Utanriks

Den nye fedrelandskrigen

Leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Kven er fascistane denne gongen?

I Ukraina har mange tusen sivile meldt seg som frivillige til å kjempe mot russarane og har fått enkel militær opplæring dei siste månadene. Her er ei gruppe frivillige i dei territorielle forsvarsstyrkane under trening i Kyiv 29. januar.
I Ukraina har mange tusen sivile meldt seg som frivillige til å kjempe mot russarane og har fått enkel militær opplæring dei siste månadene. Her er ei gruppe frivillige i dei territorielle forsvarsstyrkane under trening i Kyiv 29. januar.
Publisert Sist oppdatert

Det er vondt og underleg å sjå bileta av sivile ukrainarar som melder seg til teneste i krigen mot russarane. Somme av dei frivillige er uhyggeleg unge, utstyrte med leggskinn og ishockeyhjelm som vern. Andre verkar så altfor gamle til å skulle vere soldatar.

Rett før krigsutbrotet i februar fortalde Reuters om 79 år gamle Valentyna Kostantynovska frå Mariupol – ho hadde nett lært seg å bruke ein kalasjnikov og gjorde seg klar til kamp. Via internettet vart ho straks ein ukrainsk folkehelt. Sivilistar har stått i kø for å få gevær som dei knapt veit att og fram på. Mange ukrainarar har gjort klar molotovcocktails i heimane sine, små brannbomber som dei vil kaste på russiske panservogner –?om dei berre kan kome nær nok.

Ekko av 1941

Om denne breie folkemobiliseringa er heroisk, frykteleg eller båe delar, kjem an på auga som ser. Men ukrainarane viser oss ei fundamentalt anna innstilling til krig enn den vi reknar som normal i Vest-Europa, der forsvaret av fedrelandet er noko folk flest har overlate til dei yrkesmilitære, Nato-alliansen, avansert teknologi og amerikanske atomvåpen.

Den ukrainske motstandsviljen gjev meir meining om vi ser han i lys av historia om korleis den andre verdskrigen råka Ukraina og resten av Sovjetunionen. Og ukrainske styresmakter veit sjølve å spele på den historia.

I Kiev heng det no store plakatar med sitat frå ein gammal sovjetisk kampsong, skreiv The Wall Street Journal denne veka: «22. juni klokka fire om morgonen vart Kyiv bomba, og vi blir fortalt at krigen har byrja.» Den russiske bombinga av byen 24. februar 2022 tok til på omtrent same klokkeslett som den tyske bombinga i juni 1941.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement