ved nokon ting. Intervjuet er over!»

Men poesi av det uforvarande slaget, det fiklar han til, kor korte fingrane hans enn måtte vera.

PER EGIL HEGGE

Per Egil Hegge er fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At heller ikkje dette er plagiat, kan vi vera nokolunde trygge på.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis