JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Ned i gjørma

Når skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

6320
20170908
6320
20170908

I ein offentleg Facebook-post den 3. september 2017 skreiv styreleiar i Norsk PEN, William Nygaard, at «blant våre rikspolitikere er det nok Sylvi Listhaug som ligger tettest på en autoritær og rasististisk (sic!) fascisme i norsk politikk i dag». Nygaard innleia posten med å seie at han «bryter et tabu om fascisme og advarer for egen regning», altså mot Listhaug som tett på fascisme og rasisme.

Det er sterke ord. Det finst mest ikkje meir fordømmande omgrep enn fascisme og rasisme. Det einaste som overgår dei, er nazisme. Men rasistisk fascisme er knapt å skilje frå nazisme, Hitler og folkemordet på jødane. For å finne ei liknande skulding mot ein norsk statsråd må ein vel attende til Georg Johannesen som på 1950-tallet kalla utanriksminister Halvard Lange for «den vellykte Vidkun Quisling».

Nygaards retorikk er særleg sterk fordi han sjølv burde vere klår over at det ikkje er dekking for han etter vanlege definisjonar av fascisme og rasisme. Hos Listhaug finn ein ikkje tilslutning til det antidemokratiske fascistiske førarprinsippet, og heller ikkje til ideane i den klassiske rasismen om at visse folkegrupper er biologisk overlegne.

Om å bera skit med hanskar

I oppfølgingsintervju i Dagsavisen og Verdens Gang måndag 4. september hevda Nygaard at han ikkje hadde karakterisert Listhaug som fascist. Det meiner eg er å snike seg unna. Reint formelt har Nygaard berre sagt at Listhaug står nærare fascismen og rasismen enn nokon annan politikar i landet. Men så dum kan han ikkje vere at han ikkje veit korleis ei slik utsegn vert oppfatta ute i det folkedjupet han elles er så oppteke av at ein ikkje må spele på. I praksis knyter han Listhaug til fascisme og rasisme. Når han relativiserer dette med talemåtar som «tettest på», og etterpå seier at han ikkje har kalla henne noko stygt, vert det som å bere skiten med hanskar, og etterpå seie at ein ikkje har rørt han av di hanskane var imellom.

I intervjua forklarer han omgrepa fascisme og rasisme med at Listhaugs «retorikk» stimulerer undertonar av fascisme og rasisme i befolkninga. Det vil seie at Listhaug snakkar om innvandringsspørsmål på ein slik måte at sjølve den språklege stilen set folkegrupper opp mot kvarandre, fører til dårleg handsaming av minoritetar og framvokster av fascisme. Men hovudgrunngjevinga hans for kvifor han meiner at ho lyt knytast til rasisme og fascisme er «at Listhaug ved sin grunnholdning betrakter flyktninger og innvandrere som en risiko i stedet for som en ressurs i vårt samfunn på flere nivåer».

Dette er alvorlege skuldingar som òg mange andre har retta mot Listhaug. Men sjølv om Nygaard skulle ha rett i at Listhaugs stil skapar motsetnader, vil ikkje det seie at Listhaug <i>som person<i> kan knytast til fascisme eller rasisme i den meininga vi til vanleg oppfattar desse omgrepa. Det Nygaard skildrar, er <i>framandfrykt</i>. Han meiner at framandfrykta ligg under som ei grunnhaldning hos Listhaug. Dette er òg ei alvorleg skulding, men ikkje nok til å knyte Listhaug til uhyggelege retningar som fascisme og rasisme.

Ein norsk patriot frå 1950-talet

I verdisaker som familie, ekteskap og surrogati, er Listhaug verdikonservativ og står KrF nær. Ho står fram mykje meir som ein heilt vanleg norsk patriot frå 1950-talet enn som ein Benito Mussolini frå 1930-talet. I synet på nasjon, innvandring, islam og fleirkultur er ho perfekt som innvandringshindringminister, men mindre skikka til å vera integreringsminister.

På grunn av dei sterke nasjonale draga i politikken hennar med snakk om norske verdiar og vern om norsk velferd, kritikk av radikal islam og stram innvandringsretorikk, fell ho lett inn i rolla som talerøyr for populistiske straumar.

Dimed risikerer dei som ikkje likar politikken hennar, å sjå henne som populistisk stereotyp.

Det inneber ein fare for at norsk politikk som er lite polarisert, kan verte smitta av den mykje krassare internasjonale striden mellom populistar og liberalarar, der populistane omtalar liberalarane som landssvikarar, medan liberalarane ser på populistane som nazistar.

Dette er kommentarfeltas erobring av den offentlege samtala, og lyt drivast attende. Når skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.

Om makta over dagsordenen

Dei som ikkje likar Listhaug og meiner at ho har ein utoleleg stil, må forstå at å knyte henne til rasismen og fascismen, er det same som å seie at skepsis til høg innvandring på kort tid, er rasisme og fascisme. Korleis skal det vere mogeleg å føre eit sakleg ordskifte viss spørsmålet om når innvandringa går over frå å vere ressurs til å verte risiko, ikkje kan settast på dagsorden utan at dei som er meir opptekne av risiko enn ressurs, skal skjellast ut som rasistar? Er det fascisme å tru at høg innvandring frå lågkostland til eit Noreg utan høvelege arbeidsplassar for slik innvandring, ikkje er ein økonomisk ressurs, men ein risiko for velferdsordningar og for gruppekonfliktar, fordi det skapar økonomiske og kulturelle parallellsamfunn? Er det fascisme å meine at ei slik utvikling i dagens verd aukar terrorfaren i Noreg òg? Korleis tenkjer Nygaard seg at eit ordskifte om grensene for innvandring skal gå føre seg dersom den eine parten i saka på førehand er definert som fascist og rasist?

Ein hovudgrunn til at vi heilt sidan 1990-tallet, og lenge før Listhaug var påtenkt som minister, har hatt eit forgifta innvandringsordskifte, er ikkje minst at akademikarar med verdikonservativ skepsis til høg innvandring har halde seg unna, mykje på grunn av den typen utskjelling som Nygaard nå går i spissen for.

Nygaard trur sikkert at han med åtaket sitt på Listhaug, forsvarar liberale verdiar. Men når så giftige omgrep som fascisme og rasisme vert nytta utan dekking, vert dei devaluerte til skjellsord i ein politisk skyttargravskrig der grensa mellom sanning og lygn er like porøs som EUs yttergrenser. Dette fremjar ikkje liberale verdiar, men driv menneske ut frå dei opplyste delane av det offentlege rommet.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis tenkjer Nygaard seg at eit ordskifte om grensene for innvandring skal gå føre seg dersom den eine parten i saka på førehand er definert som fascist og rasist?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis