JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Det førebudde Finland

HELSINGFORS: Snart kjem tilrådingane om korleis Noreg skal betre beredskapen. Finnane har aldri slutta å betre sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finland har ei 1340 kilometer lang grense mot Russland og har no meldt seg inn i Nato for å markere grensa endå tydelegare.

Foto: Roni Rekomaa / Lehtikuva/ Reuters / NTB

14641
20230428
14641
20230428

Beredskap

eva@dagogtid.no

«EFTERVARD stå här på egen botn och lita icke på främmande hjelp», står det hogd inn i marmorstein på veggen ved festningsporten søraust på Sveaborg. Det var svenskane som midt på 1700-talet fekk bygd denne sjøfestninga her i innløpet til det som i dag er den finske hovudstaden – som vern mot det russiske imperiet i aust.

Nokre tiår seinare klarte russarane likevel å ta Finland frå Sverige, men det var fyrst etter at Sveaborg med nær 7000 soldatar kapitulerte etter å ha vore avskoren frå hjelp i to månader.

I dag fungerer festningsverket i hovudsak som museum og som bustadområde for nokre hundre personar. Men sjøkrigsskulen held òg til her ute i havgapet, så ein viss militær innverknad har anlegget framleis. Etter alt å døme, har sitatet i marmor òg like stor innverknad no som då det vart skrive.

Hærmakt og mannskap

Finlands inngang i Nato har skapt internasjonal merksemd om forsvarsevna finnane har bygd opp militært i løpet av tida som alliansefritt. Landet har hundrevis av tanks, eit 60-tal jagarfly og «Vest-Europas sterkaste artilleri», ifølgje Reuters og The Telegraph. Finland har òg halde på verneplikta for alle menn, noko som medverkar til at landet med 5,5 millionar innbyggjarar i dag har ein ståande kampstyrke på 280.000 personar. Til jamføring har Noreg, med 5,4 millionar innbyggjarar, ein total styrkestruktur på rundt 70.000 personar, ifølgje Forsvaret.

Gjennom pandemi, krigsutbrot i Europa og påfølgjande matkrise og energikrise har det i tillegg kome fram at Finland har ein sivil beredskap som overgår fleire andre europeiske land. Det er dette siste som er årsaka til at eg har teke turen til Helsingfors.

Neste veke skal den norske Forsvarskommisjonen kome med tilrådingar om kva tryggings- og forsvarspolitiske vegval Noreg bør ta framover, og innan sommaren skal Totalberedskapskommisjonen leggje fram rapport om norsk samfunnstryggleik og beredskap.

At ting må gjerast annleis framover, ser ut til å vere openbert. Forsvarskommisjonsleiaren har alt peika på at både forsvar og sivilforsvar må rustast opp, og leiaren av Totalberedskapskommisjonen har sagt rett ut at «samfunnssikkerheten og beredskapen i Norge ikke er i orden».

Så kva er det finnane har skjøna og vi har gjort feil?

50.500 tilfluktsrom

Ein fyrste indikasjon på skilnadene mellom dei to landa får eg rundt 20 meter under bakken midt i Helsingfors. Merihaka tilfluktsrom er eit av i alt 60 store offentlege tilfluktsrom hogde ut i berggrunnen i den finske hovudstaden.

Eller det nær 15.000 kvadratmeter store anlegget er meir som eit tilfluktssenter, med fleire salar og soner. I tillegg finst det lager, med køysenger og toalett. Til vanleg vert anlegget brukt som idrettshall, leikeland for barn og parkeringsplass, men i ein faresituasjon skal staden i løpet av 72 timar kunne setjast i stand til å gje vern for 6000 personar.

– Den fyrste barrieren mot våpen vil vere berggrunnen over oss. Så ser du at korridoren her krummar seg. Det er for at berggrunnen skal ta det meste av trykket. Deretter kjem dørene, som skapar ein gasstett barriere, seier Tomi Rask.

Han er sivilforsvarsspesialist i Helsingfors redningsavdeling og syner rundt. Rask har hatt utanlandske journalistar på vitjing fleire gonger før og held også kurs for offentlege tenestepersonar og friviljuge som skal vere førebudde på å kunne bruke dei offentlege tilfluktsromma, om det trengst.

Merihaka er blant dei største, men på ingen måte det nyast tilfluktsrommet i byen.

– Nei, nei, nei, dette er bygd tilbake i 2003, svarar Rask litt overberande.

Han fortel om lovverket som seier at alle bygg som blir brukte til bustad eller arbeidsplass, og som har ei grunnflate på 1200 kvadratmeter eller meir, skal ha tilfluktsrom, og at det såleis finst mange private tilfluktsrom òg.

Noreg har hatt same krav for bygg over 1000 kvadratmeter, men i 1998 vedtok Stortinget at det ikkje skulle byggjast nye tilfluktsrom, verken offentlege eller private. Og sjølv om både statusen og talet på tilfluktsrom har vore oppe til behandling i Stortinget med jamne mellomrom sidan, og Putin har invadert Ukraina, står det vedtaket framleis ved lag.

Medan Finland på landsbasis no har 50.500 tilfluktsrom med plass til 4,8 millionar personar, har Noreg om lag halvparten, ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnsberedskap.

Helsingfors kan på si side tilby vern til ein tredjedel meir enn si eiga befolkning når dei private tilfluktsromma òg er inkluderte.

– Kvifor held de då fram med å byggje tilfluktsrom?

– Trusselvurderingane våre har jo endra seg gjennom åra og er i dag ganske forskjellige frå dei på 50- og 60-talet. Og ulike trusselbilete krev ulike typar tilfluktsrom, svarar Rask.

Helsingfors har tilfluktsrom nok til ein tredjedel meir enn si eiga befolkning. Det offentleg tilfluktsrommet Merihaka er budd til å ta imot 6000, fortel sivilforsvarsspesialist Tomi Rask.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Røynsler som sit i

Noko ved trusselbiletet er likevel konstant, ifølgje historieprofessor Henrik Meinander.

– Folkeopinionen har heile tida oppfatta at trugselen mot Finland kjem frå Russland, seier han.

Han tek imot på kontoret sitt ved Universitetet i Helsingfors, i ein bygning som opphavleg vart bygd som sjukehus av russarane, og i ei gate med namn etter hundreårsperioden då Finland var underlagt den russiske tsaren.

Det er den same perioden Meinander byrjar med når han skal forklare opphavet til den finske beredskapsmentaliteten. Den mest avgjerande enkelthendinga for å forstå den er derimot den sovjetiske offensiven mot Finland vinteren 1939–1940, seier han. Landet, som då var 20 år gamalt som sjølvstendig stat, mista både store landområde og rundt 25.000 soldatar.

– Lærdomen frå vinterkrigen var at vi aldri kan rekne med at andre land kjem Finland til hjelp dersom spørsmålet gjeld noko så uviktig som Finlands sjølvstende, seier han.

Vinterkrigen bidrog også til at Finland allierte seg med Hitler-Tyskland i åtaket på Sovjetunionen i 1941, noko Meinander omtalar som naudsynt for å hindre å verte okkupert sjølv.

– Finland var det einaste landet i Aust-Europa som unngjekk okkupasjon under krigen. Det gav òg von og tru på at ein kunne prøve å hindre ein ny sovjetisk invasjon, og bidrog såleis til å halde forsvarsposisjonane sterke etter krigen, seier han.

Han legg til at ein halv million finnar sjølv hadde delteke i andre verdskrig, og at Finland såleis heilt fram til utpå 1970-talet hadde mange innbyggjarar med konkrete erfaringar frå krigen. Samstundes hindra den såkalla venskaps-, samarbeids- og bistandsavtalen med Sovjet frå 1948 som kjent Finland frå å inngå tryggingspolitisk samarbeid vestover, så finnane måtte klare seg sjølv.

– Ei sivilisasjonsgrense

Men kva kan forklare den sterke beredskapsmentaliteten så lenge etter den kalde krigen? undrar eg.

– Det har ikkje på noko tidspunkt vore mogleg å avvise at det kunne bryte ut ny krig med Russland. Putin har vore president sidan 2000, og før den tid var utviklinga i Russland labil. Jeltsin skaut jo mot eige parlament. Mange finnar har òg besøkt Russland og sett korleis landet er, og vi trur ikkje Russland nokon gong kjem til å verte eit demokrati. Det er ei sivilisasjonsgrense som går mellom desse to landa, seier Meinander.

Nokre institusjonelle forklaringsfaktorar peikar han òg på: I tillegg til allmenn verneplikt for menn vert det mellom anna halde forsvarskurs for både sivile og militære personar i leiande stillingar fleire gonger årleg i Finland, både på nasjonalt og på regionalt nivå.

Noreg har noko tilsvarande gjennom Forsvarets sjefskurs. Men medan det norske kurset vert halde for i underkant av 60 personar årleg, deltek rundt 1800 personar kvart år på kursa i Finland, 200 på dei nasjonale og 1600 på dei regionale kursa, ifølgje det finske forsvarsdepartementet.

Meinander har sjølv delteke på det nasjonale kurset, og seier det inkluderer så vel politikarar som næringslivsleiarar og representantar for alle sektorar som er viktige for beredskapen.

– Og kvifor er historikaren på kurset? Jau, slik at det finst ein beredskap for korleis ei krise skal forklarast, og korleis ein skal delta i å informere innbyggjarane om kva som skjer under ei krise, seier han.

– Samstundes inneber vel slikt at det er mindre politisk diskusjon om pengane som vert brukte på beredskap?

– Det oppstår nesten aldri diskusjon om det. Då parlamentet i 2021 vedtok å kjøpe F-35-fly frå USA, skjedde det utan motstand, sjølv om Finland hadde store underskot på statsbudsjettet. Det same var tilfellet då det i 1992 vart vedteke å kjøpe F-18-fly. Då var landet også i økonomisk krise, seier han.

Henrik Meinander - SITAT

Henrik Meinander - SITAT

Foto: Eva Aalberg Undheim

– I praksis ei øy

Finland kjøpte ikkje berre jagarfly då den kalde krigen var over. Medan andre land etter kvart sleppte opp og også avvikla delar av beredskapen, skrudde finnane til systema sine.

I 1991 tredde ein ny beredskapslov i kraft, og året etter vart det vedteke ein eigen forsyningsberedskapslov. I tillegg vart det oppretta ein nasjonal forsyningsberedskapssentral som fekk overordna ansvar for å koordinere og fremje forsyningsberedskap og beredskapssamarbeid mellom næringsliv og offentleg forvalting, tryggje tekniske system og kritisk infrastruktur og syte for at Finland til kvar tid har korn, brensle, medisinar og anna kritisk utstyr og materiale på lager dersom det skulle oppstå unntakstilstand av noko slag.

Kvar lagera er, er ikkje offentleg informasjon, men sjølve forsyningsberedskapssentralen held til i eit nokså anonymt kontorbygg i det som tidlegare var hovudgata i Helsingfors. Der møter eg Axel Hagelstam, direktør for forsking og analyse.

Han seier det fyrst og fremst var organiseringa av forsyningsberedskapen som vart endra på 1990-talet.

– Grunnfunksjonane er dei same som før. Beredskapslagring, utbreitt samarbeid med næringslivet og ein vidtrekkande beredskapsmentalitet har vi hatt heilt sidan andre verdskrig, ja, endåtil før det. Det kjem av den geografiske plasseringa vår. Med ei 1340 kilometer lang grense til Russland og lang grense i Austersjøen er vi avhengige av sjøfart. Nær 90 prosent av all import og eksport til Finland kjem via sjøen, så i eit forsyningsperspektiv er vi i praksis ei øy. Då må vi og førebu oss som ei øy, seier han.

– Samstundes vart de del av EU og den indre marknaden i 1995. Treng de same eigenberedskap av mat og varer som før?

– Den indre marknaden er nok enkeltfaktoren som har styrkt den finske forsyningsberedskapen mest, men den endrar ikkje på den geografiske plasseringa vår. Det har likevel skjedd endringar sidan slutten av 1990-åra. Før var vi budde til å kunne vere avskorne i tolv månader, no har vi gått ned til seks månader. Men vi innser etter kvart at den indre marknaden også er sårbar. EU er avhengig av globale verdi- og leveransekjeder i større grad enn før, og det påverkar oss òg, seier Hagelstam.

Eige forsyningsfond

Kor mykje matråvarer, varer og utstyr Finland skal ha i beredskap, vert vedteke i statsråd og for fem år om gongen. I dag seier krava at det skal finnast brensel til fem månaders normalforbruk, korn som dekkjer seks månader, og medisinar som skal halde til tre, seks eller ni månader, avhengig av legemiddeltype.

Under koronapandemien måtte landet likevel skaffe meir smittevernutstyr, til liks med andre land. Men forsyningsberedskapsstrukturen gjorde òg nytta:

Alle kostnadene knytte til forsyningstryggleiken vert dekte utanfor statsbudsjettet, gjennom eit fond som får inn om lag 40 millionar euro per år frå avgifta finnane betaler på energibruk. Då reiseforbodet vart innført under koronaen, og passasjerferjene til og frå Helsingfors brått stoppa, gjorde fondet det mogleg raskt å mobilisere 35 millionar euro i krisestøtte til reiarlaga for å sikre vidare drift, fortel Hagelstam. Årsaka: Dei same ferjene står for 60 prosent av lastebiltransporten til og frå Europa. – Vi bidrog med krisestøtte via fondet i tre månader, til det via normal parlamentarisk veg vart gjort ei tilleggsfinansiering over statsbudsjettet, seier Hagelstam.

Med energi- og matvarekrisa i kjølvatnet av krigen i Ukraina er det gjort ei ny større utbetaling frå fondet, denne gongen for å auke lagringsvoluma for korn frå det regjeringsfastsette målet på seks månader til ni månader.

I praksis betyr ein slik auke at forsyningsberedskapssentralen kjøper tilgang til meir korn frå kornprodusentar og forhandlarar. Frå kven og kvar er det få som veit. Heller ikkje dei som bidreg med lagerkapasiteten. Det fortel lagersjef Jorma Ruha i selskapet Suomen Viljava.

Det statleg eigde selskapet Suomen Viljava har kapasitet til å lagre 1,4 millionar tonn korn. – Beredskapslagringa er del av den kommersielle sirkulasjonen, fortel lagersjef Jorma Ruha (t.h.). Her saman med Hanna Majala som jobbar ved kornlageret i Turenki, nord for Helsingfors.

Lagrar korn

Eg har reist nordover frå Helsingfors på Finlands eldste jernbanestrekning, til tettstaden Turenki. Like ved jernbanestasjonen ligg eitt av dei 19 kornsiloanlegga til selskapet som er Finlands største kornhandterings- og lagringsselskap. Suomen Viljava er statleg eigd og ei vidareføring av selskapet som tidlegare heitte Statens kornlager. Namneendringa skjedde tidleg på 2000-talet, samstundes som Noreg avvikla statleg kornlagring.

Suomen Viljava har ein samla lagerkapasitet på 1,4 millionar tonn korn, som vil seie meir enn den samla produksjonen av korn i Noreg.

Anlegget i Turenki har 200 siloar totalt og trafikk inn og ut stort sett kvar dag. Havre, raps, rug og ulike typar kveite. Det meste av kornet kjem innanlands frå, men noko er også import. Før krigen kunne det innimellom kome tog hit med korn frå Russland, seier lagersjef Jorma Ruha.

Eitt par av siloane er leigde av lokale bønder, men dei fleste av større forhandlarar eller produsentar.

– Når forsyningsberedskapssentralen aukar beredskapsnivået, inngår dei kontraktar med forhandlarane, som bind seg til å ha større volum på lager. Men det er ikkje snakk om separate lager. Beredskapsvolumet er del av den kommersielle sirkulasjonen. Dermed finst det slike kontraktar som omfattar kornet vi har her, men vi veit ingenting om dei, seier Ruha.

Anlegget i Turenki vart bygd i 1939 og er sidan utvida i tre omgangar, i 1960-åra, 1970-åra og 1980-åra. Den siste utbygginga meir enn dobla kapasiteten. Sidan har morselskapet vore gjennom endring.

– Etter at vi gjekk inn i EU, vart selskapet delt opp, og den sentrale verkstaden og den kommersielle avdelinga vi hadde, vart selde unna, seier Ruha.

– Men staten sel ikkje siloane, legg han til.

Eg undrar om Nato-medlemskapen kjem til å medføre liknande endringar i beredskapen, men det er lite som tyder på det.

På toget tilbake til Helsingfors frå Turenki, les eg Hufvudstadsbladet på nett. Toppoppslaget er at president Sauli Niinistö har vore i Riksdagen og understreka at Nato ikkje er løysinga på alt: Finland ber framleis sjølv det meste av ansvaret for eigen tryggleik.

Det er så godt som det som står hogd i stein.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis