Politikk
To snuoperasjonar i UD
Utanriksdepartementet har gjennomført to snuoperasjonar i saka om dokumenta som manglar frå Oslo-prosessen i arkivet. Den første skjedde våren 2006. Den andre i desember 2024.
I mars 2006 fastslo Utanriksdepartementet (UD) at alle som var involverte i Oslo-prosessen, utan omsyn til om dei var tilsette i UD eller ei, plikta å levere alle dokument som vart produserte, til journalføring og arkivering i UD.
Drygt to månadar seinare kom UD til motsett konklusjon.
Frå 2006 og heilt fram til i 2024 hevda UD at arkivet i departementet frå Oslo-prosessen var komplett. Dei mangla ingenting. Først i desember 2024 vedgjekk UD overfor Dag og Tid (10. januar 2025) at det mangla dokument. Prio-forskar Hilde Henriksen Waages funn i israelske arkiv tvinga UD til å snu og vedgå at det mangla dokument i arkivet.
Arbeidsdeling
1. mars 2006 møttest riksarkivar John Herstad og UD for å drøfte kva ein skulle gjere for å «spore opp og sikre dokumenter fra og om forhandlingene mellom Israel og PLO i Norge i 1993». Det galdt dei manglande dokumenta i UD-arkivet, slik Waage hadde avdekt. Dei kom fram til ein avtale om arbeidsdeling. Riksarkivaren skulle gå etter «dokumenter av privat art som vil kunne ha verdi som dokumentasjon og kildemateriale». Utanriksdepartementet skulle ta seg av innhenting av dokument som skulle ha vore i departementets arkiv.
I eit brev frå Riksarkivaren stila til Terje Rød-Larsen, datert 29. mars 2006, heiter det nemleg: «I den utstrekning det kan finnes dokumenter som hører til eller opprinnelig burde ha vært lagt til Utenriksdepartementets arkiver, vil Departementet selv følge opp dette.»
Plikt til å levere
I perioden mellom møtet 1. mars og brevet frå Riksarkivaren vart det arbeidd med saka i UD. 22. mars sender UD brev til Mona Juul med tittelen «Manglende dokumenter tilknyttet Oslo-prosessen». I brevet blir det opplyst at den administrative avdelinga vil «sjekke ut muligheten for at dokumenter kan befinne seg andre steder enn i Utenriksdepartementets arkiv».
Bakgrunnen er «medias fokus på manglende dokumenter i UD sitt arkiv tilknyttet Oslo-prosessen i 1993».
Så skriv departementet: «Aktører uavhengig av formell status eller rolle som opptrer på vegne av en offentlig institusjon er pliktig til å levere dokumenter som skapes til etatens arkiv for journalføring og oppbevaring. At en prosess er hemmelig er ikke et argument for ikke å levere dokumenter til arkiv. Graderte dokumenter iht Sikkerhetsloven og Beskyttelsesinstruksen skjermes iht eget regelverk, både internt og eksternt. Dersom dokumenter ikke kan sendes til arkiv pga sensitivitet skal slike dokumenter leveres til arkiv i etterkant når sakens sensitivitet er redusert. Det betyr at alle dokumenter som ble produsert av ansatte i Utenriksdepartementet i tilknytning til Oslo prosessen er forvaltningsdokumenter og ikke private dokumenter.»
Dette er reine ord for pengane og er knapt til å misforstå: Alle som var involverte i Oslo-prosessen, plikta å levere dokument som vart produserte undervegs, til journalføring og arkivering, meinte departementet 22. mars 2006.
Terje Rød-Larsens negative svar til Riksarkivaren er datert 9. mai 2006. Han skriv at han har «et omfattende privatarkiv, med materiale også fra forhandlingene i Norge».
Men han vil ikkje levere det korkje til Riksarkivet eller til UD.
UD snur
Riksarkivaren «viser til møte og avtale» og oversender svaret frå Terje Rød-Larsen til Utanriksdepartementet 30. mai 2006. Ei veke seinare, 6. juni 2006, sender Utanriksdepartementet ut eit nytt brev merkt «Dokumenter av relevans til Oslo prosessen 1993». I brevet slår ein fast at det ikkje manglar dokument i arkivet til UD. «Dvs. vi har gått gjennom journalen for den aktuelle tidsperioden og alle dokumenter som er sendt til arkiv for journalføring er fortsatt intakt i arkivet. Vi er også klar over at flere involverte personer som deltok i Oslo prosessen ikke var ansatt i Utenriksdepartementet i det gitte tidsrommet, og at disse dokumentene ikke er/vil bli en del av vårt arkiv.»
Dette er altså ein heilt annan konklusjon enn den den same avdelinga i det same departementet hadde drygt to månadar tidlegare. Det er attpåtil dei same to embetspersonane som har underteikna begge breva, men med motsette konklusjonar.
Kva hadde skjedd i mellomtida? Og kva var motivet for snuoperasjonen?
Leidulv Namtvedt var ekspedisjonssjefen og avdelingsdirektøren som underteikna dei sentrale dokumenta. Han vil ikkje svare på spørsmål om saka. Han seier minnet hans ligg i UD, og at han skal svare om han blir kalla inn til gransking.
Det er vanskeleg å sjå for seg at embetsverket i UD kunne avgjere så viktige spørsmål utan at den politiske leiinga i departementet var involvert.
UD braut avtalen
Dag og Tid har dokumentert at Utanriksdepartementet ikkje kontakta Terje Rød-Larsen med sikte på å spore opp dokument frå Oslo-prosessen. Dette inneber at UD ikkje fylgde opp den «arbeidsdelinga» som var avtalt mellom Riksarkivaren og departementet før Herstad sende brev til Rød-Larsen i mars 2006. Med andre ord braut UD avtalen med Riksarkivaren.
Departementet har forklart at dei såg på Terje Rød-Larsen som «privatperson». Samstundes har UD vedgått overfor Dag og Tid at det aldri vart laga ei juridisk vurdering av spørsmålet som definerte Rød-Larsen som «privatperson».
Dag og Tid konfronterte i desember 2024 statsminister Jonas Gahr Støre med opplysningar om at han stansa pågangen mot Terje Rød-Larsen i 2006 av di han ville dra nytte av Rød-Larsens nettverk. Støre svarte korkje ja eller nei. Svaret var «ingen kommentar».
No kan han rekne med å få spørsmålet på ny – frå kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.