Essay
Friluftsparadoksa
Eg trur vi må redefinere omgrepet friluftsliv. Ein gong til.
Teikning: May Linn Clement
Eg sit heime i den høge blokka mi i byen, drikk kaffi, skal snart ut. Eit digert tre fyller kjøkenvindauget mitt, det er raudt, oransjevakkert om hausten, har svarte nakne greiner om vinteren, ein sjeldan gong er det heilt kvitt, og no har våren og sommaren farga det mørkegrønt.
Treet veks rett opp av asfalten, ser det ut som her eg sit. Det er eit lønnetre, eit bytre, som strekker seg opp over dei kvite rekkehusa i gata vår, forbi Holmenkollen, strekker greinene sine over byen, over bagatellar og bråk og ei verd som slit, mot himmelen, akkurat slik som eg òg ønsker å strekke meg, over akkurat det same.
Eg drikk opp kaffien, gjer meg klar for fleire tre, meir natur, har utvikla ein slags trong, har tenkt meg i skogen.
Det er jo Friluftslivets år i 2025, har eg lese. Ja vel. Så kva handlar det om? Om å få alle ut? Få alle til å båle, har eg lese, få alle til å bade, har eg lese, så blir alt sjukt bra og alle smiler til kvarandre på stien, og så er vi vener, er det så enkelt?
Eg har fram til nyleg vore feig, vore pludrete, tenkt det same: Få folk ut, så blir vi snillare, friskare, kjekkare, sikkert mindre kriminelle òg, eg har klamra meg fast i sitatet etter den franske oppdagaren Jacques-Yves Cousteau som sa: «Folk tek vare på det dei elskar.» Eg har tenkt at berre folk skjønar kor fin naturen er, kor vakre alle fjella og havet og plantane og alt som lever der er, så vil dei beskytte det. Og eg har skrive i aviser og i bøker om alt dette. Om samanhengar og kjærleik.
Men er det sånn? Beskyttar vi det vi elskar? Når vi køyrer SUV-ane våre til fjells, trakkar ned stiane der villreinen kalvar, skålar før ein firerettars som er frakta inn med helikopter – og sprett vidare neste dag i dei lettpustande nye plastkleda våre – beskyttar vi det vi elskar då? Eller tenker vi berre på oss sjølve, på den gode kjensla som rislar gjennom kroppen og sinnet, som vi får av rørsle i natur?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.