Historie
Tre unge tidsvitne
Tre unge blei sentrale aktørar og tidsvitne. Impulsane til radikaliseringa deira kom frå organisasjonen En verden, ein radikal sosialantropolog, ein konservativ idéhistorikar og ein sosialetikar.
Ei betutta forsamling etter at Kristeleg Folkeparti sikra seg statsministeren i regjeringa Korvald hausten 1972. Frå venstre: Per Borten, John Dale, John Austrheim, Arne Haugestad, Erling Engan og Hans Borgen. Pedro i VG 2. oktober 1972.
Foto: Nasjonalbiblioteket
På 1900-talet blei den vestlege livssyklusen delt inn på ny. I tusenvis av år hadde menneska gått rett frå barn til vaksen, som oftast markert med eit overgangsritual. I 1950-åra blei ungdom ein ny sosial og mental kategori med eigne kulturelle referansar og haldepunkt i populærkulturen, og the teenagers kravde sin plass.
Mange fleire enn før engasjerte seg politisk i eller utanfor parti, det er så, men meiningsytringane gjorde mest av seg i gymnas- og universitetsmiljø. For etterkrigsbarna blei store utdanningsvegar opna, lenge meir for byungdom enn for bygdeungdom. Fleirtalet av dei unge var derimot heilt andre stader. Takk vere Statens lånekasse for utdanning kunne store grupper frigjere seg økonomisk frå foreldra, og mang ei mor – veldig ofte mor – oppmuntra barna til å skaffe seg den utdanninga ho sjølv ikkje hadde kunna få.
Denne akademiseringa streva særleg arbeidarrørsla lenge med å handtere, men også i det politiske sentrum oppstod sterke brytingar. Det dei unge mangla av livsrøynsle, tok dei att i empirisk og teoretisk kunnskap. Politikk blei debatt med fotnotar.
Dale, Dørum, Bondevik
Tre sentrale ungdomspolitikarar inn mot 1970 var John Dale frå Dalekvam, Odd Einar Dørum frå Trondheim og Kjell Magne Bondevik frå Molde. Alle tre var leiar i den partipolitiske ungdomsorganisasjonen sin og tok akademisk utdanning. Sjølvforståinga deira viser fellestrekk, men også klare skilnader ved oppbrotet i sentrum.
John Dale (fødd 1940) blei strategen med nettverk. Han var odelsgut heime, sterkt knytt til gard og ætt, og svært interessert i politikk. «Eg lytta minst like mykje på Dagsnytt som på Barnetimen», fortel han i eit kjeldeintervju. Han forma tidleg ein tanke om at det gjaldt å setje seg politiske mål. På Voss landsgymnas hadde han ein god ven i Bjarte Botnen i Unge Venstre-laget på skulen. «Du må jo finna på noko, du òg?» spurde Botnen. Dale svara med å skipe elevlag av Bygdefolkets Ungdomsfylking (Senterungdommens Landsforbund frå 1962). Sjølv seier han at to personar var særleg viktige idémessig for han i 1960-åra. Den eine var antropologen og sosialisten Ottar Brox, med omgrep som Dale og Senterungdommen tok i bruk utan å gå vegen om marxisme og klassekamp – lokalsamfunn, teknokrati og populisme. Den andre var den konservative idéhistorikaren Lars Roar Langslet. «Eg syntest det var interessant både å lesa og høyra på han», seier Dale som knytte Langslets tankar om det frie, sjølvstendige mennesket til den desentralistiske måten å tenkje på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.