Sosiale medium

Positiv til ei aldersgrense

Regjeringa vil innføre ei aldersgrense på 15 år for sosiale medium. Kaja Hegg frå Redd Barna var kritisk til dette i fjor, men meiner no at forslaga til regjeringa er eit steg i rett retning.

Barne- og familieminister Lene Vågslid, som la fram lovforslaga om aldersgrense, i den munnlege spørjetimen på Stortinget i april i år.
Publisert Sist oppdatert

I førre månad la regjeringa fram Stortingsmelding 32, Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn. Meldinga skildrar korleis skjerm og digital teknologi har endra kvardagen til barn og ungdom drastisk sidan 2000-talet. Stortingsmeldinga framhevar fleire problem med denne utviklaga, mellom anna brot på personvern, skadeleg og upassande reklame, tidleg eksponering for pornografi og vaneskapande design som gjer at barn og unge bruker mange timar dagleg på sosiale medium i staden for andre fritidsaktivitetar.

I fjor sa regjeringa at dei ville heve aldersgrensa på sosiale medium til 15 år. Måndag la regjeringa fram to lovforslag for å setje i verk dette. Forslaga vil gjere tilbydarane av sosiale medium ansvarlege for å sette i verk ein effektiv metode for aldersverifisering og heve aldersgrensa for krav om foreldresamtykke til handsaming av personopplysingar frå 13 til 15 år. Reglane for sosiale medium vil ikkje gjelde for kjøp og sal av varer og tenester, dataspel, lukka chatgrupper og meldingstenester. Me har snakka med Kaja Hegg i Redd Barna om utviklinga og dei nye forslaga.

– Redd Barna har jobba mykje med bruken av sosiale medium blant barn. Kjenner de dykk igjen i skildringa i stortingsmeldinga?

– Me kjenner oss godt igjen i skildringa deira. Redd Barna har vore ein av fleire aktørar til å gje innspel. Me har sett at mange av barns rettar har blitt utfordra i det digitale rommet, og at dette er endringar som har skjedd raskt. Redd Barna er spesielt opptekne av dei vaneskapande mekanismane tenestene bruker, og korleis barn vert eksponerte for desinformasjon og skadeleg innhald, til dømes pornografisk innhald. Forslaga til regjeringa legg vekt på førebygging av kriminalitet, noko som me synest er viktig. Samstundes må me ikkje gløyme at teknologien har positive sider òg.

– Kva meiner du er dei viktigaste drivkreftene bak den urovekkande utviklinga, og kven ber på ansvaret for problema me ser i dag?

– Etter å ha jobba med dette ei stund ser me ei positiv utvikling der folk tenker meir på teknologiselskapa og plattformene sine plikter og ansvar. Det har blitt føreslått at selskapa kan regulere seg sjølve, men det ser ein at dei ikkje kan. Me i Redd Barna meiner – og dette har vore mykje av tankegangen rundt EUs Digital Services Act (DSA, ei EU-forordning med reglar for store teknologiplattformer som Twitter og Facebook, journ.mrk.) – at me må regulere på samfunnsnivå og styrke lovverket slik at selskapa blir forplikta i mykje større grad til å respektere barn sine rettar. Så me er positive til at forslaga til regjeringa dreier seg om ei aldersgrense som er sett av styresmaktene, ikkje bestemt av selskapa sjølve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement