JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Augevitne og ei kameralinse, 26.11.1942

Laurdag 26. november er det 80 år sidan 529 norske jødar vart stuva inn i lasteskipet «Donau». Endestasjonen var utryddingsleiren i Auschwitz i det tyskokkuperte Polen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei tre bileta fotografen Georg W. Fossum tok ved kaia der «Donau» låg denne novemberdagen i 1942.

9546
20221125
9546
20221125

Den 1. desember 1942 skreiv ei mor i Noreg til dotter si i New York: «Her i landet er det nå jødene som forfølges og deporteres. Vi visste ikke at vi hadde jøder her. Først tok de mennene, så alle kvinder og barn. De sendes med båter.
Ingen vet hvor hen.»

Deportasjonane og drapa på nesten 800 jødar frå Noreg har fått ein stadig sterkare plass i den kollektive historia vår. 80-årsdagen for arrestasjonane av kvinner, born og eldre vert i år markert mange stader i landet. Slik var det ikkje for berre 20 år sidan.

Fotografi har medverka til å forme biletet vårt av krigen. Dei fleste ikoniske bileta vi kjenner frå denne delen av norsk historie, er frå invasjonsdagen 9. april 1940 eller fredsdagane fram mot kongens heimkomst i juni 1945.

I over 50 år fanst ingen kjende fotografi frå deportasjonane av jødar frå Noreg, men i 1994 dukka tre fotografi opp. Georg W. Fossum hadde på den tida som oppdrag å fotografere dagleglivet i Oslo. Filmrullane vart sende til legasjonen i Stockholm. 26. november 1942 fekk Fossum eit hint frå ein kontakt i politiet og kom seg ned til kaia, til Amerikalinjen, med sitt vesle Kodak Retinette-kamera. Ved utstikkar 1 tok han tre bilete. Akkurat denne filmrullen fann aldri vegen til Sverige. Kureren som hadde teke med seg filmrullar tidlegare, måtte flykte på grunn av opprullingar. Filmen vart liggjande skjult til etter krigen.

I 1994 vart to av bileta endeleg offentleggjorde i Aftenposten, samtidig som Fossum vart intervjua. Her fortel Fossum at han først tok eit bilete på avstand for å sjå om han vart «tilsnakket». Han våga seg så nærare og tok eit bilete av «Donau» gjennom nettinggjerdet. Det tredje og siste biletet Fossum tok, har seinare vorte det mest nytta: «Donau» på veg frå kaia med tilskodarar i forkant.

Fossum må ha opphalde seg i området både før og etter «Donau» la frå kai klokka 14.55. I 1994 gav han ei kort skildring av det han såg:

«Det var en og annen bil som ankom med sin last. Små biler. Private biler. Noen var drosjer. Folk hadde bare med seg litt håndbagasje, som om de skulle på en kortere overnattingstur. Ingen skrik. Ingen motstand. Alt skjedde i taushet. Det var vakter overalt.»

Fossums skildring av togn og «ingen skrik» tyder likevel på at han kom til kaiområdet først etter at dei fleste fangane var jaga om bord.

Politikonstabelen Gerhard Aabelvik Jacobsen deltok i arrestasjonane. Han flykta til Sverige kort tid etterpå. Grunnen han oppgav, var at det han sjølv hadde vore med på, hadde vore så opprørande at han ikkje lenger ville stå i politirekkjene.

I avhøyr i Sverige 13. desember 1942 sa Jacobsen blant anna:

«Jacobsen var tilstede da de mannlige jødene ble ført om bord. På toppen av landgangen stod en bølle av en tysker. Han gav hver jøde eftersom de kom op et kraftig spark i bakenden, alt eftersom han skjeldte og brukte munnen (…) Forferdelige scener blev utspilt på kaien. Mange stod og gråt uophørlig. Blant kvinnene var det en del meget gamle. Nogen av dem besvimte, og lege måtte tilkaldes.»

Lastebilsjåføren Einar Wulf var sjølv jødisk, men hadde unngått å verte registrert. Han var nede ved kaia fleire gonger den dagen og flykta til Sverige få dagar seinare. I avhøyr på svensk side vart følgjande nedteikna av det han fortalde:

«W. kom første gang ned til bryggen klokken 8.30 om morgenen. Samlet på kaien stod da ca. 25 drosjebiler, en masse tysk politi og norsk politi i grønne uniformer. Langs veggen ved trappen som fører opp til den veranda som løper langs hele kaihusets andre etasje, stod jødene samlet, mellem 100 og 150 i tallet. De fleste hadde kofferter med, nogen holdt barn i hånden. W. så bare kvinner, overhodet ingen menn. Endel av dem stod og gråt, men de fleste hadde en resignert mine, – det virket som de var forstenet. Det var ingen som virket hysteriske. Utenfor gjerdet, derimot, hvor pårørende og tilskuere stod samlet, kom det av og til, til høilytte klagerop og skrik. Disse tilskuerne fikk ikke lov å stå langs nettinggjerdet. De blev jaget over gaten og stod på fortauget like under festningsmuren. De stod alle og strakk sig på tærne for å få et glimt av sine kjære.»

Lagersjefen Bjarne Andersen arbeidde i nærleiken utanfor det avstengde kaiområdet, og i 1946 vart det gjennomført eit vitneavhør av han i samband med rettssaka mot gestapomannen Wilhelm Wagner:

«Allerede tidlig om morgenen den 26.11.42 begynte transporten av eldre mannlige jøder, kvinner og barn ned til Amerikalinjens kai, hvor Donau lå. Så vidt V. (vitnet) kunne se hadde de bare fått lov til å ta med seg et lite knytte med eiendeler. Alle satt de forgrått og sammensunket i bilene som (kom) kjørende forbi. Det var altfor mange mennesker til at V (vitnet). fra den plass han stod kunne se om jødene ble mishandlet på bryggen. Men V. (vitnet) antar at de ble det på grunn av skrik og jammerhyl som alle de omkringstående kunne høre.»

Eit anna vitne som vart avhøyrt i samband med saka mot Wagner, var kontorsjef Lars Kåre Korsmo. Han var til stades for å sjå at ekstra proviant vart frakta om bord. I august 1946 forklarte han seg om dette:

«Det han så av tyskernes behandling av jødene gjorde et sterkt inntrykk på ham. Han så ikke eksempler på mishandling, men så stadig hvordan vaktene terroriserte jødene ved et voldsomt språk m. v. Jødene måtte selv bære de tunge matvaresekker om bord i et voldsomt tempo.»

Ikkje alle av dei arresterte på kaia vart førte om bord i «Donau». Nokre heilt få vart fritekne, vesentleg på grunn av statsborgarskap. Enkelte av dei har seinare skildra det dei opplevde. Regine Wulff var dansk gift og vart difor frigjeven før «Donau» la frå kai. Ho flykta til Sverige, og i eit vitneavhøyr i januar 1943 sa ho mellom anna følgjande:

«Det var mennesker i alle aldre, fra seks måneder og oppover, i tillegg til syke og gamle. Alle ble samlet på kaia der de var under bevoktning av norsk og tysk uniformert politi. En ubeskrivelig jammer steg opp fra kvinnene og barna. En gammel kvinne besvimte, men ingen sendte bud etter lege for å hjelpe henne. Mens vi sto der på kaia, fikk vi ikke tillatelse til å hente noe å drikke, og ingen fikk lov til å benytte toalettet eller bevege seg utenfor det lille området som var inngjerdet.»

Av dei 529 som vart stuva inn på «Donau» den dagen, overlevde berre ni. Ei av dei tidlege skildringane frå dei få overlevande vart gjeven av Robert Savosnick frå Trondheim. I eit rettsleg avhøyr i Oslo tinghus i februar 1946 vart mellom anna følgjande nedteikna:

«På kaien kom det jødiske kvinner og barn. Videre kom det jødiske menn fra Berg konsentrasjonsleir. Det kom stadig nye puljer. Om bord ble v. (vitnet) og andre yngre menn tatt ut til å laste båten. Lastingen skjedde under vakt av norske nazister eller statspoliti. Det var også flere sivile norske nazister tilstede. V. (vitnet) hadde nærmest inntrykk av at disse var tilstede som tilskuere. Han la særlig merke til en som var midtpunktet og som han derfor tenkte seg var en fremstående nazist.»

Den vellaga dokumentarserien Last Jøder, som i desse dagar vert vist på NRK, tydeleggjer at det framleis, 80 år etter, er mogleg å få augevitneskildringar frå denne novemberdagen. Ei av dei som er med i serien, er Gerd Golombek, den gong tolv år. Ho vart arrestert saman med ein eldre bror, mor og tante, men drosja kom for seint til kaiområdet. Ei tysk vakt ropte zurück (tilbake). Dei vart køyrde tilbake til bustaden i Markveien, kom seg i dekning dagen etter og flykta seinare til Sverige. Ho vart intervjua av Jødisk Museum i 2012 og skildra det ho hugsa frå kaia, slik:

«Ja, ja, jeg så båten. Det var helt stilt der, så absolutt ingen. Helt stille… det var en sånn underlig stillhet… men jeg satt da i drosjen og skulle akkurat ta hånden min på døren for å gå ut. ZURÜCK! Husker jeg hadde hånden min for å ta, for å gå ut, og akkurat det øyeblikket jeg tenkte jeg skulle gå ut, da begynte jeg å tenke… skjønne hva dette var. For mens vi var i leiligheten så var vi jo hjemme, og det var trygt og sånn, og da i det øyeblikket jeg tok hånden mot døren og skulle gå ut, da gikk det opp for meg, i sin gru. Da visste jeg i grunn ikke heller hvor grusomt det var…»

Det eksisterer mange fotografi av «Donau», og fram til 1990-åra knytte truleg dei fleste skipet til sabotasjeaksjonen til Max Manus og Roy Nilsen, då skipet sokk i januar 1945. Eit synleg prov på at fokuset har endra seg den siste tida, er at skipsklokka frå «Donau» vart overført frå Norges Hjemmefrontmuseum til Holocaustsenteret i 2014.

Fossums siste bilete er det einaste kjende fotografiet frå ferda til dei 529 fangane om bord. «Donau» kom til Stettin klokka 11.10 den 30. november. Transporten tok éin dag lenger enn planlagt på grunn av storm i Austersjøen. I Stettin vart fangane jaga inn i kuvogner. Togtransporten tok to dagar. Då dei kom til Auschwitz, vart alle, unnateke arbeidsføre menn, sende rett i gasskammera i leiren og myrda.

Mats Tangestuen

Mats Tangestuen er historikar og fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

Fleire av utdraga er henta frå Bjarte Brulands bok Holocaust i Norge, Dreyer 2017.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Folk hadde bare med seg litt hånd­bagasje, som om de skulle på en kortere overnattingstur.»

Georg W.
Fossum,
fotograf

«Det var også flere sivile norske nazister tilstede. V. (vitnet) hadde nærmest inntrykk av at disse var tilstede som tilskuere.»

Robert
Savosnick, overlevande frå Trondheim

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis