Statsbudsjett

Same prosedyre kvart år

Kvifor stilte eit knippe hutrande journalistar utanfor tomannsbustaden til Jens Stoltenberg i Oslo på tysdag?

Finansminister Jens Stoltenberg nekta å svare på anna enn at han hadde teke ein kopp kaffi til frukost. Her er han utanfor Finansdepartementet i Oslo. Fyrst klokka åtte opna han for meir relevante spørsmål.
Publisert Sist oppdatert

Nok ein oktobermorgon stod eit fulltalig og morgontrøytt pressekorps utanfor heimen til ein finansminister for å sjå han kome ut av døra. Det er ein merkeleg tradisjon, dette, for vanlegvis seier ikkje finansministeren noko av interesse så tidleg på morgonen, og Jens Stoltenberg var ikkje noko unntak i så måte. Det blitsa i oktobermørket.

– Kva vart det til frukost, Jens, ropte ein journalist.

– Kaffi, svara Jens Stoltenberg.

– Kor mykje oljefondpengar kjem du til å bruke i dette budsjettet, spør ein annan.

– Det får du beskjed om klokka åtte, svara han.

– Kva kan vi forvente?

Ymse budsjettvesker frå ymse finansministrar.

– Eit bra budsjett.

– Du er seint ute, er du forseinka, forsov du deg?

– Nei, nei, eg er akkurat der eg skal vere, eg, sa han, humra på stoltenbergsk vis, og sette seg inn i baksetet av den svarte bilen.

Dette vart til ein 23 sekundar lang snutt i VG: «Stoltenberg røper hva frokosten ble».

 

Tradisjon

Men kvifor står journalistane der? Fordi det har vorte ein tradisjon. Å sjå finansministeren haste frå heimen og ut i verda er startskotet på ein maraton. Gjennom statsbudsjettet vert lovnader konkretiserte gjennom tal, og denne dagen skal han stå til rette for regjeringas politikk. Han skal møte pressa klokka åtte, han skal halde finanstalen klokka eitt, han skal få kritikk og kjeft av opposisjonen, og utover ettermiddag/kveld skal han intervjuast i radio og på TV.

Heilt sidan Finansdepartementet vart oppretta i 1814, har rekneskap og framlegg til utgifter og inntekter vorte lagde fram for Stortinget. I dei første tiåra var budsjettet i hovudsak eit nøkternt, teknisk dokument om militæret, vegar og skuleverk, der toll, skattar og avgifter var dei viktigaste inntektskjeldene. I takt med oppbygginga av velferdsstaten har statsbudsjettet est ut, og etter krigen vart store plan- og langtidsbudsjett lagde fram. Framleis var det i stort pengar som staten tok inn gjennom skattar og avgifter. Dei siste tiåra har oljefondet vorte ein bidragsytar for å få rekneskapen til å gå opp, og i årets budsjett utgjer det nær ein tredel av inndekninga. Dette har òg vorte ein kompliserande faktor.

 

Budsjettveska

Å illustrere eit statsbudsjett har alltid vore ei utfordring, det er berre eit dokument, rett nok eit tjukt dokument, og det vert stadig tjukkare. Årets statsbudsjett, formelt kalla Prop. 1 S (2025–2026), uformelt «gul bok» etter fargen på framsida, er på 244 sider, eller 1,3 megabyte i PDF-format. For det er ikkje lenger slik at journalistane spring til Finansdepartementet i Akersgata 40 for å hente kopiar til redaksjonen. No kan kven som helst laste det ned frå heimesida til departementet.

Då finansministeren tidlegare kom til Stortinget for å halde finanstalen, bar han budsjettet i ei dokumentmappe, og denne veska vart eit symbol. I avisarkiva finst det mange døme på finansministrar som held opp budsjettveska framfor stortingsbygningen. Men finansministeren kom jo frå ein stad. Kvifor ikkje møte han nærare heimen?

I 1998 stod finansminister Gudmund Restad på perrongen på Nittedal stasjon med budsjettveska i venstre hand. NTB var til stades og fekk biletet. Det har vore trenden sidan. Til tidlegare ein får sett finansveska, til betre. Dette er jo kjernen i all journalistikk: 

Ein eviglang kamp om å vere fyrst. 

 

Dagbladets forside 29. september 1995

Sjokk og raseri

Fram til statsbudsjettet vert lagt fram, er det mykje hemmeleghald, og arbeidet vert kategorisert som fortruleg eller strengt fortruleg. Å få ut informasjon, såkalla lekkasjar, har alltid vore høgt prisa i pressekretsar. Dette toppa seg i 1995.

Fredag 29. september slo Dagbladet opp over heile fyrstesida:

Statsbudsjettet EKSKLUSIVT.

Dette FÅR DU.

Fem dagar før sperrefristen kunne avisa avsløre heile statsbudsjettet. Over ti sider skreiv dei om meir til gamle, meir til kultur, meir til politiet, det vart billegare bilar, billegare sprit og tobakk, men mindre til barnefamiliane. Finansminister Sigbjørn Johnsen var i ein ti dagar lang pappapermisjon, og planen var å kome tilbake på kontoret til framlegginga onsdag. Klokka fem om morgonen denne fredagen ringde den fyrste journalisten, og så gjekk det slag i slag utover dagen.

Klokka tre valde regjeringa å offentleggjere statsbudsjettet, men ville underleg nok ikkje gje nokon kommentarar før budsjettet var formelt lagt fram for Stortinget. Dette gav opposisjonen fritt spelerom til å kritisere i hytt og vêr, og det er det opposisjonen skal. Dei blar fort gjennom, strekar under, dei fordeler kritikken seg imellom, og så fyrer dei laus, om alt som er gale, helst for opne kamera: Det er for mykje, det er for lite, det er for seint, kor er pengane til ditt, og kvifor har ikkje datt fått meir? Det er eit spel, dette, og tidvis eit spel for galleriet, altså oss veljarar. Og ein røynd finansminister tek det med stoisk ro. Det er slik det skal vere. For dette er eit framlegg som det skal forhandlast om. 

– Det er for gæli

Lekkasjen i Dagbladet vekte sjølvsagt forarging, særskilt hos politikarane og byråkratane i regjeringskvartalet. «Finansdepartementet ser meget alvorlig på at en Oslo-avis i dag bringer omfattende informasjon om statsbudsjettet før sperrefristen», skreiv departementet i ei pressemelding og melde avisa til politiet med kopi til Riksadvokaten. Grunngjevinga var at det var «avgjørende at budsjettet presenteres helhetlig overfor Stortinget slik det er vanlig». No mista regjeringa regien på framlegginga, og det ville verte mindre merksemd frå media når budsjettet til slutt vart presentert.

Statsminister Gro Harlem Brundtland var ifølgje Dagbladet «rasende» for budsjettlekkasjen. Finansministeren frå Hedmark var meir nedtona i uttrykket og brukte formuleringa:

Gunnar Berge demonstrerer eit rentehopp, og elles ulike finansminstrar med budsjettvesker.

– Det er for gæli at slikt skjer.

– Er du sint?

– Nei, det skal mer til, sa Sigbjørn Johnsen til Dagbladet, og la til:

– Vi gjør som i 1990. Vi gransker saken internt, og har bedt politiet om full etterforsking.

For det var ikkje fyrste gongen det lak frå budsjettet. I 1990 hadde Arbeiderbladet fått fatt i delar av eit sentralt dokument, og offentleggjorde innhaldet nokre timar før budsjettet vart lagt fram. Saka vart politimeld, men lagd vekk etter bevisets stilling. Om ikkje anna førte lekkasjen til at departementet skjerpa rutinane for handsaminga av budsjettarbeidet. Men aldri før har ein lekkasje hatt eit slikt omfang som hausten 1995.

Sjefredaktør Harald Stanghelle i Dagbladet forsvarte lekkasjen i eiga avis:

«Det er pressens rolle å ikke følge makthaverenes regi. Det er en illusjon å tro at budsjettet bare kan la seg presentere en onsdag i oktober, og ikke fredagen før av pressen. Jeg ser med stor ro på politietterforskingen.»

Også på leiarplass forsvarte avisa publiseringa under tittelen «Fram med budsjettet!».

Dei tok dei store orda i bruk, som ein gjerne gjer i slike situasjonar, for sjølv om statsbudsjettet var merkt «strengt fortrolig», måtte publiseringa forsvarast. «Det kommer dessverre ikke som noen overraskelse at regjeringen reagerer med politianmeldelse etter at Dagbladet i går offentliggjorde forslaget til statsbudsjett.» For pressen gjorde berre jobben sin, skreiv dei, og dette var ein samla presentasjon i motsetnad til når politikarar sjølv lak godbitar frå budsjettet. Dette meinte avisa var «dobbeltmoral og hykleri».

Akkurat dette argumentet fekk støtte i opposisjonen. Regjeringa har ingen grunn til moralsk forarging, meinte KrFs finanspolitikar Einar Steensæs. Regjeringsmedlemmer har sjølv dryssa ut «godbiter» frå budsjettet i lang tid.

Privatetterforskar

Forside i Dagbladet der Per Kleppe skjærer til beinet.

Så korleis fekk Dagbladet tak i budsjettet? Seks etterforskarar i politiet vart sette på saka, og tilsette på trykkjeriet og i departementet var i avhøyr. Dette hadde skjedd: Torsdag morgon vart budsjettet sendt frå Finansdepartementet til Falch Trykkeri på Kalbakken. Der vart det i løpet av dagen trykt opp i 12.200 eksemplar. Morten Moberg, som var avdelingssjef for produksjonen, sa i politiavhøyr at pallane med dokument vart stroppa og lagra på trykkjeriet om kvelden. Han utelukka at nokon av dei tilsette hadde teke med seg eit eksemplar.

Etter fem dagar konkluderte politiet med at det var «svært lite sannsynlig» at lekkasjen kom frå Finansdepartementet, men dei vil heller ikkje bruke ressursar på «å avsløre hvem av de ansatte i trykkeriet som kan ha lekket». I 20 år hadde Falch Trykkeri trykt statsbudsjettet for Finansdepartementet, og no frykta dei for å miste oppdraget. Dei engasjerte derfor privatetterforskar Ola Thune for å kome til botnar i saka. Heller ikkje han løyste saka.

Falch Trykkeri fekk fornya tillit, og då neste års budsjett vart trykt opp, hadde trykkjeriet engasjert eit privat vaktselskap som overvakte produksjonen døgnet rundt.

Snill gutt

Jo, litt meir om å illustrere eit statsbudsjett. Per Kleppe var finansminister frå 1973 til 1979, og i dei seks åra førte samfunnsøkonomen ein keynesiansk motkonjunkturpolitikk. Det var ei tid med innstrammingar, og dette ville avisene illustrere. Særskilt Dagbladet var kreative her.

I 1976 vart finansminister Per Kleppe avbilda med ein bunke dokument lagd i ei syltepresse.

Tittel: «Og så strammer Kleppe til igjen».

Året etter heldt han opp eit Wasa-knekkebrød.

Finansminister Per Kleppe med Snill gutt-statuetten fra Pressefotografenes klubb. Foto: Erik Thorberg / NTB / NTB

Tittel: «Hard kost fra Kleppe».

Eit år sat han med kniv og spekeskinke på kontoret.

Tittel: «Kleppe skjærer til beinet».

NTB kasta seg på bølgja og fotograferte Per Kleppe framfor ein bom.

Tittel: «Finansminister Per Kleppe har senket bommen for både lønninger og priser».

I 1979 fekk Per Kleppe Snill gutt-statuetten frå Pressefotografenes klubb. Prisen vert tildelt personar som er medgjerlege overfor pressen, og prisen var høgst fortent.

Botnen for arrangerte bilete med finansministrar for å illustrere Noregs økonomiske tilstand stod også på trykk i Dagbladet. Framfor Stortinget står ei gardintrapp og frå trappa hoppar ein dresskledd finansminister Gunnar Berge.

Tittel: «RENTA FALLER».