Frå matfatet
Manko på matarbeidarar
Folk må produsere maten vår – også på fabrikkane.
KrF-politikar Olaug Bollestad vitja fabrikken til Diplom-is då ho var mat- og landbruksminister. Men ville ho tilrådd barnebarna sine å jobbe der?
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Veit du kva som er den største fastlandsnæringa i Noreg – altså bransjen i Noreg med flest arbeidstakarar som ikkje er oljebransjen? Det er ikkje verft eller aluminium. Ikkje er det oppdrettsnæringa heller.
Med sine 39.000 tilsette er det den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien som er aller størst. Dette lærte eg av eit vegkart Landbruks- og matdepartementet nyleg lanserte. Næringsmiddelindustrien forvaltar råvarene jordbruket leverer i den eine enden og sørger for mat på borda våre i den andre. Meir sentralt vert det knapt, skulle ein tru.
I tillegg forvaltar dei altså arbeidsplassar. Mange av desse verksemdene er hjørnesteinsverksemder, i det minste inntil vidare. For den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien er også mellom bransjane i Noreg som slit mest med å få tak i kompetent arbeidskraft. I NHOs kompetansebarometer svarer 64 prosent av verksemdene i NHO Mat og Drikke at dei har eit udekt kompetansebehov. Det er over snittet.
Få søkarar
Det finst ei vidaregåandelinje for dei som vil utdanne seg til å jobbe med næringsmiddelproduksjon. Denne linja har rett nok hatt ein auke i søkarar på 25 prosent frå 2024 til 2025, men det spørst om det monnar. Vil du tippe kor mange søkarar det er – for heile Noreg under eitt?
Svaret er 63. Berre 63 personar ser føre seg ei framtid i ei av Noregs største næringar. I tillegg var 50 lærlingar på jobb med ein lærekontrakt i industriell matproduksjon i 2024, ifylgje statistikk frå Utdanningsdirektoratet. Samstundes syner statistikk frå rapporten «Uten fagarbeidere – ingen matnasjon» frå 2021 at vi alt i 2020 mangla 293 årsverk innan industriell matproduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.