JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Livet etter arbeidslivet

Det finst fleire måtar å bidra til samfunnet på enn å stå lenge i jobb.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4926
20180323
4926
20180323

Lat oss byrje med å sjå inn i vår eiga, personlege framtid ein liten augneblink: Kor slitne skal vi vere for å kunne gå av med pensjon med godt samvit?

Den nye avtalen om offentleg tenestepensjon som kom i hamn førre veke, er inga overrasking. Han bygger på eksisterande stortingsvedtak som seier at vi må jobbe lenger. Det finn vi i Perspektivmeldinga. I Høgres pleie- og omsorgspolitikk står det: «Med bedre helse kan vi arbeide lenger», og på NHOs årskonferanse i januar sa Erna Solberg mellom anna: «Velferd er verdien av arbeid.»

Det er liten tvil om at arbeid er viktig for velferdsstaten. Denne teksten er heller ikkje noko forsøk på å framskrive kva som løner seg, eller kor mykje vi må jobbe for at velferdsstaten må gå i null. Teksten skal berre sette av litt tid til eit anna perspektiv: Òg pensjonistar har verdi.

Verdien av å ikkje få løn

Ja, dei har til og med ein verdi i kroner og øre. 25 milliardar er verdien av det frivillige arbeidet pensjonistar utfører i Noreg, om vi skal tru rapporten Verdien av aktive seniorer frå 2017. Det er både like mykje som formuen Peter Stordalen nyleg overførte til borna sine, og like mykje som dei statlege utgiftene til petroleumsverksemd i 2018.

Di eldre vi vert, di oftare gjer vi frivillig arbeid, syner Frivillig­hetsbarometeret. Pensjo­nistar sit ikkje berre eksamensvakt nokre sveitte dagar i mai – dei målar bygdehus, driv skyttarklubbar for born og unge, er turleiarar i DNT, sit i 17. mai-komitear, leverer mat til andre eldre og er leksehjelp i barneskulen. Særleg mange eldre engasjerer seg i lokalmiljøet – i velforeiningar, grendelag og samlingshus.

Urasjonell tradisjon

Som busett på ein liten stad og engasjert i noko så gamalmodig som fartøyvern er eg så heldig å sjå og ta del i dette. Gjennomgangstonen er «vi treng fleire pensjonistar». Og ikkje berre på grunn av det openberre – kunnskap om å legge ein spleis og tid til å syne meg korleis eg skal gjere det – men dei har òg glede over mi interesse, som igjen gjev meg entusiasme. Noko å lære, nokon med erfaring å lære det av.

Treng vi tradisjonsberarar i 2018? Når alt endrar seg så raskt som det gjer, er det lett å tenke på eldre som bakpå og akterutsegla. Dei har i alle fall ikkje noko å lære oss lenger.

Eller? Er det ikkje endå viktigare med forankring når det meste er i flyt? Arbeidslivet vektlegg «evne til omstilling og nytenking». Likevel kjem ein ikkje langt utan erfaring.

Og stadig får tradisjonar som rasjonelt sett skulle vore utdøydde, nytt liv. Stadig strikkar vi nye sokkar og leiter fram farmors gamle oppskrift på sylteflesk. Stadig dukkar nye Prøysen-ar opp i Nordstoga-drakt og syng om farfarar med lommene fulle av skrot.

Di meir samfunnet handlar om å kjøpe seg fri frå alt anna enn det som står på lønsslippen – det vere seg husvask, dugnad i burettslaget eller å byte dekk på bilen – di viktigare er det at nokon syner oss at vi ikkje berre har ein funksjon. Vi kan finne meining i å løyse dei oppgåvene vi tidlegare måtte betale andre for ta seg av. Men det føreset at vi er friske nok til å stå på kne ved sida av bilen.

Det nokon må gjere

Om Solberg ville, kunne ho likevel ha sagt på NHO-konferansen at «velferd er summen av arbeid og frivillighet». For det at ein med rett rygg kan gå ut av arbeidslivet med overskot nok til å halde fram å bidra til samfunnet, gjer sjølv eldrebølga lettare å hanskast med.

Mange eldre treng omsorg. Men mange eldre gjev òg omsorg: Dei som brukar mest tid på ulønna omsorgsarbeid – altså omsut for nære og kjære – er dei mellom 44 og 66 år. Dei som bruker nest mest tid, er dei frå 67 år og oppover. 15 prosent av heiltidsarbeidande vaksne gjer ulønt omsorgsarbeid, mot 20 prosent av deltidsarbeidande.

Eldreomsorg vil måtte ta meir plass i framtida. Kor mykje av ho som skal lønnast, kjem mellom anna an på kor vi legg lista: Skal vi stå i arbeid til vi er utslitne og litt til, eller skal vi akseptere at det framleis er greitt å ynskje seg eit liv etter arbeidslivet? Di meir slitne pensjonistar vi får, di fleire må arbeidsstyrken ta seg av, for denne jobben gjer seg ikkje sjølv.

Kva skal vi lære?

Dagens pensjonistar kan lære min og komande generasjonar om korleis Noreg var før oljen, at det er sikrare å lukte på mjølka enn å sjå på datomerkinga for å avgjere om ho er dårleg, og korleis ein går ordentleg diagonalgang på ski.

Kva komande pensjonistar har å lære vekk, veit vi ikkje enno. Men vi bør halde på trua på at det er noko som er verdt noko. At vi òg har eit ettermæle.

«’Vitensamfunnet’ er blitt så uoverskuelig for alle at klovnen nå har erstattet vismannen som ideal», skreiv Suzanne Brøgger ein gong i ein tekst om nettopp alderdom. Ho har truleg rett – men å jobbe mot det kan vere ei god livsoppgåve for dei som no er på veg mot alderdommen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange eldre treng

omsorg. Men mange

eldre gjev òg omsorg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis