Kommentar
Verdidrama i KrF
I mangel på politiske merkesaker snakkar KrF-leiar Dag Inge Ulstein om verdiar.
Teikning: May Linn Clement
KrF-leiar Dag Inge Ulstein tok til orde for «verdiopprusting» og «verdimønstring» då han talte til partilandsmøtet førre helg. Denne verdimønstringa er noko anna enn kulturkrig, sa han. Og ingen parti er betre rusta for ein kamp for verdiar enn Kristeleg Folkeparti. Mon det.
Problemet for både KrF og Ulstein er at det er i den såkalla kulturkrigen (les: politiske saker som har med kjønn å gjere) Ulstein har valt å markere seg som partileiar. Og i det tilspissa ordskiftet om kjønnspolitiske saker har KrF ingen felles front. Tvert om ser kjenslene desse sakene vekkjer, ut til å vere like sterke blant folk i KrF som utanfor. Om KrF står samla om nestekjærleik som verdi, er dei djupt splitta i kva det skal bety for den praktiske politikken.
Å snakke om KrF som eit parti med samlande verdiar, fungerer best i ein strengt regissert landsmøtetale og mindre godt når praktisk politikk skal meislast ut. I talen nemnde Ulstein korkje Israel eller krigen i Gaza, kjønnsproblematikk eller regnbogeflagg med eit ord. Hadde han gjort det, ville det ha rive sund den raude tråden i talen, der KrF vart framstilt som eit verdifyrtårn som skal vise veljarane vegen til røysteurna og heve partiet over sperregrensa.
Kjensleladd debatt
Oppladinga til landsmøtet vart heftig. I Vårt Land kunne vi lese at Ulstein refsa lokallagsleiaren i Time KrF, Unni Sirevåg Lende, for å ha signert eit verdidokument utforma av Jæren Pride. Mangeårig medlem og tilsett Mona Høvset skreiv eit kjensleladd Facebook-innlegg om at ho sakna «partiet med det store hjertet»: «Som en som gjemte seg i skapet i 40 år og fra en kristen sammenheng der det å elske en av samme kjønn var synd, feil og ensbetydende med Sodoma og Gomorra, trenger jeg et parti som står opp for det kristne menneskesynet og mangfoldet.» Frå talarstolen åtvara tidlegare partileiar Valgerd Svarstad Haugland mot å verte eit «Trump-ish tradwife-parti».
Mest omstridd på landsmøtet var forslaget om å forby andre flagg enn det norske, samiske og kvenske i norske skulegardar. I praksis er dette eit forbod mot å heise regnbogeflagg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.