Kryptovaluta
Ei lønsam heilomvending
Donald Trump gjekk frå å kalle kryptovalutaar for «tynn luft» til å tene fleire hundre millionar dollar på kryptoprosjekt. No kan utanlandske investorar kjøpe seg tilgang til presidenten ved å investere i Trumps eigne kryptomyntar.
Dåverande republikansk presidentkandidat Donald Trump deltok på bitcoinkonferansen i Nashville i Tennessee i juli 2024.
Foto: Kevin Wurm / Reuters / NTB
I sin første presidentperiode var Donald Trump skeptisk til kryptovalutaar. Han skildra dei som «høgst ustabile og bygde på tynn luft» og sa at dei bidreg til «ulovleg åtferd, slik som dophandel». Den første regjeringa hans (2016–2020) bestod av fleire vanlege Wall Street-bankfolk som var kritiske til krypto, og finanstilsynet (Securities and Exchange Commission, SEC) etterforska og straffa fleire kryptoselskap.
Kryptovalutaar er eit kontroversielt tema. Ideen om ein desentralisert betalingsteknologi som gjer at folk ikkje er avhengige av bankar, har mange tilhengarar. Men bruken av kryptovalutaar har møtt kritikk frå fleire vinklar.
Ulike kryptovalutaar har ulike fordelar og ulemper. Nokre kryptovalutaar, som bitcoin, den aller første, bruker mykje elektrisitet. Uhorveleg mykje elektrisitet. Ifølge nettstaden Digieconomist.net bruker heile bitcoin-nettverket like mykje elektrisitet som Polen.
Kryptoskepsis
Eit anna kjenneteikn ved mange kryptovalutaar er at verdien deira svingar. Det gjer at alt frå investorar til lekfolk spekulerer i dei. Somme vert rike, somme tapar. I mange krinsar av internett, spesielt dei libertarianske, har krypto også ein ideologisk dimensjon. Det er ein desentralisert måte å utveksle pengar på, uavhengig av bankar og statar. Det er framtida, hevdar entusiastar.
Storståheien rundt kryptovalutaar heng saman med verdiauken til mange av dei. Jo fleire som har trua på potensialet til krypto, jo fleire kjøper dei. Jo fleire som kjøper dei, jo høgare går prisen på krypto. Prisauken til krypto gjer igjen at fleire får trua på framtida til krypto. Det er med andre ord snakk om ein sirkel – vond eller god alt etter kor ein står eller endar opp. David Bailey, leiar av Bitcoin Magazine, sa det slik: «På same måte som religionen vår spreier seg, spreier dei økonomiske ressursane våre seg like mykje. Korleis kan du slå det?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.