Forsvar
Ser manglar ved strategi mot desinformasjon
Forsvarsforskar Eskil Grendahl Sivertsen er ikkje imponert over regjeringas strategi mot desinformasjon. – Vi må forstå påverknad og manipulasjon som ein del av meir samansette trugslar, seier han.
– Desinformasjon undergrev tillit og svekkjer demokratiet, sa Lubna Jaffery då ho la fram «Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030)» 16. juni.
Foto: Terje Pedersen / NTB
I juni la kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery fram det som er regjeringas fyrste strategi mot desinformasjon: «Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030)».
Med auka geopolitisk konfliktnivå har fordekte påverknadsoperasjonar og desinformasjon vorte sentrale verkemiddel som nokre statar nyttar i forsøk på å endre avgjerder og haldningar til fordel for seg sjølv, skriv regjeringa, og syner til at den norske befolkninga alt har vore mål både for russiske forsøk på å svekkje støtta til Ukraina og for kinesiske digitale påverknadskampanjar.
Totalberedskapskommisjonen, som la fram rapporten «Nå er det alvor – rustet for en usikker fremtid» for to år sidan, slo fast at Noreg måtte bu seg på ein langvarig situasjon der folk i aukande grad vert utsette for forsøk på påverknad og spreiing av desinformasjon utanfrå. Og i si nyaste trusselvurdering skriv Politiets tryggingsteneste at dei ventar at autoritære statar vil gjennomføre påverknadsoperasjonar i Noreg i 2025.
Alvoret gjer at det hastar å styrkje norsk motstandskraft, også i sivil sektor, slår regjeringa fast innleiingsvis i den nye strategien.
Men i dei konkrete tiltaka i strategien er det få teikn til hastverk.
Overordna seier strategien at regjeringa vil styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, ansvarleggjere sosiale medium, styrkje dei redaktørstyrte media og kunnskap og forsking pluss styrkje og samordne arbeidet som styresmaktene sjølv gjer mot desinformasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.