JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Rettane til homofile er blitt kamparena for islamistar, ytre høgre og det liberale samfunnet.

Det er det mange som betaler ein høg pris for.

Teikning: May Linn Clement

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6132
20240322
6132
20240322

Han ser ned, ser vekk og vil ikkje møte blikket til dei som vart ramma av angrepet hans. I den grad Zaniar Matapour, mannen som er tiltalte for terror og drap under pride-festen i Oslo 25. juni 2022, vil bruke rettssalen som politisk arena, ser bodskapen ut til å vere denne: Han anerkjenner ikkje retten, og angrar absolutt ingenting.

To menneske mista livet, 21 vart skadde og 260 personar har status som fornærma i saka som no går for Oslo tingrett. Retten har fått sjå opptak som i all si gru viser at terroren kunne ha kosta langt fleire menneske livet om ikkje snarrådige personar hadde stoppa gjerningsmannen i god tid før politiet dukka opp på åstaden.

Opne spørsmål

Det er fleire opne spørsmål etter at sommarnatta som skulle vere feiring av kjærleik og mangfald, enda med skyting på open gate. Spørsmålet om gjerningsmannen kvalifiserer som strafferettsleg tilrekneleg, er eitt av dei. Eit anna handlar om i kva grad han samarbeidde med andre, og om han kunne ha blitt stoppa i forkant. Terrorangrepet 22. juli 2011 og terroren i Bærum i 2019 var utførte av såkalla soloterroristar, gjerningsmenn som var åleine om å planlegge og gjennomføre angrepa.

Ingen av dei to var einslege ulvar, dei var flokkdyr, radikaliserte innanfor ein fellesskap dei søkte seg til på internett. Slike terroristar er det sjølvsagt vanskeleg å fange opp, også for ei proaktiv tryggingsteneste. Pride-terroren var annleis. Rettssaka vil kaste lys over kva rolle Arfan Bhatti og den tidlegare ektefellen hans spelte i forkant.

Vi vil truleg også få vite meir om kva rolle e-tenesta spelte. Pressa har publisert samtaleloggar frå appen Telegram der ein mann som jobbar for e-tenesta, men som utgir seg for å vere ein høgtståande representant for terrormilitsen IS, kommuniserer med både Bhatti og den andre medtiltalte om eit kommande terrorangrep.

Pride-terroristen gjekk av 18-trikken ved Tinghuset i Oslo kl. 01.11 den 25. juni 2022 for å skyte folk.

Foto: Politiet / NTB

«Det var godt kjent at IS såg på homofile som prioriterte terrormål.»

Eit prioritert mål

Saka er underleg: E-tenesta veit at to av landets mest kjente – og, får vi tru, overvakte – IS-sympatisørar planlegg eit terrorangrep. Den eine av dei to publiserer eit bilete av eit brennande pride-flagg på sosiale medium, elleve dagar før det er annonsert pride-fest i Oslo. E-tenesta og PST har kontakt om saka. Alle er alltid klokare i ettertid. Men det er pussig at den styresmakta som har ansvar for vår felles tryggleik, ikkje vurderte faren for angrep mot pride som eksepsjonelt høg.

Det var godt kjent at IS såg på homofile som prioriterte terrormål. I 2016 gjekk IS-sympatisøren Omar Mateen til angrep på ein nattklubb som var kjent som ein møtestad for homofile i Orlando i Florida. Han rakk å drepe 49 personar og skade 53 andre. Etter angrepet sendte IS ut ei erklæring der dei gratulerte drapsmannen med «nedslaktinga av 49 sodomittar». Terrormilitsen praktiserte elles offentleg avretting av homofile i områda dei kontrollerte i Syria og Irak. Organisasjonen OutRight Action International har dokumentert minst 19 slike avrettingar.

Matapours advokat hevdar at mannen frå e-tenesta opererte som provokatør, at han tok initiativ og fekk ting til å skje. Stortingets EOS-utval har alt granska spørsmålet. Dei kom fram til at det ikkje var hald i påstanden om at terroren var framprovosert.

Utvalet vurderte også det noko meir innfløkte spørsmålet om e-tenesta delte nok informasjon med PST til rett tid. Også her konkluderte stortingsgranskinga med at det ikkje er grunn til kritikk.

Eit norsk flagg vaiar over blomstrar og regnbogeflagg på åstaden etter skyteepisoden i 2022.

Foto: Sergei Grits / AP / NTB

Eit symbol

Det er 52 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Det å kjempe for likeverd for gruppa vi no gjerne omtaler som LHBTQ+, er blitt ei symbolsak for samfunn som vil vere tolerante, opne og mangfaldige. Samstundes får denne gruppa mykje uønskt merksemd, ikkje berre frå religiøse ekstremistar, men også frå ytre høgre.

Autoritære leiarar som Russlands Vladimir Putin og Ungarns Viktor Orbán, som begge har innført forbod mot det dei kallar «homofil propaganda», viser veg saman med det religiøse ytre høgre i USA. Over heile den vestlege verda snakkar nasjonalkonservative og høgreekstremistar seg varme om «tradisjonelle familiar». Samstundes går dei til angrep på ideen om at menneske kan ha ein flytande kjønnsidentitet, gjerne formulert i slagord som kamp mot regnbogeimperiet og gendergaga.

Zaniar Matapour er tiltala for grov terror etter at han opna ild utanfor Per på hjørnet og London pub i Oslo natt til 25. juni 2022. Biletet er frå rettssalen i Oslo tinghus.

Foto: Lise Åserud / NTB / POOL

Ein høg pris

Levekårsundersøkingar viser at homofile i Noreg jamt over har dårlegare helse og lågare yrkesdeltaking og er mindre fornøgde med livet enn andre. Dette gjeld også for dei som er unge og har levd mesteparten av livet etter at det vart slutt på juridisk diskriminering av homofile i Noreg. Det er fire gonger så mange uføre blant homofile i aldersgruppa 25–29 som blant andre. Organisasjonen Fri ser tala i samband med mobbing og utanforskap. Det kan sjå ut til at mange unge menneske betaler prisen for ei lita gruppe sine fordommar og hat med eiga helse og eigen livskvalitet.

Flokken

Dei personane påtalemakta meiner planla angrepet i Oslo, er få, og dei er svært ytterleggåande. Men også dei er ein del av ein større flokk som ser homofili som noko som bør straffast, anten med vald eller med trakassering.

Tiår med polariserande konfrontasjon og mistenkeleggjering frå miljøet rundt Hege Storhaug og hennar likesinna, har ikkje gjort diskusjonen om konservativ islam og rettferd for homofile lettare å handtere. For homofile og personar med flytande kjønnsidentitet er det uansett alltid dårleg nytt å vere på radaren til personar med sterke meiningar, dårleg folkeskikk og låg terskel for å ty til vald.

Sjølv er eg spent på om dei neste vekene vil gi svar på om e-tenesta, som Stortinget meiner ikkje har operert på ein kritikkverdig måte, kunne ha gjort ein betre jobb. Eg er også spent på om justisminister Emilie Enger Mehl, som fleire gonger har gitt uttrykk for at det ikkje er forsvarleg å omtale det planlagde angrepet mot norske homofile som terror, vil lande på at ja, dette var terrorisme, når dommen fell.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør av Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis