Foto: Terje Pedersen / NTB
0–6 rette: Kor mange skruar sat lause i dag, tru? Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna glepp når det skrur seg til.
10–15 rette: Applaus! Du skrur stadig ballen i mål.
16–20 rette: Utvilsamt godt skrudd saman og i framifrå gjenge!
21 rette: Oss skruar imellom – gratulerer! Quizmeisteren gler seg til å få e-post.

1. I ski-VM 2023 vann han alle fire øvingane i kombinert for menn. Kva norsk verdseinar er det?
2. Kvinnestafetten i langrenn vart eit høgdepunkt for Noreg. Ingvild Flugstad Østberg var tilbake etter helseutfordringar og drog ifrå. Kva etappe var det?
3. Weddellhavet, Bellingshausenhavet, Amundsenhavet og Rosshavet ligg alle rundt kva for eit kontinent?
4. Er det kontinens eller inkontinens som er evna til å halde på urin og avføring?
5. Granité er grov, men elles ganske lik kva annan type vassen is?
6. Er granitt ein magmatisk bergart, ein sedimentær bergart eller ein metamorf bergart?
7. Kva for to granittskulpturar har stått på ein kjend stad sidan 1865 og er signerte av bilethoggaren Christopher Borch? Han fekk honnør for å ha lært opp to straffangar til å hogge dei ut.
8. Både granité og granitt kjem av det latinske ordet granum. Kva tyder det, med eit svar på fire bokstavar?
9. Kva fysisk storleik er låg hos til dømes gran, om lag 2000 kilowattimar per fastkubikkmeter?
10. Kva for eit distrikt er Gran kommune ein del av?
11. Kven, som vart fødd på Brandbu i Gran i 1903, er best kjend som grunnleggjaren av Human-Etisk Forbund?
12. HEF-grunnleggjaren arbeidde lenge ved Universitetet i Oslo, der faget hans var læra om planter. Kva heiter faget?
13. Dei tre Brontë-systrene døydde alle unge. Sei eit år alle tre var i live.
14. Kva film frå 1954, regissert av Ishirō Honda, introduserte eit stort og kjent monster som får styrke av radioaktivitet? Filmen og monsteret har same namn.
15. Kva liturgisk farge har fastetida i Den norske kyrkja?
16. Kva cubansk dans har ein karakteristisk rytmikk sett saman av to fjerdedelnotar, tre åttandedelnotar og ein pause? Namnet kan representere åttandedelnotane når ein tel høgt.
17. Den store forskjellen er hovudtittelen på NOU-en som utvalsleiar Christine Meyer leverte 2. mars. Kva spesifikt tema er det tale om, som gjev namn til utvalet?
18. Det var tre store slag i Aleksander den stores erobring av Persarriket, i 334, 333 og 331 før Kristus. Nemn eitt av dei.
19. Kva er det norske namnet på den fiktive byen Duckburg?
20. Kva valør har den amerikanske dollarsetelen der me ser Andrew Jackson på framsida og Det kvite huset på baksida?
21. Fasetter frå 1988 er debutalbumet til ein kjend musikar som i 2023 er å sjå på både Folketeateret og i Hver gang vi møtes. Kven?
Svar på spørsmåla:
1. Jarl Magnus Riiber
2. Tredje etappe
3. Det antarktiske kontinentet, også kjend som Antarktika (Me godtek Antarktis, som er namnet på verdsdelen.)
4. Kontinens
5. Sorbé
6. Ein magmatisk bergart
7. Stortingsløvene
8. Korn
9. Brennverdi
10. Hadeland
11. Kristian Horn
12. Botanikk
13. Eit år i tidsrommet 1820–1848
14. Godzilla
15. Fiolett (Me godtek lilla.)
16. Cha-cha-cha (Teljinga er «ein, to, cha-cha-cha».)
17. Kvinnehelse (Både kvinner og helse må med i svaret.)
18. Slaget ved Granikos, slaget ved Issos eller slaget ved Gaugamela
19. Andeby
20. 20 dollar
21. Karoline Krüger
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.