Tysklands økonomi opplever den verste krisa sidan andre verdskrigen, er bodskapen frå tysk industri, men Merz-regjeringa klarer ikkje å snu utviklinga.

FILE - Thousands of new cars of German car makers park unsold at a logistic center in Essen, Germany, when Europe's biggest economy is in crisis, Friday, Nov. 29, 2024. (AP Photo/Martin Meissner, File)

 
 
Resesjon

Tysk nedtur

Tusenvis av nye tyske bilar står uselde på eit logistikksenter i Essen i Tyskland i november i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei gjengs oppfatning at sparsemd, økonomisk fornuft og Ordnung muss sein er tyske dydar.

Landet er kjent for innovasjon i lange baner og store profittar, og har i fleire tiår vore Europas økonomiske industrilokomotiv. Men gamle sanningar gjeld ikkje lenger – dei høyrer fortida til.

Vinteren 2025 er Tyskland prega av avindustrialisering, haltande digitalisering og investeringar som flyttar utanlands.

Sjølv om Tyskland framleis er rikare enn dei fleste andre land, har lokomotivet byrja å harke og pruste etter tre–fire år med økonomisk nedtur. Dei får ikkje lenger billeg energi frå Russland, og den globale leiarposisjonen innan bil- og maskineksport har dei måtta overlate til kinesarane. Vinteren 2025 er Tyskland prega av avindustrialisering, haltande digitalisering og investeringar som flyttar utanlands.

Dette er bakgrunnen for at mange leiande økonomar i Tyskland rasar mot koalisjonsregjeringa til CDU/CSU (kristendemokratane) og SPD (sosialdemokratane). Dei brukte nemleg ikkje den omfattande, nye pensjonslovgjevinga til å løyse nokre av dei mange økonomiske strukturproblema.

På fredag vedtok den tyske forbundsdagen – etter fleire månader med bitter strid – ei rundhanda, ny pensjonslov som i samband med juletida òg blei kalla «pensjonspakken». Denne pakken hadde 22 av dei fremste økonomane sett nærare på – og funne for lett. Dei gav han strykkarakter og bad i avisa Handelsblatt regjeringa om å «trekkje heile pensjonspakken tilbake».

Dei går i staden inn for ein «finanspolitisk berekraftig» pensjonspolitikk som reduserer dei statlege utgiftene og omfattar eit «langtidsperspektiv» for dei yngre som er på arbeidsmarknaden no. Ekspertane har fått støtte frå tjue unge, opprørske parlamentarikarar frå CDU/CSU, som meiner at lova ofrar interessene til generasjonen deira. Ei stund var forslaget nær ved å bli nedstemt, noko som ville ha svekt autoriteten til forbundskanslar Merz. Men på fredag fekk regjeringa eit knapt fleirtal for lova, som no har blitt vedteken i Berlin.

Under debatten hevda den konservative Friedrich Merz (CDU) at pakken var ei nødvendig «opptakt» til ei større reform av det tyske velferdssystemet, og at pakken eigentleg heller ikkje var heilt i hans ånd. 

For det er jo slik at pensjonspakken var ei «godtgjersle» til regjeringspartnaren SPD, sidan sosialdemokratane måtte gå med på noko heilt anna som dei ikkje er særleg begeistra for, nemleg den strenge innvandringspolitikken til forbundskanslar Merz.

Byrder på dei unge

Den omstridde pakken vidarefører den noverande pensjonsalderen på 67 år og garanterer at pensjonsutbetalinga til vanlege arbeidarar ikkje blir lågare enn 48 prosent av den tyske gjennomsnittsløna. Det er nettopp dette som er altfor rundhanda, ifølgje dei 22 økonomane. Mellom desse finn ein òg nokre av rådgjevarane til regjeringa.

Dei argumenterer for at lova til regjeringa vil forverre «dei strukturproblema i pensjonssystemet som er knytte til demografi», og viser til eit anna stort problem som Tyskland slit med i 2025:

Det blir stadig fleire pensjonistar, og dei må forsørgjast av stadig færre yrkesaktive.

Landet har ein av dei eldste folkesetnadene. Det blir stadig fleire pensjonistar, og dei må forsørgjast av stadig færre yrkesaktive. Dette skjer via ein såkalla pay as you go-modell, der dagens innbetalingar frå lønsmottakarar og arbeidsgjevarar går direkte til å betale dagens pensjonistar. Dette skjer utan at ein i større grad – som til dømes i Skandinavia – supplerer modellen med individuell opptening.

Dette gjer den tyske pensjonsmodellen ekstremt sårbar dersom det blir færre yrkesaktive i forhold til talet på pensjonistar, eller dersom det går veldig dårleg med økonomien – og no er begge delar tilfelle. Det tyske pensjonssystemet må difor i stadig større grad bli finansiert av statskassen – og dermed av skattebetalarane. Ifølgje ifo-instituttet i München er det snakk om over ein tredel av alle skatteinntektene til staten.

Når Merz & co. lèt dette systemet halde fram, strir det mot «den omstillinga som mange meiner er nødvendig», skriv Jochen Buchsteiner, som er politisk redaktør i Frankfurter Allgemeine Zeitung.

«For kva har ein eigentleg oppnådd med denne pensjonspakken? CDU/CSU gjekk til val på å setje i gang eit politisk skifte – ikkje minst i den økonomiske politikken. Med det lovforslaget som no er vedteke, vil både skattebøra og sannsynlegvis også arbeidskraftskostnadene skyte ytterlegare i vêret.»

Alarmklokkene ringjer òg hjå den vidgjetne professoren Clemens Fuest ved ifo-instituttet. Han sa nyleg på TV-stasjonen ARD:

«Alle veit at vi får færre skatteytarar framover. Og no har ein vedteke noko som vil belaste framtidige statsbudsjett med 12 milliardar euro kvart år i tillegg til det som allereie er avtalt i regjeringsplattforma. Difor lèt vi statsbudsjettet gå i minus. For regjeringa har veldig mange prosjekt som òg må finansierast: investeringar i opprusting eller i den nedslitne infrastrukturen.»

Fuest peikar med dette på det generelle hamskiftet som har prega tysk finanspolitikk dei siste månadene: Ein har gått bort frå das schwarze Null – det vil seie statsbudsjett utan raude tal, altså utan underskot.

For no blir finanspolitikken lånebasert og ekspansiv. Forbundsdagen vedtok sist veke ei finanslov som – i tillegg til fleire spesialfond – aukar dei årlege statlege utgiftene med cirka 100 milliardar euro til over 630 milliardar euro.

Dette skal gå til ekstraordinære investeringar i forsvar, klimatiltak og infrastruktur. Forsvarsutgiftene aukar til dømes til 108 milliardar euro. Dette er nesten ei fordobling på nokre få år og det høgaste nivået sidan den kalde krigen.

Denne finanslova er det mest spektakulære forsøket i moderne tysk historie på å investere seg ut av den økonomiske krisa. Det er ei krise der ein ventar at veksten i 2025 vil bli på berre 0,2 prosent. Men sjølv med svært ekspansive tiltak vil veksten truleg berre stige til 1,2 eller 1,3 prosent i 2026. Enno er det ikkje noko oppsving i sikte.

Industri i fritt fall

Difor får regjeringa òg sterk kritikk frå mange næringslivsorganisasjonar. Førre veke erklærte den tyske industriorganisasjonen BDI at «Tysklands økonomi opplever den verste krisa» sidan andre verdskrigen. BDI oppmoda ifølgje nyheitsbyrået AFP regjeringa til forbundskanslar Friedrich Merz om å handle raskt for å kickstarte ei omstilling.

«Økonomien er i fritt fall, men regjeringa viser ikkje nok handlekraft», sa Peter Leibinger, leiaren for BDI.

Han og andre næringslivsleiarar seier at Tyskland står overfor ein «perfekt storm» der situasjonen kan bli endå verre. Det er òg eit problem at Kina kan bli ein stadig større konkurrent for tysk industri. Det asiatiske landet er betre på KI-teknologi og har nærmast monopol på sjeldne jordartar. I tillegg har USA under Trump innført omfattande tollsatsar på tyske produkt, og ingen veit enno kva effekten av dette vil bli.

Ein mann arbeider på stålfabrikken til Thyssenkrupp i Duisburg i Tyskland. Fabrikken slit på grunn av tøff konkurranse frå Asia.

Næringslivsleiarar uttrykkjer i stadig større grad frustrasjon over forbundskanslar Merz, som ikkje har halde det han lova i valkampen. Han har ikkje klart å takle alle dei underliggjande problema, som til dømes den kroniske mangelen på arbeidskraft og dei tunge byråkratiske byrdene.

«No treng Tyskland eit skifte i den økonomiske politikken. Ein må prioritere konkurranseevne og vekst», la Peter Leibinger til.

Brian Fürderer, grunnleggjaren av Microqore Medical, den tyske hightech-produsenten av kirurgisk utstyr, er einig i denne vurderinga. Han meiner at økonomien stagnerer på grunn av overregulering og mangel på innovasjon.

«I Tyskland finst det nesten ikkje noko entreprenørskap lenger», sa han til nyheitsbyrået AFP.

«Bilprodusentane er ikkje lenger dei fremste … Og eg meiner dette er rota til problemet: Nyskapande idéar er ikkje lenger noko ein fremjar eller ønskjer.»

Merz har forsvart innsatsen til regjeringa og sagt at det vil ta tid å få økonomien på rett kjøl att. Han har peika på reformer som allereie er gjennomførte – mellom anna reduksjon av selskapsskatten og lågare straumprisar for industrien.

Tyskland har over 100.000 produksjonsverksemder av ulik storleik som ifølgje industriorganisasjonen BDI sysselset over 8 millionar menneske. Men den siste tida har det vore ein evig straum av oppseiingar og nedleggingar, særleg i den kriseråka bilsektoren.

I år har 23.900 verksemder gått konkurs. Dette er det høgaste nivået på over ti år.

Dei aktuelle tala frå kredittvurderingsselskapet Creditreform dokumenterer at det tyske næringslivet opplever den mest alvorlege krisa på fleire tiår. I år har 23.900 verksemder gått konkurs. Dette er det høgaste nivået på over ti år.

IG Metall, den fremste industrifagforeininga i Tyskland, har kome med ei fråsegn til AFP. Der seier dei at situasjonen for tysk industri «utan tvil er alvorleg, men heilskapsbiletet er meir nyansert enn det ofte blir framstilt som».

Innan industriar som «romfart, medisin- og energiteknologi, jernbaneproduksjon og forsvar er situasjonen generelt sett god», legg fagforeininga til. Dei håpar at dei mange tusen arbeidsplassane som forsvinn i bilindustrien og i andre sektorar, kan bli erstatta av nye stillingar i forsvarsverksemder. Desse verksemdene vil no trenge mange nye tilsette, sidan europeiske land rustar opp som svar på den auka trugselen frå Russland.

Men dette kan òg vise seg å vere ønskjetenking. Hans Christoph Atzpodien, som leier bransjeorganisasjonen til våpenindustrien, kom nyleg med ei åtvaring: Veksten i den tyske forsvarssektoren kan berre delvis vege opp for tapa til dei tyske bilprodusentane, som tidlegare var verdsleiande.

Einerett: Weekendavisen / Dag og Tid

Omsett av Signe Bergvoll