Kommentar

Utgivinga av Høiby-boka på Aschehoug reiser eit spørsmål som ingen har stilt.
Er det likegyldig for rettsstaten og personvernet når ei bok kjem ut?

Oslo 20251104. Forfatterne Torgeir Krokfjord og Øistein Monsen i Oslo Tingrett hvor Aschehoug forlag møter Høibys advokater i forbindelse med utgivelsen av boka Hvite striper sorte får om Marius Borg Høiby .Foto: Javad Parsa / NTB
Forfattarane Torgeir Krokfjord og Øistein Monsen i Oslo tingrett 4. november. Aschehoug forlag møter advokatane til Høiby i samband med utgivinga av Hvite striper, sorte får.
Publisert Sist oppdatert

At ingen har reagert, så vidt eg kan sjå, røper at ein no tek for gitt noko som var eit problem for 40 år sidan. Spørsmålet er heller ikkje stilt til Bonnier Norsk Forlag, som har varsla endå ei Høiby-bok 18. november.

Eit juridisk mellomrom

Som i rettssalen er kronologien viktig i slike saker. Statsadvokaten tok ut tiltale mot Marius Borg Høiby 18. august, og rettssaka tek til i januar 2026. Aschehoug gav ut Hvite striper, sorte får av Øistein Norum Monsen og Torgeir P. Krokfjord 22. oktober. Boka handlar mest av alt om kriminelle miljø i hovudstaden, men det er passasjane om Høiby som har fått nesten all merksemda.

Dei to bøkene kjem altså ut etter at tiltalen er teken ut, og tre og to månader før Oslo tingrett blir sett. 

Det er dette mellomrommet som er problemet, og eg trur at ombygginga av det mellomrommet tok til i 1985.

Rettssaka mot spionsikta Arne Treholt opna 25. februar 1985, og dommen fall 20. juni. Laurdag 9. februar lanserte Gyldendal God tur til Paris av journalist Kari Storækre, kona til Treholt. Boka kom uventa, så uventa at Dagbladet ville betale 15.000 til den personen i Gyldendal som kunne skaffe avisa eit eksemplar før boka kom andre aviser i hende. Etter det eg veit, beit ingen på.

Då Gyldendal gav ut boka av Storækre to veker før rettssaka tok til, gjorde forlaget noko som til då hadde vore utenkjeleg. Tiltalen var teken ut 1. februar, og den journalistiske konvensjonen var at pressa då ikkje gjorde meir enn å referere tiltalen. Rettsstaten skulle få arbeide ut frå etablerte prinsipp. 

Eitt av dei prinsippa var – og er – at partane i retten berre skal forholde seg til det som blir lagt fram og sagt i rettssalen. Om den journalistiske konvensjonen alltid var blitt følgd, veit eg ikkje, men forlaga tok inga slik aktiv rolle.

Uferdige utgivingar

Denne boka burde ikkje Gyldendal ha gitt ut! sa kritikarar i 1985, men den kritikken gjaldt Ver varsam-plakaten. Då stod denne moralske hugseregelen i paragraf 6: «Glem ikke at den som utsettes for en forbrytelse, forsvarsløst kan få sitt privatliv utlevert for offentligheten. Utsett ikke offeret, de implisertes pårørende og andre i deres miljø for slike overgrep.»

Ymse dokument utgjorde om lag ein firedel av God tur til Paris. Boka opna med alle pressemeldingane frå Riksadvokaten, der var utdrag frå private notat av faren Jon Storækre, utdrag frå brev frå Arne Treholt, og brev til den tiltalte frå sonen Torstein.

Med denne utgivinga tok ein til å fjerne det juridiske mellomrommet og byggje ned skiljet mellom presse og såkalla kulturforlag. Noko av dette har vore av det gode. 

Godt kjeldearbeid av ein journalist som Bjørn Olav Jahr har fått avgjerande følgjer for fleire store rettssaker. Skilnaden frå utgivinga i 1985 er at slike bøker er skrivne etter at rettsgyldige dommar låg føre. Med kritisk journalistikk har ein etterprøvt arbeid og avgjerder i rettsvesenet. Det er noko anna enn å publisere partsinnlegg i tomrommet mellom at tiltalen er forkynt og rettssaka tek til. Kari Storækre hadde svært gode grunnar til å fortelje historia si, men tidspunktet var feil.

Ein kan ikkje prinsipielt avvise eit krav om mellombels eller absolutt stans i utgivinga utan å ta stilling til personvernet.

Der er endå ein likskap mellom Storækre- og Høiby-boka. Utgivingane var skjemde av tidspress, eller kva det no kom av at bøkene ikkje var god nok sakprosa. Storækre skreiv ei rotete bok i flatt språk som forlaget ikkje hadde tid til å rydde opp i. Aschehoug-forfattarane har fått kvalifisert kritikk frå sakprosaforskaren Johan Tønnesson for eit kjeldearbeid som han kallar ungdomsskulenivå. God skikk for kjeldebruk og dokumentasjon blei radikalt endra for sakprosabøker i 2006, og Tønnesson var sjølv med i den oppryddinga.

Storækre var eit fortvila offer. Høiby er ikkje eit juridisk offer, men sikta for mange og til dels grove brotsverk. Begge sakene rommar mange offer. I dagens Ver varsam-plakat heiter det i punkt 3.9: «Opptre hensynsfullt i det journalistiske arbeidet. Misbruk ikke andres følelser, manglende medieerfaring, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre.» Den som dette kanskje kjem til gode, er paradoksalt nok far til den tiltalte.

Feil tidspunkt

No ønskjer Høiby-forsvararane å stoppe salet Hvite striper, sorte får. Aschehoug og Den norske Forleggerforening avviser kravet prinsipielt. Kravet er ikkje så uvanleg som dei vil ha det til.

Folk med partsinteresser har mange gonger prøvt å stoppe bøker frå utgiving. Somme har troppa opp på forlagssjefens kontor med krava sine. Andre har gått til søksmål og svært sjeldan vunne fram. Nokre har brukt politisk makt.

Fleire bøker enn no blei nok inndregne tidleg på 1900-talet, men historia vitnar om at inndraging kan handle om meir enn personvern. Boka frå Aschehoug viser at ytringsfridom og personvern ikkje alltid er to sider av same sak. Ein kan ikkje prinsipielt avvise eit krav om mellombels eller absolutt stans i utgivinga utan å ta stilling til personvernet. Dette personvernet har mang ein gong gjort det umogleg for pressa å publisere saker, men ingen har vel då meint at det var å avgrense ytringsretten.

Under rettssaka vil det vonleg kome fram så mykje om dei kriminelle miljøa inst i Oslofjorden at salsverdien av boka kan kome til å stupe. Tydelegare blir det ikkje at forlaget burde ha unngått å gi ut denne boka i tida mellom tiltale og rettssak. 

Utgiving etter at dom ligg føre, ville vere heilt greitt, for då er alle bevis og indisium prøvde personvernet blitt grundig drøfta på den mest kompetente staden, i rettssalen.