JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2631
20240202

Kva visuelt trekk?

5 POENG: Det er ikkje uvanleg å vilje skjule dette trekket. Salomos ordtak kallar det derimot «ei fager krone» og «ei ære». Svaret er to ord.

4 POENG: Jonas Gahr Støre har hatt meir av det som statsminister enn som utanriksminister. Elsa Lystad såg me derimot ikkje med det.

3 POENG: Somme menn med trekket vert kalla sølvrevar. Dersom du stadig valdar nokon uro, heiter det at du set dette i hovudet på dei.

2 POENG: Det er eit normalt aldringsteikn. Ibsen skildra Terje Vigen med eit adjektiv som sluttar på -sprengd.

1 POENG: Skjegg vert dette tidleg, augebryn seint. Ein del av årsaka til fargeskiftet er mindre pigmentproduksjon.

Kva TV-serie?

5 POENG: Denne amerikanske TV-serien har ein misantropisk hovudperson. Songen «Teardrop» av bandet Massive Attack er kjenningsmelodi.

4 POENG: Serien gjekk i åra 2004–2012 og har fått fleire prisar. To sentrale figurar er Lisa Cuddy og James Wilson, spelte av Lisa Edelstein og Robert Sean Leonard.

3 POENG: Tittelfiguren er eit ukonvensjonelt geni på Princeton-Plainsboro Teaching Hospital i New Jersey. Han heiter Gregory til fornamn.

2 POENG: Nokre andre kjende sjukehusseriar er Akutten, Chicago Hope, Grey’s Anatomy og Scrubs. Hugh Laurie har hovudrolla.

1 POENG: Tittelen, som er etternamnet til Gregory, er òg det engelske ordet for ein vanleg type bygning.

Kva person?

5 POENG: Andrea Rudland Haave er best kjend for å spele denne personen, som vart fødd i Hammerfest. Personen sette ved fleire høve rekord som yngst. Den første ektefellen var ein yrkeskollega.

4 POENG: Personen lever, er fødd i 1950 og voks frå 1952 opp i Oslo. Ho var lenge nobelkomitémedlem. I dag er ho gift med Arne Wam.

3 POENG: Yrket er politikar. I 1979 vart ho forbrukar- og administrasjonsminister. Då sette ho rekord ved å vere yngste norske statsråd nokon gong.

2 POENG: Haaves rolle er i NRK-serien Makta. Me ser henne til dømes som AUF-leiar. 

1 POENG: Som ung og opprørsk vart ho kalla «raude Sissel».

Kva delstat?

5 POENG: Denne delstaten har nest størst areal og fjerde størst folketal i landet. Til forskjell frå fire av delstatsnaboane, har han ikkje bindestrek i namnet.

4 POENG: Landet har 16 delstatar, denne ligg i nordvest. Han er rik på folklore. Eit døme er baronen som skal ha flydd på ei kanonkule.

3 POENG: Han er tysk og har kyst mot Nordsjøen, men ikkje Austersjøen. Frå vest til aust har me dei store elvane Ems, Weser og Elben.

2 POENG: Byen Bremen er ein enklave i delstaten. Andre naboar utan bindestrek er Hamburg, Brandenburg, Thüringen og Hessen, i tillegg til Nederland. 

1 POENG: Som namnet tilseier, ligg han lågare enn Sachsen.

Svar på neste side

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis