KOMMENTAR
Atomkappløpet kan kome attende
Iran står på terskelen til å utvikle atomvåpen. Samstundes kan det internasjonale systemet som skal hindre atomopprusting, vere i ferd med å smuldre opp.
Generaldirektøren i Atomenergibyrået talar til Tryggingsrådet i FN etter Israels åtak på Iran 13. juni. Dagen før hadde styret i Atomenergibyrået, for første gong på 20 år, vedteke ein resolusjon som slo fast at Iran bryt med dei internasjonale forpliktingane sine.
Foto: Eduardo Muno / Reuters / NTB
Det er alvor no. Førre fredag gjekk Israel til åtak på dei tre viktigaste atomanlegga i Iran og drap ei rekke sentrale vitskapsfolk knytte til det iranske atomprogrammet. Og måndag varsla det iranske utanriksdepartementet at det iranske parlamentet førebur seg på å trekke seg frå Ikkjespreiingsavtalen, som gjer kjernefysiske våpen forbodne for alle som ikkje var atommakter før 1. januar 1967. Slik vil dei iranske styresmaktene fristille seg juridisk til å utvikle atomvåpen.
Reint teknisk er dei i stand til det. Den 31. mai publiserte Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) to kvartalsrapportar om det iranske atomprogrammet. Der kom det fram at Iran no har 9247 kilo med opprikt uran. Rapportane syner òg at Iran er det einaste landet utan atomvåpen som samstundes har uran med over 60 prosent av uran-235. Denne isotopen er naudsynt for å starte ein kjernefysisk reaksjon.
Dette er ikkje langt unna dei om lag 90 prosentane som krevst for å utvikle eit atomvåpen. Det er ingen grunn til å ha så høgopprikt uran om ein vil drive eit sivilt atomprogram, slik styresmaktene i Iran så langt har hevda at dei gjer. Til samanlikning nyttar dei fleste atomkraftverka i verda uran som er opprikt til under 5 prosent.
Taltriksinga
Men det er usikkert om tala til Atomenergibyrået stemmer. Frå 2021 har ikkje Atomenergibyrået hatt full tilgang til å overvake fleire atomanlegg i Iran, skriv dei i dei to rapportane. Overvakingsutstyret som kom på plass i samband med atomavtalen frå 2014, er blitt fjerna av iranske styresmakter. Atomenergibyrået skriv òg at Iran «ved fleire høve ikkje har gitt teknisk truverdige svar på spørsmål frå Atomenergibyrået», og frå 2023 har det iranske regimet systematisk halde tilbake løyve til dei mest erfarne FN-inspektørane.
I røynda, skriv Atomenergibyrået, har dei ikkje lenger full oversikt over uranbehaldninga til Iran, ettersom dei har hatt avgrensa tilgang og resten av tala kjem frå styresmaktene i Teheran. Det er liten grunn til å tru at Atomenergibyrået overdriv dei tala dei har presentert no – det er i hovudsak eit ekspertorgan, kjent for nøkterne, vitskaplege og politisk uavhengige analysar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.