Vaskemaskin
Ein skulle tru at eg var ein praktisk mann med teknisk innsikt. Eg voks opp på gard, far min døydde tidleg, og eg dreiv garden nokre år saman med mor mi. Eg har vore med på å byggja ting, eg kunne rygga svære tilhengjarar over smale bruer, eg las brukarmanualar, eg bytte olje på traktorar, og ein gong dreiv eg ein geitefjøs med over hundre geiter i tre månader utan å få hjelp av nokon.
Som ikkje det var nok, har eg også vore vaktsjef på bilsentralen til NAF. Der rettleia eg innringjarar om alle typar problem, slo opp i tekniske bøker med hundrevis av sider. Så vart eg gift med ei særs praktisk kvinne, og all kunnskap forsvann rett ut av hjernen for så å aldri koma attende. Diverre vart eg skild.
No er eg vorten Noregs dyraste mann i drift. Eg har til dømes pussa opp eit hus utan å taka i ein einaste reiskap. Der andre hadde gjort det meste sjølv, har eg kasta fire millionar kroner etter den rikaste entreprenøren i bygda. No sit eg og ser på ein liten, gamal fjøs eg har på tomta. Ei dør har ramla av. Eg har ingen idé om korleis eg skal få ho på plass att, ikkje har eg reiskapen heller.
Men éin ting kan eg, eg kan å vaska klede i vaskemaskin, trudde eg. Førre veke skulle eg vaska ullkleda til yngstekaren. Eg fylte maskina, skrudde brytaren til ullvask og sette temperaturen til 30 grader. Eg slo på maskina. Ingenting skjedde. Feilkoden E140 lyste mot meg. Eg skrudde av maskina og skrudde ho på att: E140.
Eg gav ikkje opp. Eg tok ut alle ullkleda og heiv inn bomull. Det kunne vel vera at ullprogrammet ikkje fungerte, mellombels, var vona. E140! Svarte!
Eg innsåg at maskina var gåen. Endå ei utgift til ein mann som ikkje kan noko som helst av reell verdi. Eg gjekk opp att i stova og inn på heimesida til Elkjøp og såg på utvalet. Brått la eg merke til at kvar modell hadde ein internettmanual. Då slo det meg, eg kunne tasta inn namnet på modellen min og søkja etter «E140».
Det gjorde eg: «E140: Dør ikke lukket.»
Eg burde ha vore teken ut av avlen.
JH
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Nordsamar i Sápmi, fotograferte kring år 1900.
Foto: Granbergs Nya Aktiebolag
Om det norske og det samiske
I USA har behandlinga for unge med kjønnsinkongruens blitt ei kampsone i kulturkrigen, og fleire delstatar har nyleg forbydd slik behandling. Biletet syner transaktivistar som demonstrerer mot forbod utanfor delstatssenatet i Oklahoma City 6. februar.
Foto: Sue Ogrocki / AP / NTB scanpix
Ingen magisk medisin