JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Bjørneboes aure

Det er påfallande korleis Jens Bjørneboe, som elles i det han skreiv la sterk vekt på den personlege fridomen til menneska, glorifiserer den seksuelle ekspertisen slik at den unge kvinna vert offer utan at ho sjølv ser det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5660
20170526
5660
20170526

Den 1. juni er det 50 år sidan forfattaren Jens Bjørneboe i 1967 møtte i byretten i Oslo, tiltala for brot på den såkalla utuktsparagrafen. Saka gjaldt den pornografiske romanen Uten en tråd, som vart utgjeven anonymt året før.

Boka vart forboden og Bjørneboe dømd, men aktoratets påstand om ein straff på 30 dagars fengsel på vilkår og 1000 kroner i bot, vart ikkje teken til fylgje. Dommen om ei bot på symbolske 100 kroner var vel eit teikn på at retten sjølv fann utuktsparagrafen forelda, noko som synte seg i at boka sidan er komen i fleire nye utgåver utan at den gamle domen vakna opp att.

Skandalesuksess

Uten en tråd var ein skandalesuksess som bidrog til Bjørneboes heltestatus i 68-generasjonen. Men mellom dei vaksne kulturradikalarane, som hadde slutta opp om Agnar Mykle under prosessen mot Sangen om den røde rubin i 1957, var det ikkje mykje eldhug å spore for Uten en tråd. I Dagbladet vart boka slakta av Philip Houm, og få ville støtte Bjørneboe som forsvarsvitne i sjølve rettssaka. Agnar Mykle truga med erstatningssak om nokon våga å trekkja inn boka hans i Bjørneboe-saka.

Årsaka var ikkje berre at Sangen om den røde rubin var ein mykje betre roman enn Uten en tråd, som likna kiosklektyre. Mykle hadde òg ein annan bodskap enn Bjørneboe. Mykles hovudperson Ask Burlefot var skildra som ein forvilla jeger etter den sanne kjærleiken i møte med den utkåra kvinna. Bjørneboe ville avmytologisera kjærleikslivet med eit innlegg for enkel sex i uforpliktande relasjonar utan anna meining enn nyting. Det var ein nihilisme som radikalarane på Bjørneboes tid slett ikkje kjende seg vel med.

Orgasmeproblem

Intrigen i Uten en tråd er bygd opp kring problema ei 18 år gammal jente har med å få orgasme. Jenta oppsøkjer «orgasmespesialisten» dr. Peterson, som er romanens vitskapelege og etiske talerøyr. Kledd i kvit kittel, på legekontoret, gjennomfører han «en alminneleg undersøking» som består i å kle den unge pasienten naken og prøve ut dei seksuelle refleksane hennar, idet han begynner med gummihammaren på kneet og sluttar med eit par fullbyrda samleie, avbrotne av notat på arkivkortet og spreidde kulturradikale klisjear om skam og skuld.

Det mest påfallande innslaget i romanen er korleis Bjørneboe, som elles i det han skreiv la sterk vekt på den personlege fridomen til menneska, utan å lata boka motseie det tvert om glorifiserer den seksuelle ekspertisen slik at den unge kvinna vert offer utan at ho sjølv ser det.

Idet dr. Peterson utnyttar den medisinske autoriteten sin til å avfeie tenåringsjentas reaksjonar på seksualterapien i form av sjenanse, skam og forvirring, degraderer han henne til eit seksuelt apparat som han behandlar reint maskinelt som etter ei teknisk bruksrettleiing for å oppnå dei tilsikta effektane.

Ingen seksualmoral

For heilt å sjå bort frå instinktive reaksjonar mot å bli behandla som eit dyr av eit anna dyr i løpetida, innprentar han henne – etter å ha nytta legetimen til å misbruke henne – at det ikkje finst nokon eigen moral for det seksuelle livet. Det vil seie at seksualiteten ikkje er eit særskilt livsområde, men like heilag eller prosaisk som alt anna eit menneske kan finne på å gjere. Seksuallivet står under den same etiske lova som alt anna, nemleg Torbjørn Egners kardemommelov: Du skal være god og snill, det vil seie ikkje skade andre, elles kan du gjere som du vil.

I boka lèt Bjørneboe talerøyret sitt, dr. Peterson, likestilla den seksuelle relasjonen med «å plukke blomster eller lese bøker eller gå på ski». I føredraget «Pornografien i Norge fra vikingetiden til i dag» halde i Studentersamfundet i Oslo i 1967, jamførte han òg seksualakta med «å drikke et glass vin eller spise en ørret».

Hit hadde Noreg vore på veg heilt sidan Hans Jægers opprør mot ekteskapet på 1880-talet. Bjørneboe skapte ikkje rørsla som sende den kristne seksualmoralen og det borgarlege familieidealet i grava. Han berre hoppa på den radikale vogna i fart og gav henne eit kulturelt andlet. Det er vanskeleg å sjå for seg at utviklinga kunne ha gått utanom oppløysinga av den gamle ordninga av seksualiteten og reproduksjonen, tufta som dei strenge ideala og reglane var på ei religiøs tru som hadde forvitra sidan 1800-talet.

Men 50 år og to generasjonar med seksuell frigjering har likevel ikkje bekrefta den underliggjande påstanden i Uten en tråd, nemleg at menneska, om dei slepper fri frå den moralske tvangen, vil leva slik som Bjørneboes heltinne: grunnleggjande promiskuøs og utan interesse for personlege relasjonar, berre pynta på med litt snakk om ei forelsking på femte siste side.

Personleg relasjon

No, som før, er det den personlege og varige relasjonen dei fleste søkjer. Det er freistande å tru at det verkelege framsteget til sjuande og sist vil syne seg ikkje å liggja i fridomen til utsvevande og promiskuøst seksualliv, men i fridomen til å finna og etablera personlege og varige kjærleiksrelasjonar på sitt eige vis.

Då kan ein òg seie at Uten en tråd var meir vend mot fortida enn mot framtida. I det perspektivet vert boka – som så mykje anna frå Jens Bjørneboes hand – ein medviten provokasjon som gav den gamle utuktsparagrafen nådestøyten. Den forfattaren som no vil for retten, må skriva om meir kjenslevare soner enn dei erogene.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bjørneboe ville avmytologisera kjærleikslivet

med eit innlegg for enkel sex i uforpliktande

relasjonar utan anna meining enn nyting.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis