JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Konformitetspress i akademia

Konformitetspress, både frå innsida og frå utsida, er truleg det sterkaste trugsmålet mot akademisk autonomi og ytringsfridom her i landet, syner ein fersk rapport.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fredrik W. Thue er professor ved OsloMet.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Khrono

8226
20220107
8226
20220107

Akademia

janh@landro.bergen.no

Bak dette presset mot forskinga, som ofte kan vere ganske subtilt, står både styresmakter, Forskingsrådet, institusjonsleiingar og andre aktørar som kontrollerer strategiske ressursar, meiner dei fem forfattarane av rapporten Et ytringsklima under press?. Arbeidsgruppa har vore leia av professor Fredrik W. Thue, som òg er hovudforfattar av rapporten. Han har hatt med seg kollegaer frå Senter for profesjonsstudiar og Handelshøgskolen ved OsloMet.

Arbeidet vil danne ein del av kunnskapsgrunnlaget for Ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom, leia av Anine Kierulf, som skal levere sin rapport 1. mars i år.

Kunnskapsdepartementet presiserte overfor Kierulf-utvalet at dei ikkje skal sjå på forskingsfinansiering. Men det momentet ville ikkje OsloMet-kvintetten ekskludere frå sin rapport. Der heiter det då også at nye organisasjons- og finansieringsformer som knyter forskinga tettare til eksterne interessentar, ikkje-akademiske samarbeidspartnarar og politiske mål, kan bidra til å krympe armslaget for å ytre seg offentleg.

– Heile universitets- og høgskulesektoren blir på ein heilt annan måte enn før styrt og nytta som ein ressurs inn i mange samfunnssamanhengar. Idealet om at sektoren skal samhandle med ei rad aktørar, står svært sterkt, forklarar Thue.

– Kva for krefter er det som øver sterkast kontroll og styring?

– Det varierer med forskingsområde. Innanfor til dømes landbruksforsking og lakseforsking er nok presset frå eksterne interessentar ganske kraftig. Konformitetspresset kan også komme frå inderleggjorde normer, noko som truleg er tilfellet i delar av samfunnsforskinga. Når ulike krav legg seg oppå kvarandre og tildelingsbreva frå departementet med kraftfullt formulerte krav kjem i tillegg, kan presset bli sterkt. Og så har vi den såkalla styringsdialogen frå departementet og nedover, via institusjonsleiing til fakultets- og instituttnivå, som minner meir om diktat. I sum er det tale om ei gjensidig forsterkande forventing frå ulike interesser.

– Kvar kjem det sterkaste interne konformitetspresset frå?

– Eitt er det Anine Kierulf kallar «smålighet» i dei akademiske miljøa. Så er det tale om kven som når fram i konkurransen om stillingar og forskingsmidlar, for desse personane vil vere nokså tonegivande for korleis institusjonar bør drivast, og korleis ein bør forske og søkje om pengar.

Nesna

– Nesna-saka har fått fleire rektorar i UH-sektoren til å rope om innsnevring av den akademiske autonomien. Har dei sakleg grunnlag for klaga?

– Slik organiseringa av sektoren er blitt, har departementet delegert ansvaret for upopulære avgjerder til institusjonsstyra. Prinsipielt meiner eg at det kan vere ei politisk avgjerd at det bør finnast eit utdanningstilbod ein stad. Men det fanst svært gode, saklege grunnar for å leggje ned utdanningstilbodet på Nesna. Eg synest ikkje det var klokt av regjeringa å intervenere heilt selektivt akkurat på Nesna, men vi kan gjerne få ein open diskusjon om korleis maktfordelinga skal vere mellom institusjonane og regjeringa i slike saker.

Fredrik Thue meiner at presset primært er av politisk og/eller økonomisk natur. Men ikkje berre, også kulturelle faktorar speler inn. Når den byråkratiske konformismen blir forsterka av ein kulturell konformisme, kan det bli ganske tungt.

– Har vi ikkje lenge sett at vitskaplege normer for gyldig kunnskap blir erstatta med ytre krav, oftast av politisk karakter?

– Jo, men vi kan òg tenkje oss andre mekanismar enn dei politiske. I det store biletet handlar det om i alle høve politisk formidla relevanskrav, ikkje minst gjennom forskingsfinansieringa. Desse krava er fullstendig legitime på somme område, til dømes er instituttsektoren til for å drive med relevant forsking. Problemet er når ein i så høg grad integrerer anvend forsking med grunnforsking, med fare for at denne logikken spreier seg, seier Thue.

– Noko av det mest tvilsame ved det nye regimet er at det ikkje ser verksemda til universitetstilsette som ein heilskap, men ønskjer å styre ein og ein dimensjon for seg. Dette nyliberale paradigmet får svært uheldige verknader i akademia.

– Kor vidfemnande og sterkt er konformitetspresset i akademia her i landet?

– På nokre område er også motkreftene godt til stades. I samband med fleire identitetspolitiske saker har det vore opplyftande å sjå at universitetsleiinga har markert klar avstand. Men styringa ovanfrå, som trengjer ned gjennom institusjonane, kan gi ei ganske effektiv form for konformitetspress. Og så er det noko med evna til å bruke og hevde fridommen. Når rekruttering og forskaropplæring gjennom nokre tiår går i ei bestemt retning, kan effekten av det bli ganske sterk. Institusjonane vil helst ha kandidatar som evnar å tilpasse seg strategisk og taktisk, då kan den sjølvstendige og kompromisslause forskaren bli skadelidande.

Karrieristar

– Korleis vurderer du då evna særleg dei yngre forskarane har til å nytte ytringsfridommen?

– I dag er presset så sterkt at unge forskarar må tenkje som karrieristar om dei vil ha fast stilling. Då må stipendiatar tilpasse prosjekta sine til dei nye spelereglane. At så mykje av publiseringa i dag skjer på engelsk i internasjonale tidsskrift, fører gjerne til at ein også tilpassar det ein held på med, til ein meir eller mindre dominerande fagleg debatt. Då kan deltaking i den offentlege debatten bli oppfatta som sekundært.

Frå 2007 har individuell akademisk fridom hatt eksplisitt lovvern. Kva for praktiske konsekvensar, om nokon, dette har fått, kan ikkje Fredrik Thue uttale seg om. Men han ser det som ein styrke at det finst ei slik norm ein kan appellere til.

– I rapporten skriv de at dagens mediesituasjon krev eit institusjonelt vern for dei som ytrar seg som representantar for vitskapen, når dei blir utsette for hets og trakassering. I kva grad finst dette forsvaret i dag, og korleis kan det styrkjast?

– Teikn tyder på at vernet er for veikt, sjølv om vi ikkje har komme over døme på norske forskarar som har vore utsette for ekstrem hets utan å få støtte i institusjonen. For å styrkje det institusjonelle vernet må leiinga gå ut offentleg og forsvare den angripne forskaren og markere at ulike typar åtak er uakseptable. Dessutan kan det vere behov for å støtte og hjelpe personen på ulike vis.

Thue meiner at universiteta tradisjonelt er ganske dårlege på slikt.

– Faren er at institusjonsleiinga skal bli så oppteken av omdømmelogikk at dei ikkje klarar å handle relevant, noko vi har sett fleire døme på i liknande saker både i Noreg og i andre land.

Statsråden

– Kva er det problematiske ved at stadig fleire universitet og høgskular held seg med såkalla verdimål?

– Vi ser ein tendens til at alle moglege institusjonar no skal formulere mål og grunnverdiar. Det kan stundom verke litt fjollete. Eit universitet bør tenkje grundig gjennom kva slags verdiar og normer som er av ein slik art at dei passar å ha som grunnverdi for eit universitet. Dei må passe seg for å formulere substansielle, politiske og kulturelle mål, fordi dei kan avgrense ytrings- og tankefridommen, seier han.

– Problematisk er det likeins at Forskingsrådet definerer store forskingsprogram på ein politisk måte. Det er legitimt at politikarane kanaliserer forskingsmidlar til område som dei meiner krev kunnskapsutvikling, men det må tenkjast gjennom på kva for vilkår.

– Mange akademikarar fryktar at den nye ministeren for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, skal avgrense den akademiske autonomien og fridommen. Kva tenkjer du om det?

– Eg veit ikkje heilt. Senterpartiet er blitt gradvis meir populistisk, og det er krefter i partiet som står akademia fjernt. Men det finst òg ein genuin konservatisme i partiet. Kanskje kan Moe bryte nokre tabu, til dømes ved å lyfte debatten om internasjonalisering. Men det kan òg tenkjast at statsråden vil bli forma av eit departement som er sterkt inne i den retninga forskingspolitikken har.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Faren er at institusjonsleiinga skal bli så oppteken av omdømmelogikk at dei ikkje klarar å handle relevant.

Fredrik W. Thue, professor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis